ISRAEL: KrF har i sitt program gitt størst plass av dei seriøse stortingspartia til omtale av Israel og Midtausten. Det er fordi ein tek Israels situasjon på alvor, skriv Torill Selsvold Nyborg og Karl Johan Hallaråker. Illustrasjonsbilde: Fotolia

Israel og Stortingsvalet

fredag 8. september 2017

Samfunn

Eit styrka KrF i Stortinget den 11. september vil gi sterkare støtte til ei israelsvennleg nasjonalforsamling.

Valdagen 11. september nærmar seg. Vi to som skriv dette deltek i valkampen på ulike felt. Torill som 2. kandidat for KrF i Hordaland deltek i ei lang rekke debattar, intervju og besøk rundt i fylket, på stands og i samtale med den gjevne mann og kvinne. Karl Johan deltek i valkampen i debattspalter, diskusjonar, på stands og med å svara på spørsmål frå folk ut over landet som tek kontakt.

Eit spørsmål vi har fått - som ikkje ofte har vore i media i denne valkampen - har vore dette: Kvar står KrF i forhold til Israel?

Når Torill har fått spørsmålet er det gjerne fordi ho med eit godt val, får sete i Stortinget. Ho har alltid vore ein interessert venn av Israel. Karl Johan har jo skreve fleire israelsbøker, ei lang rekke kronikkar, halde mange foredrag om emnet, og delteke gjennom mange år i TV og radio i debattar om temaet - til forsvar for Israel. Han opplever stor tillit til sitt israelsengasjement mellom israelsvenner. Vi ser difor israelsspørsmålet som eit særs viktig tema, og vil gjerne svara her - sjølv om det lyt koma i kortform.

1) KrF har i sitt program gitt størst plass av dei seriøse stortingspartia til omtale av Israel og Midtausten. Det er fordi ein tek Israels situasjon på alvor. KrF er eit viktig parti som står opp for Israel i norsk og internasjonal politikk. Dette kjem også til syne med at KrF er det einaste partiet i Stortinget der alle representantane er medlemmer i Israels venner på Stortinget. KrF har også i fleire periodar vore med i leiinga i denne gruppa - med Hans Olav Syvertsen og Hans Fr Grøvan som dei siste.

2) KrF er på vakt mot politiske straumdrag som vil krenka Israel - enten det er i form av boikott av israelske varer eller ein hindrar samarbeid med Israel. KrF pustar norske utanriksministrar i nakken når ein oppdagar at dei ikkje er aktive nok i handling mot urett mot Israel. Eit nyare døme er når palestinske styresmakter brukar norske midlar til lønn til terroristar som belønning for angrep mot Israel, i staden for hjelp til utdanning for dei som skulle hjelpast.

3) KrF har i mange år vore talsparti for at den norske ambassaden i Israel skulle bli flytta til hovudstaden Jerusalem. Vi veit at det er eit vanskeleg spørsmål i fleire samanhengar. Jfr det som skjer i Trump administrasjonen. Vi kan seia klart - med støtte frå heile partiet: KrF vil gå i front for å få dette til så snart det kan bli politisk mogeleg. Dersom USA som stormakt får det til, burde det også kunna gjerast av Norge. Det vil ikkje stå på KrF.

4) KrF har i lang tid vore i front for å kjempa mot antisemittisme i samfunnet. Det har partiet gjort både gjennom politisk deltaking i det offentlege ordskiftet, samarbeid med jødiske organisasjonar og med konkrete handlingsplanar i skule og undervisning.

5) Konklusjonen er klar: Eit styrka KrF i Stortinget den 11. september vil gi sterkare støtte til ei israelsvennleg nasjonalforsamling. KrF treng difor di støtte til eit godt israelsval også!

Karl Johan legg også til ein setning: Send Torill til Stortinget, så blir det ekstra tyngde bak dette innlegget!

-----

Les også:

Støre: KrF-samarbeid uaktuelt

Kjære Knut Arild Bondevik uten innhold

Hareide freder Solberg, men ikke i fire år

Bondevik advarer mot å stemme PDK

------

Les deg opp på partiene

Hvilke verdispørsmål er viktige for deg?

Dagen har gjort et dykk ned i ti politiske partiprogrammer for å gjøre deg litt klokere.

Presentasjonen bygger på partienes politiske arbeidsprogram for stortingsperioden 2017-2121.

Listen er ikke en utømmende oversikt over partienes politikk, men over hovedpunkter:

Dette mener Arbeiderpartiet  

Dette mener Frp  

Dette mener Høyre  

Dette mener Kristelig Folkeparti

Dette mener Miljøpartiet De Grønne  

Dette mener Partiet De Kristne

Dette mener Rødt

Dette mener Senterpartiet  

Dette mener Sosialistisk Venstreparti  

Dette mener Venstre  

 

* Har du stemt? Hvilke verdispørsmål er viktige for deg? *