Hans Olav Tungesvik levde nær Jesus og nær menneske. Det er ei sann eldsjel med eit varmt hjarte, eit klart hovud og ein usedvanleg formuleringsevne som no er gått bort, skriv KrF-leiar Knut Arild Hareide.  Foto: Eivind Algrøy

Hans Olav Tungesvik er gått bort

fredag 16. juni 2017

Dette innlegget er en respons på "KrF-veteran døde etter sykkelulykke"

Samfunn

Hans Olav Tungesvik levde nær Jesus og nær menneske. Det er ei sann eldsjel med eit varmt hjarte, eit klart hovud og ein usedvanleg formuleringsevne som no er gått bort.

Med tidlegare stortingsrepresentant Hans Olav Tungesvik er ein av veteranane i Kristeleg Folkeparti gått bort.

Måndag 12. juni la han ut på ein sykkeltur, som den sprekingen han var. Diverre kolliderte han med ein bil, vart hardt skadd og fredag 16. juni døydde han på Haukeland sjukehus. Han vart 81 år gamal. Slik vart ein lang arbeidsdag for samfunn og medmenneske avslutta.

Hans Olav Tungesvik vart cand.med. frå Universitetet i Oslo i 1964 og spesialist i psykiatri i 1975. Som psykiater vart han rekna blant dei fremste i landet.

Si politiske innsats byrja han i partiet Venstre, og var mellom anna fylkesleiar i Hordaland Venstrelag frå 1972 til 1974. Men i 1975 meldte han seg inn i KrF, og var aktiv her gjennom meir enn 40 år. Så seint som då han vart 80 år var han styremedlem i Etne KrF. Han har stått last og brast med partiet i medgang og motgang, og var aktiv både i det offentlege ordskiftet og internt i organisasjonen.

Ved valet i 1977 kom Hans Olav inn på Stortinget som representant for Hordaland KrF, og var stortingsrepresentant i to periodar. Både som lege og politikar profilerte han seg særlig sterkt i kampen for det ufødde liv.

Som stortingsrepresentant var han medlem av Kyrkje- og undervisningskomiteen og den utvida utanrikskomiteen. Trass i ein etter forholda kort karriere som stortingsrepresentant, vert Hans Olav Tungesvik huska som ein dyktig parlamentarikar. At det ikkje vart fleire periodar på Løvebakken, var hans eiga avgjerd. Han følte rett og slett at han vart for mykje borte frå kona Liv og dei fem borna deira.

Etter tida på Stortinget grunnla han Frihamn-senteret i Skånevik, som er et psykiatrisk hjelpetilbod ute i distriktet. Hans Olav Tungesvik var en særs medveten brukar av det nynorske språket, og var leiar av Noregs Mållag i  ein femårsperiode. Bøker og artiklar vart sjølvsagt alltid skrive på eit malmfullt og godt nynorsk. Han er tildelt H M Kongens fortenestemedalje i gull.

Til 80-årsdagen kom han med den sjølvbiografiske boka «Ei forfriskande livsreis». No er den livsreisa slutt. Det er med stor sorg eg har fått meldinga om dette og mine tankar går særleg til dei næraste  – kona Liv og familien.

For meg var Hans Olav ein god ven som eg lytta til med særskild interesse. Han har følgt meg i heile mitt politiske liv sidan vi møttest i partiet for over 26 år sidan. Og han stilte opp for meg på gode dagar og meir krevjande dagar.

Men det er ikkje berre meg. Hans Olav har betydd så mykje for så mange, og vi i KrF har vore så stolte over hans gode gjerning. Han levde nær Jesus og nær menneske. Det er ei sann eldsjel med eit varmt hjarte, eit klart hovud og ein usedvanleg formuleringsevne som no er gått bort. Vi har så mykje å takka den gode Hans Olav Tungesvik for.