BYAR: Som kristne ynskjer me å nå ut med evangeliet, og då er det viktig å vera til stades der ting skjer! Me ynskjer å spreie Guds kjærleik til alle menneske, og folk flest bur i byar, skriv Olav Vestbøstad. På biletet ser vi Hong Kong.  Foto: Illustrasjonsfoto: Vincent Yu, AP Photo/NTB scanpix

Byane kallar

mandag 12. februar 2018

Samfunn

Som kristne ynskjer me å nå ut med evangeliet og då er det viktig å vera til stades der ting skjer! Me ynskjer å spreie Guds kjærleik til alle menneske, og folk flest bur i byar!

Sidan 2008 har minst halvparten av alle menneska på jorda budd i byar. I år 2030 reknar FN med at 60 prosent av alle menneske på jorda vil vere urbane. Den største auken vil vere i Asia, Afrika og Latin-Amerika, og folkeauken på 1,1 milliardar menneske i dei 13 åra fram til 2030 vil i praksis skje i byar!

Mange byar maktar ikkje ta mot den auka folkeveksten og nauda er stor. Eit dramatisk døme er millionbyen Cape Town i Sør-Afrika som har innført streng rasjonering av vatn. Ein gong i mai i år ser det ut til at vassreservoara til byen vert heilt tomme for vatn.

Norsk misjon har ofte hatt fokus på arbeid på landsbygda. Målet var å nå lengre ut med evangeliet og hjelpe sosialt og diakonalt gjennom å byggje opp skular og helsearbeid der nasjonal infrastruktur enno ikkje var på plass.

Litt karikert kan ein seie at i oppstartsfasen køyrde misjonærane så langt vegen gjekk, så vandra ein til fots så langt kreftene rakk og der starta ein opp arbeidet. Mange små lokalsamfunn takkar i dag misjonærane for at dei både fekk del i evangeliet og lese og skriveopplæring. Diverre er det enno avsidesliggande plassar på jorda der Jesus namn enno ikkje er kjent. Samtidig kallar byane!

På nyåret offentleggjorde tankesmia Skaperkraft ein rapport kalla Oslo Monitor. Målet er å synleggjere åndelege behov, sosial smerte og kulturelle utfordringa i hovudstaden vår. Funna syner at sjølv i hovudstaden i det landet i verda som knivar i toppen i mest alle rangeringar eit land ynskjer å vere i toppen på, er det langt frå alle som har de ltike bra.

20 prosent av alle innbyggjarane i Oslo er einsame. Omtrent 25 prosent kjenner seg heime i kategorien personleg kristen, men berre 4,8 prosent av innbyggjarane er aktive kristne ved at dei engasjerer seg og deltar jamleg på gudstenester.

Forskningsprosjektet «10–25», som Mediehøgskolen Gimlekollen gjennomførte for NLM Ung i 2011, syner også at prosentdelen born og unge som er heilt eller delvis urørt av kristent arbeid, er vesentleg høgare i Oslo enn i resten av landet.

I byen er det sosiale nettverket ofte lausare. Det gjer at det er enklare å endre livssyn. Ut frå eit kristent perspektiv er det negativt at mange som har vore aktive kristne før, ikkje lenger oppsøkjer eit kristent fellesskap når dei kjem til byen. Der er det mange andre freistande tilbod og aktivitetar. På den andre sida er ikkje biletet heilsvart. Mange som flyttar til byen er gjerne opne for nye ting. Personar frå etniske grupper som er vanskelege å nå i sine kjerneområde, kan vere friare til å ta imot evangeliet i byen.

Paulus var ein bygut frå Tarsos, ein ikkje ukjend by i Kilikia i dagens Tyrkia. I si misjonærteneste hadde han fokus på viktige byar og knutepunkt. Han knytte kontaktar med religiøse leiarar, filosofar og handelsmenn.

Gjennom kontaktpunkta han fann midt i det pulserande bylivet, utrusta han sine medarbeidarar og planta kyrkjelydar og celler med kristne som han fylgde opp. Frå basen i byen Efesos vart evangeliet spreidd slik at Lukas vel å skriva at «alle som bur i Asia, både jødar og grekarar, fekk høyra Herrens ord».

Likeins såg han korleis Korint var ein strategisk viktig handelsby og brukte mykje tid på å rettleia kyrkjelyden der, ein kyrkjelyd som hadde spenningar både mellom etniske grupper og mellom rike og fattige. Ut frå byane spreidde evangeliet seg som ringar i vatn. Slik tenkte Paulus, og historia viser at han hadde rett.

Byane er kommunikasjonssenter, og det er der viktige avgjerder vert tekne, med ringverknader også for dei omliggande landområda. Det er til byane folk reiser for å ta utdanning, søkje arbeid og bli underhaldne.

Samstundes ropar byane etter diakonal innsats. Forureining, slum, fattigdom, arbeidsløyse, og einsemd er typiske storbyproblem. Det er ofte dyrt å finne husvære i byen og dei fleste byar har ei større eller mindre gruppe med heimlause menneske. Dei medmenneskelege behova i byen er mange!

Som kristne ynskjer me å nå ut med evangeliet og då er det viktig å vera til stades der ting skjer! Me ynskjer å spreie Guds kjærleik til alle menneske, og folk flest bur i byar!

Framtidas misjonærstereotyp er heller ein urban person som trivest i storbyjungelen enn ein bush-misjonær med tropehjelm!