I kva grad trur Hallaråker ikkje-kristne skil mellom KrF og ein misjonsorganisasjon? Og hvis Hallaråker lever greit med ein lesbisk sambuar som kommuniksjonssjef i eit parti som eg reknar med han har engasjert seg i utfrå partiets kristne profil, kvifor skulle han då ikkje leva like greit med ein lesbisk sambuar som til dømes hadde vore informasjonssjef i Indremisjonsforbundet? spør Olav Nilsen. Illustrasjonsbilde. Yayimages.com

Hallaråker og kristeleg tilsette

I kva grad trur Hallaråker ikkje-kristne skil mellom KrF og ein misjonsorganisasjon? Og hvis Hallaråker lever greit med ein lesbisk sambuar som kommuniksjonssjef i eit parti som eg reknar med han har engasjert seg i utfrå partiets kristne profil, kvifor skulle han då ikkje leva like greit med ein lesbisk sambuar som til dømes hadde vore informasjonssjef i Indremisjonsforbundet?

Tidlegare generalsekretær i ImF Karl Johan Hallaråker om at KrFs kommunikasjonssjef Mona Høvset får vera i fred til trass for at ho er lesbisk sambuande. Grunngjevnaden er at hans erfaring med Mona Høvset er utelukkande positiv, og at ho gjer eit godt arbeid for partiet. I tillegg meiner han det vert galt å ha fokus på bestemte personar, sjølv om ein har andre synspunkt og vurderingar enn dei personane det gjeld.

Eg er ingen KrF-ar, men aktiv i Røyknes bedehus, og med godt kjennskap til Indremisjonsforbundets arbeid, der er eg mellom anna og har engasjert meg i samband med den årlege Bibel- og naturcampen på KVS Bygland. Ein sumar var Karl Johan Hallaråker bibeltimehaldar der oppe, og det sette eg stor pris på.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men kva hadde den dåverande generalsekretæren i Indremisjonsforbundet sagt om informasjonsleiaren i hans eigen misjonsorganissjon stod fram som lesbisk sambuar? Hadde han framleis meint at sidan vedkomande gjorde så godt eit arbeid, og at erfaringane med henne var utelukkande positivt i arbeidssamanheng, så var hennar privatliv saka uvedkomande?

Og kan hende kritisert andre medarbeidarar i organisasjonen for å ha «fokus på bestemte personar»? No vil heilt sikkert Hallaråker og fleire med han påpeika at KrF er eit politisk parti, og ImF ein misjonsorganissjon, og at denne saka difor ikkje kan samanliknast.

Men i kva grad trur Hallaråker ikkje-kristne skil mellom KrF og ein misjonsorganisasjon? Og hvis Hallaråker lever greit med ein lesbisk sambuar som kommuniksjonssjef i eit parti som eg reknar med han har engasjert seg i utfrå partiets kristne profil, kvifor skulle han då ikkje leva like greit med ein lesbisk sambuar som til dømes hadde vore informasjonssjef i Indremisjonsforbundet? Dette er for meg eit stort tankekors.

Elles vil eg innstendig be Hallaråker og hans støttespelarar i KrF syta for at namnet «kristelig» vert fjerna frå partinavnet. Det har etter dette ingen ting der å gjera, og er utfrå min ståstad som bedehusmann og misjonsmann til eit direkte hinder for den kristne forkynninga sitt truverde inn i vår samtid.

Les også
KrFs tilsette
Les også
Høvset offentliggjorde selv
Les også
Dagens dyneløfting