Sylvi Listhaug (Frp). Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB scanpix

Bønnesvar: Listhaug gjekk av

tirsdag 20. mars 2018

Samfunn

Eg ser Guds gode finger i den avgjerda Sylvi Listhaug har teke om å trekkja seg som justisminister. Det var ingen som venta at ho ville gjera det.

Me har vore gjennom nokre politisk dramatiske dagar i landet vårt. Landet kunne vorte kasta ut i politisk kaos. Eg trur at det berre er på grunn av bønn frå mange kristne at landet vårt er spart for regjeringsskifte med all den uro og uvisse det ville innebera.

No er det tid for endå meir bønn.

Sterke og splittande krefter er verksame i nasjonen. Folk på alle sider av dei politiske skiljelinene treng vår forbønn. Ikkje minst må me be for oss sjølve, for kristenfolket i Noreg, at me må vera audmjuke og miskunnsame så me kan vera med å skapa fred og forsoning i folket vårt. Ingen er tent med den polariseringa me no ser.

Eg ser Guds gode finger i den avgjerda Sylvi Listhaug har teke om å trekkja seg som justisminister. Det var ingen som venta at ho ville gjera det. Redaktør Selbekk i Dagen sa at det ville vera ”u-Listhaugsk”.

Korkje partileiaren eller statsministeren hennar hadde bede ho om å gå. Media seier at Listhaug hadde regien heilt åleine. Det trur eg er feil. Eg trur at det er Herren som har hatt regien. Det er han som set inn og det er han som set av (sjå Dan 2,20-21; 4,17; 4,25; 5,21).

Difor seier Guds ord at me framfor alle ting skal bera fram bønn og påkalling, forbønn og takk for alle menneske. Me skal be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så me kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt me gjer (1 Tim 2,1-2).

Denne apostoliske formaninga treng me å ta inn over oss som aldri før. I denne tida er det altfor mange kristne som blir rivne med i ein oppheta debatt. Mange roper høgt og bruker harde ord. Det haglar med klagemål alle vegar – i alle retningar. Mykje av det eg ser vitnar korkje om gudsfrykt eller vørdnad.

Dei mange skuldingane vitnar ikkje om stille og fredelege liv. Det finst eit sinne som skremmer meg. Det vitnar ikkje om tru og tillit til Gud. Eg ser ein aggressivitet frå kristne menneske som ikkje vitnar om nåde, miskunn og trufast kjærleik. Kor er respekten for andre?

Eg har aldri vore ein Listhaug fan. Eg tykkjer likevel litt synd på henne i dette kjøret ho har vore utsett for. Sjølv kallar ho det ein heksejakt. Eg kan forstå at ho opplever det slik. På den andre sida haustar ho berre det ho sjølv har sått. Ho har berre seg sjølv å takka for den stoda ho har kome i.

Når ho seier at Hareide sleikjer imanane opp etter ryggen, er det uhøvisk og ikkje ein politikar verdig. Når ho godkjenner at politiet knuser glassruter for å bryta seg inn i eit kyrkjebygg for bortføra ein kristen småbarnsfamilie, står ho ikkje for kristne verdiar og mistar sjølvsagt tillit.

Når ho seier at Ap (og fleirtalet på stortinget) er meir opptekne av å forsvara terroristane sine rettar enn å sikra tryggleiken for landet, går ho langt over streken. At ho heller ikkje høyrer på råd frå sin eigen sjef og slettar utsegnet, gjer det endå verre.

At ho ikkje audmjuker seg og bed om tilgjeving, men må pressast til ei orsaking, skaper heller ikkje tillit. Men ho skal ha ros for at ho trekte seg og redda regjeringa.

Lat meg skunda meg og seia at du sjølvsagt kan vera ein god kristen og ikkje vera samd i desse vurderingane mine. I politikken er det rom for at kristne har mange ulike meiningar og løysingar på dei utfordringane me møter i samfunnet.

Difor må me be for politikarane våre. Me må be om visdom for dei til å velja dei beste løysingane. Me må be om at dei fremjar rett og rettferd i alt dei gjer. Me må be om nåde for dei så dei kan vera samlande og ikkje splittande, at dei skaper fred og ikkje strid.

Tida for Noreg er no. Guds finger er verksam i landet vårt. Han gjer meir bak ryggen vår enn dei fleste av oss er klar over. I desse dagane må me ropa til Gud om nåde og miskunn for land og folk. Måtte han venda fedrehjarta til barna og barnehjarta til fedrane og skapa forsoning.

Måtte han lækja dei såra som hat og vonde ord har skapt. Måtte han gje dei trassige det sinn som rettferdige har. Måtte folket vårt kjenna frelse når syndene blir tilgjevne. Måtte lyset frå det høge gjesta oss som ein soloppgang og styra oss inn på freds og forsoningsveg.