Illustrasjonsbilde: Yayimages.com

Fri og amori - er det noko nytt?

Samtidig krev dei som har legninga polyamori offentleg «respekt» for sine seksuelle preferansar. Det er som om vi høyrer den moralske indignasjonen som ligg bak: Respekter meg! Men korleis kan vi det, når det ikkje finst andre normer enn dei det kan styrast etter i Hakkebakkeskogen?

Dagleg melder gamle ord seg med nytt innhald. Eller vi får ny-ord med god klang. Slik må det gå når alle lukka og nokre opne dører for lengst er slegne inn.

Det er ikkje lenger kamp for eit bestemt og definert avgrensa formål, for formålet – aksepten – er nådd. Det som då står att er å pervertera språket:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi kan ikkje stola på at det gir meining etter sin ordlyd. No er det det større rammeverket som står for fall. Og språket vert både kampmiddel og mål. For dét skal i neste instans gå til angrep på dei førestillingane som ligg bak orda.

Kvifor skjer det? Jo, fordi språket skal bidra til å de-konstruera dei sosiale byggesteinane, slik at dei kan konstruerast på nytt. Men ikkje som når vi får eit nytt sett med spanande lego-klossar. Der er nemleg teikningane og forklaringane heilt avgjerande. Nei, no skal eg konstruera min versjon av livet, familien og ekteskapet – og du din.

Sjølv om det kjem nokre ny-ord til kvart år (det er ikkje mange!), så må vi stort sett greia oss med dei gamle. Og det slår meg gang på gang: Mest alle gode ord har opphavet sitt i ei felles førestilling om ‘et gode’, og ber derfor også i seg den negative avgrensinga.

Alle kristne honnør-ord byggjer til dømes på ein kristen antropologi – eit kristent menneskesyn – som framfor alt er kjenneteikna av at det er realistisk. Det ber i seg ei veldig innsikt, slik som i salmediktaren si paradoksale utsegn: «Fri og bundet, samme sak».

Eit kristen-humanistisk menneskesyn tek mørkesidene i livet og tilvêret på alvor. Denne realismen er eit vern for alle veike, dei som først blir offer når til dømes ‘ynd’ blir definert som psykiske vrangførestillingar, hemningar som set usunne grenser for ein ubendig trong for å realisera absolutt all vår ibuande lyst og lengt.

Det avkristna, sekulariserte samfunnet byggjer på ein urealistisk antropologi. Den har kardemomme-loven som motto. Éin konsekvens er at denne kulturen ikkje utrustar borna sine med reiskapar som kan forsvara dei når dei vonde dagane kjem. Ein verre konsekvens er at ord som miskunn, nåde og tilgjeving må ut av vokabularet.

Ein gamal kamporganisasjon for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar sine rettar har på det juridiske, politiske og mediestyrte nådd dei fleste av sine mål – og oppnådd hegemonisk status. Men det var ikkje slike konkrete mål denne kampen djupast sett stod om. Den stod – og står – nemleg om å forstå kvart menneske som fullt ut autonomt, og dermed fritt frå ei kvar binding som kan truga denne oppfatninga.

Kva er då meir naturleg enn å kapra det namnet som eitkvart menneske ser på som den ultimate realisering av våre draumar: Fri!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Samtidig krev dei som har legninga polyamori offentleg «respekt» for sine seksuelle preferansar. Det er som om vi høyrer den moralske indignasjonen som ligg bak: Respekter meg! Men korleis kan vi det, når det ikkje finst andre normer enn dei det kan styrast etter i Hakkebakkeskogen?

Fri vil arbeide for et «større kjønns- og seksualitetsmangfold» i Norge – ikkje noko mindre. Det er reine ord for pengane. Og det er denne kampen dei har omfamna, dei som i dag har makta i Den norske kyrkja.

Det er denne kampen dei har brukt til å mobilisera for sine eigne posisjonar i kyrkja, utan på noko som helst tidspunkt å setja grenser for sin «solidaritet». Kor tid vil dei ta den utfordringa?

Dersom einaste skilnaden mellom liberale og konservative er kor vidt ideala om monogam, livslang truskap også skal gjelda menneske av same kjønn, då er vel begge grupper like mange lysår frå Fri og andre organisasjonar sin kjønnspolitiske ideal? Kan vi forventa at kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum vil stadfesta det – høgt og offentleg?

Les også:

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Innlegg av Dagen.

Les også
– Dette er samlivsanarki
Les også
Vil ha lov til å gifte seg med flere
Les også
Ønsker skeiv teologi i kirken - åpen for flere enn to i ekteskapet