SIONISME: Ein set eit teologisk forteikn på ein politisk ideologi, nemleg den eksklusive, militante sionisme. Både på religiøst og politisk hald ser ein på seg sjølv som Guds avantgarde. I røynda er det eit drygt stykke teologisk avsporing, ei forvrenging av kristen tru og praksis, skriv Jens Olav Mæland og Kjartan Ruset. 
  Foto: Illustrasjonsfoto: Dagen arkiv

Triumfalisme – eit risikabelt spor!

Author picture

mandag 13. november 2017

Samfunn

Men det var ei mørk side ved denne triumf-marsjen. Og det var «slavane», det palestinske folket – som består av arabiske muslimar og kristne.

«Triumfalisme» er eit lada ord, både i politisk og teologisk samanheng. Politisk triumfalisme inntrer når ein i retorikk og handling vil demonstrere storheit og maktstyrke.

I staden for å tala om rettferd og rett – og setja inn tiltak for det, taler ein om å erobre land, gjera eins eigen nasjon stor og mektig – og set handling bak orda. «Make America great» er triumfalistisk retorikk.

Historia viser at både politiske herskarar og kyrkjeleiarar har gjort felles sak med triumfalistiske verkemidlar. Det bysantinske imperiet er eit klassisk eksempel – til ettertanke og avskrekking. Ein demonstrerte maktstyrke og brukte tvangsmidlar for å kristna folkegrupper, og trakasserte minoritetar.

Ordet «triumf» går attende til det gamle Roma sine skikkar. Når hærførarar hadde vore ute i krigen og vunne sigrar, kom dei alltid attende til Roma og drog i «triumf-tog» gjennom byen – og gjennom «triumf-bogen». Dei blei tiljubla av store folkemengder, som jamt kom i ekstase då soldatane passerte framfor keisaren.

Men det var ei mørk side ved dette triumf-toget. For bakarst i toget kom slavane som dei hadde erobra. Dei bar lekkjer og blei vanæra, spytta på og piska – utan det minste rettsvern.

Kyrkja har gjennom tidene blitt freista til å triumfere. Korstoga på slutten av 1000-talet og framover sprang ut av ein trong til å bevise storheit, maktstyrke og erobringsevne.

Kyrkje og militærmakt gjekk hand i hand for å erobre land og underkue annleis truande. Fenomenet har gjentatt seg, men spora skremmer.

Nyleg, den 10. oktober, blei «Jerusalem-marsjen» gjennomført. Det er knytta til den jødiske Lauvhyttefesten, og er ein hyllingsmarsj for staten Israel og deira sigrar sidan 1948. Marsjen var nummer 38 og iscenesett av Internasjonale Kristne Ambassaden i Jerusalem, ICEJ.

I år feira ein 50 år sidan Israel tok over byen. Av omtrent 50.000 tilreisande frå omlag hundre land, deltok 15.000 i sjølve marsjen. Fremst i toget marsjerte frivillige organisasjonar, militæret og store israelske næringsselskap.

Deretter fylgde grupper av kristne med song, dans og flagg. Ambassaden hadde som vanleg den mest fargerike gruppa 6.000 deltakarar. I år var det ekstra mange amerikanarar som kom til festen i Jerusalem.

På ein bankett der representantar frå dei politiske myndigheitene deltok, var det helsingar frå myndigheitene og «Ambassaden» der ein gjensidig rosa kvarandre for at Jerusalem no er ein jødisk by, slik Bibelen profeterer.

Men det var ei mørk side ved denne triumf-marsjen. Og det var «slavane», det palestinske folket – som består av arabiske muslimar og kristne.

Dei har ikkje berre vore her i 50 år og kjent på kroppen kva det vil seia at byen blei annektert i 1967, men har budd her i hundrevis av år og opplevd at halve befolkninga måtte flykta i 1948–49, og sidan vore hardt pressa. Ennå bur det om lag 300.000 arabarar i Aust-Jerusalem.

Dei blir stadig trakassert av dei israelske myndigheitene, mellom anna ved at husa deira blir jamna med jorda. Innan september i år blei 528 bygningar raserte på Vestbreidda, Jerusalem inkludert.

Mange av desse øydeleggingane skjer som kollektiv avstraffing i strid med Folkeretten. Dessutan etablerer myndigheitene jødiske settlar-einingar i det området som var tiltenkt den arabiske befolkninga.

Alt dette skjer i strid med internasjonal lov og rett. Men det blir støtta av kristen-sionistiske grupper verda over. Og «Ambassaden» hyller slik framferd.

FN legg gjennom OCHA (UN Office for the Coordination of Humanitarian Affairs) fram harde fakta kvar månad på kva som skjer på grunnplanet i Jerusalem og på Vestbreidda.

Men også menneskeretts-organisasjonar, israelske og palestinske, som B’Tselem og Adalah, avdekker dei reelle forholda. Og på begge hald er biletet det same: Den palestinske befolkninga blir diskriminert, trakassert og mishandla, og ramma av fattigdom og arbeidsløyse.

«Slavane» var ikkje med i hyllingsmarsjen den 10. oktober. Det er umogleg for dei å lovprisa eit system som stadig trakasserer dei. Men dei var der likevel, usynleg og i stor smerte, i heimane sine og i ruinane av nedrivne husvære; frustrerte, fortvila og utan å sjå noko teikn til betring. Dei er fanga i eit knipetak av politisk og religiøs høgre-ekstremisme.

Det er rett som Dagen rapporterer at storparten av den karismatiske rørsla støttar den israelske staten ubetinga. Dei ser det som det store teiknet på at Gud er verksam i vår tid, og ventar på at templet snart skal gjenreisast og den messianske tida inntre. Jesus skal koma igjen og herska synleg i Jerusalem og styra nasjonane med jernstav, hevdar dei ut frå ei selektiv bibel-lesing.

Denne triumfalismen er ei fatal samanblanding av ei teologisk avsporing og ekspansjonistisk politikk, seier den store evangelikale leiaren John R. W. Stott.

Ein set eit teologisk forteikn på ein politisk ideologi, nemleg den eksklusive, militante sionisme. Både på religiøst og politisk hald ser ein på seg sjølv som Guds avantgarde. I røynda er det eit drygt stykke teologisk avsporing, ei forvrenging av kristen tru og praksis.

Men denne rørsla får stadig positiv presentasjon i Dagen, og blir også støtta i leiarartiklar. Ein spør seg: Når skal augo opnast, slik at ein innser at dette er kvalifisert triumfialisme? Ei avsporing frå vår kristne tru som krev at ein ikkje skal gjera forskjell på folk, trakassere dei svake, øydeleggja heimar og gjera livet uuthaldeleg?