I HEMMELIGHET: Kristne konvertitter praktiserer sin tro i hemmelighet på norske asylmottak. Foto: Reza Fazil

Kvifor skal vi støtte Partiet Dei Kristne?

mandag 17. juli 2017

Samfunn

I dag vil eg nemna ei sak. PDK har hjartelag for dei av immigrantane til Noreg som har gått over frå islam til kristendommen.

Eg er så heldig at eg har mange vener mellom desse. Mange muslimar som får opphald i Noreg, hatar desse og ynskjer å påføra dei skade. Eg kunne fylla sider med forteljingar om korleis muslimske innvandrarar forfølgjer og prøver på å skada denne gruppa av konvertittar til kristendommen. Det er vanskeleg å skjøna at folk frå feila statar, vil innføra feila i landet dei flyttar til!

Om dei er vanlege muslimar, eller ber tittelen Imam, kan det sjå ut til at dei er viljuge å bruka løgn og fanteri for å koma unna skuldingar om forfølging av denne gruppa konvertittar. I det store og heile er denne forfølginga så ut-spekulert og vondsinna at eg deler syn med Partiet Dei Kristne (PDK) at vi bør ta imot færrast mogleg muslimske innvandrarar til landet vårt. Eg nemner at eg har følgd slike konvertittar inn på deira mottak. Eg har sett dei verta spytta i andletet og eg har sjølv fått deira spytteklyser i andletet, avdi eg følgde dei attende til mottaket, ja muslimar som ikkje spytta oss i andletet, men sto lenger unna, dei spytta og i vår retning. Fleire titals innvandrarar oppførte seg slik.

Mellom andre muslimske land er Iran, Irak og Somalia slike som drep konvertittar frå islam til kristendommen, enten gjennom myndigheiter i landet, eller gjennom å lata familiemedlemmer som drep konvertittar, gå ustraffa. Korleis Noreg kan senda ut konvertittar til desse landa under skuldingar om at dei er falske kristne, har eg lite sans for. Istaden kjem det store mengder med muslimar frå Somalia, som får opphald i Noreg i store tal. Før innvandrarar frå desse landa sluttar med å forfølgja konvertittar og lærer seg å praktisera religionsfridom som andre nordmenn, bør vi stansa all innvandring frå desse landa.

KrF har i for liten grad våga å gå inn i flyktningproblematikken. Eg ottast at Arbeiderpartiet, som har vendt seg frå sin opprinnelege sympati for jødane og Israel, til å verta støttespelarar for radikale Hamas, vil føra landet vårt inn i eit uføre ved sin flyktningpolitikk! Difor bør dei ikkje få fleirtal ved stortingsvalet til hausten, difor lyt PDK koma inn på Stortinget til hausten.

Om du ikkje vil støtta eit borgarleg fleirtal – så stem Senterpartiet, ikkje Arbeiderpartiet! Men vis heller solidaritet med konvertittane, stem PDK!

Les også: