OMSTRIDD: Barack Obama er blitt svært populær i Europa, men er meir omstridd i USA - ikkje minst mellom evangeliske kristne.  Foto: Pablo Martinez Monsivais

Hylla og elska, frykta og forakta

tirsdag 10. januar 2017

Samfunn

I dag held Barack Obama avskilstale i heimbyen Chicago. Medan mange europearar og liberale amerikanarar sukkar tungt, er det mange konservative kristne i USA som pustar letta ut.

To slike snakka eg med i ein småby i Minnesota for snart fem år sidan. I samtalen med det eldre ekteparet kom det fram at eg hadde reist frå Washington D. C og skulle tilbake dit.

– Du treng ikkje å helse til presidenten, sa kona.

Då eg fortalde at eg allereie hadde høyrt Obama tale på Den nasjonale bønefrukosten nokre dagar tidlegare, utbraut ho med stivt blikk:

– Å nei. Å nei.

Under den nemnde bønefrukosten i 2012 fortalde Obama mellom anna om då han møtte Billy Graham. Som dei elleve føregåande presidentane ville Obama gjerne treffe den aldrande verdsevangelisten. Det skjedde i heimen til forkynnaren, som ligg på ein liten fjelltopp i Nord-Carolina, i 2010. Obama fortalde at dei to bad for kvarandre og avslutta samværet med ei omfamning og eit varmt farvel.

LES: Will Graham fulgte bestefars fotspor til Norge

På dette private møtet deltok også Franklin Graham. Han har overteke leiinga av organisasjonen til faren og er ein av dei mest kjende evangeliske leiarane i USA i dag. Men Franklin er meir kontroversiell enn Billy var i sine velmaktsdagar. Det kan nok handle om både forskjellig personlegdom og endra samfunnsklima. Franklins talrike krasse utspel har ikkje minst råka Barack Obama.

«Åra som forma han, var alle prega av påverknad frå islam. Så eg kan ikkje seie noko om den kristne ståstaden hans», sa Franklin Graham til Newsmax TV i 2015.

«Alt eg veit, er at politikken han har stått for som president, har vore imot Kristus og hans lære».

LES: Franklin Graham skal be for Trump

Europearar, og ikkje minst nordmenn, har vanskeleg for å skjøne den ideologiske motstanden mot Barack Obama. Blant kristne kan ein sjølvsagt finne forståing for at ein reagerer på den liberale haldninga hans til abort og at han har støtta omdefinering av ekteskapet, samt andre kampsaker for seksuelle minoritetar.

Norske Obama-sympatisørar som er usamde med han på desse punkta, kan argumentere med at utviklinga har gått i liberal lei i slike spørsmål i alle vestlege land dei siste tiåra. Det gjeld også i USA, enten ein har hatt republikanske eller demokratiske presidentar. Og med Obama har ein hatt ein veltalande, intelligent og dialogorientert statsmann i Det kvite hus - med ei sjarmerande og imponerande førstedame i Michelle. Eg registrerer at norske vener som eg trur vil ha reservasjonar mot deler av Obamas politikk, tydelegvis har stor sans for både han og kona.

«Kristenleiarar ville stemt på Obama» forkynte ein tittel i Dagen i forkant av presidentvalet i 2008.

– Vi kan ikkje åleine la abortspørsmålet avgjera vår støtte til dei to kandidatane., sa Rolf Kjøde, dåverande generalsekretær i Normisjon. Han beklaga at Obama var for fri abort, men viste til amerikanske kristenleiarar som ikkje trudde på innstramming i dette spørsmålet dersom John McCain vann heller.

LES: McCain møtte far og sønn Graham

Kjøde viste på den andre sida til Obamas politikk for økonomisk fordeling og miljø. Han fekk følgje av dåverande generalsekretær i Det Norske Misjonsselskap.

– Min ryggmargsrefleks akkurat i dag ville nok ført til at eg stemmer på Obama, fordi eg meiner han målber det som er tettast opp til det eg oppfattar som norske verdiar, sa Kjetil Aano.

Men mange kristne amerikanarar er fint lite interesserte i norske verdiar. Dei er opptekne av amerikanske verdiar. Klimakutt og omfordelingspolitikk i statleg regi vil mange riste på hovudet av. Og Skandinavia er sjølve symbolet på alt ein ikkje ønskjer seg: Sekularisering, sterk statleg styring og skyhøgt skatte- og avgiftsnivå. Den afroamerikanske pensjonerte stjernekirurgen Ben Carson, som prøvde å bli republikansk presidentkandidat ved valet sist, uttalte seg slik om Skandinavia overfor Aftenposten-kommentator Frank Rossavik: De veit ikkje kor mykje fridom de går glipp av. Episoden er gjengitt i Rossaviks bok «Blant republikanere».

LES: Frykter for USAs framtid hvis Gud glemmes

For ideologisk konservative amerikanarar, der evangeliske kristne er ei viktig gruppe, kan dei politiske kjerneverdiane oppsummerast i fem punkt: Fri marknad, avgrensa statsmakt, individuell fridom, sterkt nasjonalt forsvar og tradisjonelle eller judeo-kristne verdiar. Dette meiner dei er oppskrifta på å løfte USA til nye høgder - til beste for både landet sjølv og verda elles. USA har jo i oppdrag å vere «ein skinande by på ei høgde», ifølgje den nedarva amerikanske eksepsjonalismen.

På alle desse felta meiner ein Obama har stått for ein øydeleggjande politikk. Helsereforma hans vert sagt å bryte med marknadsprinsippa, auke statens makt og truge samvitsfridomen for religiøse organisasjonar. Statsgjelda og statsmakta veks. Forsvaret er sveltefora. USA framstår veikt og vankelmodig overfor Russland og i Midtausten, Israel er hundsa med og atomavtalen med Iran er eit svik. Religionsfridomen er svekt av omsyn til kva som er «politisk korrekt», ikkje minst i spørsmål som har med seksualitet i å gjere.

LES: Bad om fridom for kristne fangar

I eit svært polarisert USA blir den saklege usemja kraftig skjerpa av giftig retorikk. Det oppstår også mytar og konrpirasjonsteoriar. I Obamas tilfelle har det mellom anna ført til påstandar om at han ville rana til seg makta i Det kvite hus for godt dersom han kunne greidd det. Fleire gonger har Obama understreka at han er kristen, mellom anna i eit intervju med Christianity Today i 2008. Førestillinga om at han eigentleg er muslim står likevel sterkt. I 2015 trudde 29 prosent av amerikanarane dette, ifølgje ei måling uført for CNN. Mellom republikanarane var talet 43 prosent. Påstanden om at han ikkje eigentleg er fødd i USA, har også vist seg forunderleg seigliva.

Når Obama omfamnar Billy Graham, er nok ikkje-kristne støttespelarar overberande. Det same er dei når snakkar om å feire fødselen til «Jesus Kristus, vår frelsar» saman med medkristne verda rundt. Det gjorde han sist i ei felles videohelsing med Michelle før jul. Han er nemleg i same åndedrag påpasseleg med å uttrykkje seg inkluderande overfor andre grupper.

Men for dei som er samde med Franklin Graham i at Obama har drive ein politikk «imot Kristus og hans lære» stadfestar nok presidentens utsegner om kristen tru snarare problemet: Dei meiner det er tomt snakk. Og dei synest det er på høg tid at Obama takkar for seg.

Les også:

 

SYMBOLTUNGT: Barack Obama let Det kvite hus verte opplyst i regnbogefargane etter at Høgsterett i 2015 slo fast at ekteskap er ein grunnlovsfesta rett som også omfattar likekjønna par.