Til deg som ikkje lenger likar OL

Eg gler meg ikkje til OL lenger, proklamerte ei dame på Debatten i NRK sist veke. Og for sikkerhets skuld la ho til: - Ikkje mor mi heller, og ho har følgt med sidan 1952.

Sjarmen og spenninga kan fort bli borte når ein ikkje veit kva dei beste utøvarane har tylla i seg til frukosten. Er det juksemakaren vi heiar på? Får den heiderlege vinnaren medaljen sin i posten lenge etter at han er heimkomen denne gongen også?

Som om dopingskuggen ikkje skulle vera dyster nok, så er heile olympiaden invadert av storpolitikk. Kim Jung-Un har sendt søstera til Pyeongchang. Donald Trump har sendt dottera. Ikkje fordi dei har tenkt å snakka saman, men for å visa verda kven som er den gildaste i atomklassen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så sit vi her då, vi sportsidiotane, vi intellektuelle lettvektarar som fortrengjer både dopingspøkelset, medisinkoffertane og atomtrusselen og som berre gler oss som ungar til dei norske skal ut i den eine kappestriden meir spanande enn den andre.

Men skulle ubehaget likevel melda seg midt i sitrande forventning og barnleg medaljejubel, så kan ein trøysta seg med curling. Curling, ja. Er det ein ting eg er sikker på, så er det at curlingspelarane ikkje er dopa. Det skulle tatt seg ut. Ein dopa curlingspelar må vel vera ein dårleg curlingspelar. Ein dopa curlingspelar vil slå steinen så hardt at den fyk forbi alle dei andre steinane og rett gjennom boet. Ein dopa curlingspelar vil gnikka så voldsomt med curlingkosten at isen smeltar og banen blir øydelagt. Ein dopa curlingspelar ville aldri funne på å gå med vide, fargerike pyjamasbukser. Han ville gått i tettsitjande tricot for visa statsministeren eller presidenten sin kor store naturlege musklar han har. Og slike curlingspelarar har eg aldri sett. Curlingspelarar er syltynne eller tungpusta og ser ut som dei et sjokade til frukost og pommes frites til middag kvar dag.

Curling er OL-idretten for alle som ikkje lenger likar OL.