Misjon som mentalhygiene

Tor B. Jørgensen, det kan også vera god mentalhygiene i å kunna gleda seg i lyset og i Jesu frelsesverk framfor å vera i mørket, men så lenge ein eig lyset og frelsa anten ein veit det og trur det eller ikkje, er og vert det ikkje noko anna enn mentalhygiene å få vita det og tru det.

Eg takkar biskop emeritusTor B. Jørgensen forhans svar til meg.

Jørgensen er i alle fall ein mann som står for sine meiningar og som svarar på utfordringar. Sjølv om den pensjonerte biskopen svarar eintydig «nei» til atmisjon vert nedtont til mentalhygiene, moral og omsorg, når ein lærer at alle vertfrelste til slutt, kan eg ikkje sjå anna enn at innhaldet i svaret er eit «ja».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jørgensen gjev ei rekkje grunnar for sitt nei, men når ein går argumentasjonen og språkbruken etter i saumane, vert det lite substans i svaret, og det er ingen ting i svaret som seier atmisjon er forkynning tilfrelse, i klassisk meining av ordet. Det seier at det misjon og forkynning går ut på, er nettopp omsorg og mentalhygiene, ikkje frelse.

Jørgensen talar om at nokre er «fortapte» og «dømte», men det er berre i subjektiv meining, ikkje objektivt sett. Denne tilstanden er dei i, fordi dei er utantrua si gåve og er i mørket. Ved at dei får høyra omJesus og hans frelsesverk, kan dei vert opplyste, koma til tru og slik koma ut av mørket. Alt dette er på eit subjektivt plan her og no, ikkje noko som endrar på den objektive situasjonen og sjølve æva. Alle har nemleg uavhengig av deira tru, opplysning og andre personlege forhold del i de evige frelse i kraft av Jesu frelsesverk.

Det er denne måten å forstå misjon ogforkynning på, som eg har omtalt som omsorg og mentalhygiene. Mennesket vert på denne måten vist den omsorga her i livet at dei kjem ut av den «fortapte» stillinga det er å vera i mørke og utan tru, altså uvitande om det dei objektivt sett eig i Jesus.

Det er at dei ikkje har skjøna at Jesus er lyset og at han har vunne ein endeleg siger for alle, som er fortapinga. Det er sjølvsagt god mentalhygiene og god omsorg å føra folk ut av den villfaringa og den fortvilinga det kan vera å ikkje vita at dei eig del i frelsa.

Det kan også vera god mentalhygiene i å kunna gleda seg i lyset og i Jesu frelsesverk framfor å vera i mørket, men så lenge ein eig lyset og frelsa anten ein veit det og trur det eller ikkje, er og vert det ikkje noko anna enn mentalhygiene å få vita det og tru det.

Det ligg ingen overgang frå ein evig fortapt stilling til evig frelse i dette, ingen overgang frå Satans rike til Guds rike, ingen overgang frå døden til livet, ingen overgang frå å vera under Guds vreide til å eiga Guds herlegdom.

Les også: