Alliansen Verdipartiet

Det er mykje som står på spel i landet vårt, familieverdiar, demokrativerdiar, kristne verdiar og mykje meir. Kven vil følgje opp dei klassiske verdiane som fleire parti tok vare på før i tida?

Norge Idag og andre media har skrive ein god del om spenningar iPartiet De kristne.

Ein nestleiar har gått ut. Det har vore samtalar mellom småpartiaKystpartiet,Demokratane ogKristent Samlingsparti om ein allianse medSteinar Bastesen som førstemann på ei felles stortingsliste. Dette glapp med ei stemme på Kystpartiet sitt landsmøte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fleire vil nå danne ein ny allianse og kalle den «Alliansen De Verdikonservative». Kanskje kunne ein kalle partiet «Alliansen-Verdipartiet» (AVP, eller Verdipartiet – En Allianse) med undertekst om kva verdiar ein vil legge vekt på.

Det er mykje som står på spel i landet vårt, familieverdiar, demokrativerdiar, kristne verdiar og mykje meir. Kven vil følgje opp dei klassiske verdiane som fleire parti tok vare på før i tida?

Det er tankevekkande at det varVenstre som sikra «lekmannsrørsla» fridom på fleire områder for meir enn hundre år sidan. Dei verdiane blei rekna som «liberale» (ikkje konservative) i forhold til embetsmakta. Og det var ikkje minst representantar fråSenterpartiet som skjøna kva som var på gang fram til 2012 då det klare kristne verdigrunnlaget i Grunnlova blei teke bort.

Før det hadde høgremannenInge Lønning med sitt klare nei til nyekteskapslov forsøkt å stanse ei lov som på ingen måte var utreda, og som var umuleg, understreka han igjen og igjen (2007-2008, sjå media). To av same kjønn kan aldri bli eit ekteskap, slo han fast, i samsvar med naturrett og skaparordning, og meinte at ei slik lov ville bli kortare enn alle andre lover i norsk historie. Han fekk ikkje Høgre med seg. Men vil han få rett?

Eit verdiparti grunna på klassiske demokratiske verdiar tufta på den kristne arven må ein bare ønske hjartans velkomment. Det gjeld også nøktern vurdering av kven som erflyktningar til landet vårt, media fortel at det er få frå Syria, men mange økonomiske flyktningar frå Afrika, forholdet tilIsrael, og meir reell forståing av kva som er verkeleg hjelp til utviklingslanda.

Eit slikt parti må ikkje falle pladask for «klimahysteriet». Klimahysteriet mellom politikarar, samfunnssynsarar og i dei store media er no i ferd med å skape klimasvermeri i det norske folket. Eit klimahysteri som kan kome til å øydelegge for eit realistisk og naturleg politisk samhold der folk flest framleis kan få tenkje sjølve og bestemme over eige liv.