HISTORIA: Eg er samd med Alfsvåg i at Selbekk bør vere varsam med å bruke omgrepet antisemitt om Luther (biletet). For mange som ikkje kjenner den jødiske historia, kan dette lette gje assosiasjonar til nazismen og Holocaust. Og det blir feil, sjølv om enkelte av desse prøvde å bruke Luther i sin agitasjon, skriv Karl Egil Johansen.

Var Luther antisemitt?

Redaktør Selbekk likar ikkje at professor Knut Alfsvåg har påtalt hans omtale av Luther som antisemitt. Usemja mellom dei synest i stor grad vere eit spørsmål om kva ein legg i ordet antisemitt.

Vebjørn Selbekk definerer dette som «en voldsoppfordring mot jøder uansett om den er religiøst eller rasistisk motivert». Eg trur mykje forståing og innsikt i jødisk historie går tapt om ein så vid definisjon.

Omgrepet antisemittisme vart fyrst brukt av den tyske journalisten Wilhelm Marr i eit skrift han gav ut i 1879. Same året danna han Die Antisemitenliga, ei av dei fyrste jødefiendtlege organisasjonane i det dåverande tyske keisarriket. Både ordet og organisasjonen må sjåast som eit produkt av den veksande rasistiske tenkinga utover 1800-talet, ikkje berre i Tyskland, men i heile Europa, også vårt eige land.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Både naturvitskap og humanistiske fag var prega av dette. Slik Marr, og etter kvart mange med han, framstilte det, var jødane som folk eller rase berarar av ei mengd negative eigenskapar eller karaktertrekk – dei var slu, griske, maktsjuke og mykje meir.

Dette skilde seg frå den negative og fordomsfulle haldninga til jødar i tidlegare tider. Frå dei fyrste hundreåra etter Kristus, gjennom middelalderen, reformasjonen og heilt fram til 1800-talet, hadde fiendskapen mot jødane i all hovudsak vore på religiøst grunnlag, og, dessverre, må vi kunne seie, som regel med eit kristeleg forteikn: Jødane var Kristus-mordarar. Denne antijudaismen, som den gjerne blir kalla, og som også Luther var ein del av, førte i periodar til fælslege forfølgingar og i nokre tilfelle til massedrap på jødar. Ein skilnad i forhold til den rasistiske grunngjevinga for jødehatet som følgde seinare, var at jødane kunne berge seg ved å la seg døype.

For å få fram heile breidda i jødeforfølgingane opp gjennom tidene, bør ein nok halde desse to formene for jødehat frå kvarandre. Det same gjeld den såkalla antisionismen i nyare tid. Sjølv har eg i mi undervising operert med noko eg har kalla «jødehatets tre». Dette treet har tre greiner.

Den eine greina er antijudaismen, i si mest ekstreme form under slagordet: «Død over Kristus-mordarane!» Den andre er den nemnde rasebiologiske antisemittismen, under slagordet. «Død over alle jødar!» Og til sist antisionismen, under slagordet vi ofte har høyrt i seinare år: «Død over staten Israel».

Offentleg debatt er ofte prega av manglande nyansering. I vår moderne tid synest mange å ville ha det enkelt – og helst svart-kvitt. Det blir så mykje enklare om alt kan puttast i same sekken. Dette gjeld ikkje berre orda vi brukar om jødehatet, men også eit nærliggjande eller beslekta tema som rasisme. I dag er det ein tendens til at framandfrykt og uttrykt skepsis mot innvandring blir stempla som rasisme. Då blir flokken av rasistar temmeleg stor både i vårt og andre land.

For å konkludere: Eg er samd med Alfsvåg i at Selbekk bør vere varsam med å bruke omgrepet antisemitt om Luther. For mange som ikkje kjenner den jødiske historia, kan dette lette gje assosiasjonar til nazismen og Holocaust. Og det blir feil, sjølv om enkelte av desse prøvde å bruke Luther i sin agitasjon. Dette ikkje sagt for å orsake reformatoren – det han skreiv om jødane var sanneleg ille nok.

Med Dagen sin lesarkrins må det elles vere særleg viktig å få fram at det var den kristne eller teologiske tenkinga som førte Luther på villspor i dette spørsmålet.

Derfor er det langt meir sakssvarande å bruke omgrepet antijudaisme om Luther si haldning til jødane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Professorale unnamanøvre og Martin Luther
Les også
Jo, Luther var antisemitt
Les også
Luther var ingen antisemitt
Les også
Luther – på godt og vondt
Les også
Bispemøtet tar avstand fra Luthers jødefiendtlighet