Illustrasjonsbilde: Yayimages.com

Evolusjon og skaping - Holm, Giske og Tveter

torsdag 25. august 2016

Samfunn

Til tider undrar det meg korleis professorar les det andre skriv, og korleis dei svarar. Professorar skal jo vera mellom dei beste blant oss til å lesa innaboks, og til å tolka det dei les. Likevel opplever eg stadig at dei les skeivt og overtolkar, i tillegg til at dei underkjenner andre sine kunnskapar eller vurderingar.

I mitt Innspel for 14 dagar sidan kommenterte eg den debatten som har gått mellom professorane Jarl Giske og Kjell J. Tveter om evolusjonslæra, og eg slutte meg til Tveters synspunkt.

Både Giske og professor Sverre Holm har gått nokså sterkt i rette med meg, og med Tveter. Eg helsar dei innlegga velkomne fordi dei kastar lys over kva evolusjonslæra inneber, kor frontane går mellom denne læra og kristen skapingslære og kva haldningar ein må rekna med å verta møtt med når ein kritiserer den rådande evolusjonstenkinga.

Tveter har svart både Holm og Giske (19/8), og eg sluttar meg fullt ut til det Tveter skriv. Intelligent Design er likevel ikkje ein endestasjon, han må utfyllast av ei bibelsk skapingslære. Eg avgrensar mitt svar til professorane til eit par moment.

Til tider undrar det meg korleis professorar les det andre skriv, og korleis dei svarar. Professorar skal jo vera mellom dei beste blant oss til å lesa innaboks, og til å tolka det dei les. Likevel opplever eg stadig at dei les skeivt og overtolkar, i tillegg til at dei underkjenner andre sine kunnskapar eller vurderingar.

Holm skriv at det er med «stor overraskelse» at han les at eg går god for professor Tveters synspunkt. Då kan Holm umogleg ha fylgt med i timen. Eg har gjennom 10-15 år skrive mange artiklar i Dagen med same grunnsynet som i det aktuelle Innspel, og eg har fleire gonger slutta meg til synspunkta til Tveter og anbefalt bøkene hans. Det eg derimot ikkje har skrive, men som Holm har gjort til overskrift, endatil med sitatteikn, er at «-Kristne bør ikke bli forskere, og særleg ikke innen biologi».

Eg meiner faktisk det stikk motsatte! Det er viktig at bibelforplikta kristne utdannar seg til toppnivå, og går inn i posisjonar med sterk definisjonsmakt og påverknadskraft. Eit hovudpoeng for meg er at dette må dei gjera ut frå kristen tenking, altså at tanken er teken til fange i lydnad mot Kristus og at ein riv ned tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Gud (2. Kor 10.4f).

Når det gjeld naturvitskap er den bibelske skapings- og syndefallslæra avgjerande viktig, særleg 1. Mos 1-3.

Giske har nok rett i at min naturvitskaplege kunnskap ikkje er all verda, men at eg er «uten naturvitskapleg innsikt» er kanskje å overdriva litt. På andre sida kan det tenkjast at eg ikkje står tilbake for Giske i teologisk kunnskap og bibelsk innsikt.

Det Giske og andre professorar etter mi vurdering ikkje tek nok på alvor, er at ikkje noko form for vitskap opptrer i eit vakuum, aller minst naturvitskapen. Eg synest det er naivt når ein skriv som om dei vitskaplege metodane er nøytrale. Det heile vil alltid i stor grad vera styrt av eins livssyn eller gudstru. Om ein då orienterer seg ut frå naturalismen eller ut frå kristen skapingslære vil vera avgjerande både for premissane for arbeidet og tolkinga av det ein finn.

Les også: