Dei bitre fruktene

Kvifor #MeToo? Svaret er enkelt om ein er villig til å lytte. Bonden har erfaring med det. Som ein sår, haustar ein. Sår ein ugras, så haustar ein ugras.

Over heile den vestlege verda vert stadig nye overgrep avdekka i #MeToo-saka. Det heile starta i filmens Mekka – Hollywood i USA. Det byrja med anklager mot ein regissør som hadde vunne eit stort antal Oscar-prisar.

Han er ein av dei som har fått mest ære i filmindustrien. Saka får stadig større omfang, og no står ein uteljeleg skare av kvinner fram over heile den vestlege verda – også i Noreg, og vitnar om liknande erfaringar i ulik grad.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For ein del år sidan hadde me besøk i mi heimbygd av den no avdøde rektoren og forkynnaren Hans Erik Nissen frå Danmark. Han sa: «Hadde mine besteforeldre kommet inn i vår verden i dag, ville de ha opplevd det som et stor horehus.» Kvifor er det vorte slik? Det har nok fleire årsaker, men hovudårsaka ligg gjerne i dette at me i vesten er vorte avkristna kulturar der synda og djevelen igjen får makt i folket.

Filmindustrien i Hollywood har nettopp vore ein eksponent for å spreie ubibelsk moral. Desse som no er anklaga har praktisert det dei gjennom sine filmar har eksponert. Filmane dei har skapt, har vorte premierte med Oscar-statuettar. Folket har sjølv hylla dei for å spreie denne umoral over heile verda.

Difor kan ein spørje: Kvifor #MeToo? Svaret er enkelt om ein er villig til å lytte. Bonden har erfaring med det. Som ein sår, haustar ein. Sår ein ugras, så haustar ein ugras.

Likevel er det ingen bonde som sår ugras, dette må fjernast. Men i sjelslivet gjeld akkurat dei same livslover. Difor seier Bibelen: «Det eit menneske sår, det skal han òg hausta.» Gal 6:7 Difor sig mørket atter innover våre vestlege kulturar.

Synd og umoral er sådd, men djupast sett er det fråfallet frå Guds ord som er årsak til det som no skjer. Då bibelkritikken kom på 1800-talet, fekk den innpass mellom Guds folk.

I dag finst det knapt kristne læreinstitusjonar i Vesten som held fast på at syndefallet er historisk. Djevelen har fått innpass med sitt spørsmål: – Har Gud verkeleg sagt? Bibelens ord vert håna, spotta og forkasta. Synda er ikkje lenger synd mot Den Heilage Gud. Djevelen si gift er sådd ut i våre folk og nasjonar, og no skal Den norske kyrkja til og med få ritual for å velsigne synda og det Gud hatar!

Det er dei bitre frukter frå Hollywood ein no får erfare. Pitirim A. Sorokin (1889–1968) var professor i sosiologi ved Harvard University i USA i mange år. Han skreiv boka «Den amerikanske sexrevolusjonen» som kom ut i Norge i 1998.

Her omtalar han seksualiseringa av den amerikanske kulturen gjennom litteratur, film, fjernsyn og radio. Det å vere utru vert rekna som det normale.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det som før vart demoraliserande vert omtalt som moralsk framgang og ein ny fridom. Men forskingsresultata hans viser at fruktene av denne seksuelle revolusjonen fører til store helseskader for folket. Han viser også til korleis kulturar har gått til grunne der umoralen tok overhand.

Sorokin er sjølv oppvaksen i Russland og viser kva som skjedde i Sovjetunionen på slutten av 1920-åra. Jon Kvalbein skreiv om dette i ein kronikk i Dagen 24.5.2005:

«I det første stadiet av revolusjonen (1918–26) forsøkte lederne med viten og vilje å ødelegge ekteskapet og familien. Fri kjærlighet ble lansert med ‹glass med vann›-teorien: Det var uvesentlig hvilket glass man drakk av så sant tørsten ble slukket.

Lovens skille mellom ekteskap og tilfeldig samleie ble opphevet. Loven talte nå bare om ‹kontrakter› mellom mann og kvinne, men disse kunne gjøres for en avgrenset periode – et år, en uke eller en eneste natt!

En kunne skilles så mange ganger en ville. Skilsmissen kunne til og med skje uten at den andre parten ble underrettet. Bigami og polygami var tillatt, og førekteskapelige forhold ble oppmuntret.

Hva ble resultatet? På få år ble horder av ville, hjemløse barn en samfunnsfiende for det sovjetiske samfunnet. Millioner av liv forliste. Skilsmissetall og antall aborter steg voldsomt.

Hat og konflikter førte til at arbeidet i de nasjonaliserte fabrikkene stagnerte. Resultatet var så sjokkerende at regjeringen ble tvunget til å reversere politikken. Lovgivningen ble skjerpet. Myndighetene begynte å kjempe for seksuell renhet før ekteskapet. Adgangen til skilsmisse og abort ble sterkt begrenset.

Og den negative utviklingen ble snudd i positiv retning omkring 1930, da tiltakene for å tøyle sexfriheten var praktisk talt fullført. Dette samfunnseksperimentet er lærerikt fordi det skjedde i omfattende målestokk over kort tid og innenfor det samme samfunnssystem.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men ein lærde ikkje, og må gjere same erfaringar på ny. Kulturane raknar når bibelske sanningar om menneske, om ekteskapet, om fosterdrap, om synda og så vidare, vert halden nede og forkasta. Gud let folket få det som dei vil, til deira eigen undergang.

Alle dei tragiske hendingar me no får høyre om i media, er frukter av den synd som er sådd, og verre vil det verte om me som folk og land ikkje vil vende om til Herren. Men der synd vert erkjent som synd innfor Gud, der reinsar Jesu blod frå all synd også i dag.

Kva er det me treng? Me treng bibelsk vekking i vårt folk og land, der me i vårt hjarta erkjenner som Daniel og ber: «Me har synda og bore oss ille åt, vore gudlause og trassige. Vi har vike av frå boda dine og lovene dine … Herre, høyr! Herre, tilgje!» Dan 9–10. Då kan me atter få erfare Elias Blix si songstrofe: «Du sende ditt ord til Noregs fjell og ljos over lande strøymde.»