– Ein ting er meiningsutveksling om synspunkt og vurderingar, noko anna er fokus på bestemte personar. Hugs at «det er menneske det gjeld!», skriver Karl Johan Hallaråker.  Foto: Foto: Dagen arkiv

KrFs tilsette

mandag 19. september 2016

Samfunn

Eg skal ikkje blanda meg inn i diskusjonen om Dagens fokus på KrFs tilsette (og ikkje tillitsvalde) kommunikasjonssjefs facebookmelding om lesbisk sambu. Det skulle heller ikkje vera ukjent for lesarane kva mine vurderingar er om homofilt og lesbisk samliv.

Når eg skriv, er det for å seia at mi erfaring frå innsida av partiet med Mona Høvset og hennar arbeid er utelukkande positiv. Ho utfører sitt arbeid dedikert og profesjonelt i alle deler. Ho har aldri meg bekjent prøvd på nokon måte å påverka partiet til ny veg på dette feltet. Har partiet endra kurs - noko eg ikkje ser - er det i alle høve ikkje noko ho skal ha skulda for.

Kort sagt - la Mona i fred og la henne fortsetja dyktig arbeid for partiet og landet.

Så tillet eg meg å leggja til: Ein ting er meiningsutveksling om synspunkt og vurderingar, noko anna er fokus på bestemte personar. Hugs at «det er menneske det gjeld!» Varsemd er då ekstra viktig.