Går du for 1000-årig suksessoppskrift eller vil du eksperimentere?

Vi står ved eit vannskille i vårt kjære Norge no rett før valet. Som veljarar har vi ein unik muligheit til å påverke korleis utviklinga i landet skal bli i åra framover. Å sitje heime på valdagen er ikkje eit alternativ. For vi må våge å meine noko. Vi må kjempe for det vi har kjært.

Nokre røyster hevdar at alt er relativt i tilværet. At alt er flytande og ingenting står fast. Og nokre ihuga relativistar meina oppriktig at å flytte århundregamle samfunnsberande grenser, ja å ta dei heilt bort, er å gjere samfunnet ei teneste. Ordet fridom blir brukt. Og likestilling og toleranse.

Tenk etter. Tenk tilbake på partia sine landsmøte på vårparten. Ikkje alltid stiller journalistane dei kritiske spørsmåla eller får med seg det som går under radaren. Kva har du lest sjølv? Nokre parti er villige til å eksperimentere vedrørande eit tredje kjønn, surrogati og egg- og sæddonasjon. Nokre fekk det vedtatt, andre ikkje. Men eit mønster er tydeleg. I mange parti er dei kreftene sterke som vil likestille nye og uprøvde samlivsordningar med mor-far-barn-konstellasjonen fundert i vår 1000-årige kristne arv og historie.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Partiet De Kristne tek borna si side når det relative no utfordrar det tradisjonelle. Borna har blitt eit middel og eit offer i den pågåande kjønns-, samlivs- og egg/sæddonasjonskampen. Ingen har dokumentert at omsorgspersonar kan erstatte mor og far som oppdragarar og tryggleikspersonar for borna. Og, det er viktig å løfte fram at det er ikkje ein menneskerett å få barn, men det er ein menneskerett for borna å kjenne si mor og sin far.

Om kjønnsideologi seier Partiet De Kristne dette i sitt program: «Partiet De Kristne vil tydeleg vedkjenne seg naturen sine to kjønn, og løfte fram forskjellen i alle livet sine fasar. Eit mindretal si subjektive oppleving av kjønnsidentitet skal ikkje slette ut den allmenne orden og gjerast til norm for det store fleirtalet. Vi vil som berande prinsipp i all lovgjeving forholde oss til dei objektive størrelsane mann og kvinne, og heller lage unntaksordningar der det måtte vere nødvendig.»

Sjekk ut kva partiet du har tenkt å stemme på meiner om desse spørsmåla. Vi håpar sjølvsagt at vi, med vårt standpunkt, kan vere verdig di stemme. Stem nytt, stem trygt, stem Partiet De Kristne måndag 11. september.