Når flyktningar reiser heim på ferie

Vi må ikkje bli så redde for dei framande, at vi blir framande for våre eigne verdiar.

«Vi gret mykje i telefonen», sa ein irakisk flyktning til meg ein gong. Flyktningen hadde vakse opp i ein stor familie med tette band, slik kulturen er. Søsken og søskenbarn, tanter, onklar og besteforeldre såg kvarandre nesten dagleg.

Så kom krigen og den tette familien vart spreidd over heile kloden. Det blir mykje sakn av slikt. Mange tårer når ein snakkar med broren i Australia, kusina i Canada og mora i Syria på Skype og veit at det kan gå år til neste gong ein møtest.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sorga over dei oppsplitta familiane og uroa over dei som er att i heimlandet, er ein tung del av bagasjen til mange flyktningar. Midt i takksemda over å ha kome til eit trygt land, er dette eit djupt skår i gleda.

Ikkje minst har eg snakka med mange som er bekymra for gamle foreldre. Nokre slit med skuldkjensle for å ha redda seg sjølv, men svikta sine næraste. Dei tilhøyrer kulturar der barna skal ta seg av foreldra sine, ikkje reise frå dei.

Difor hender det at somme tek ein sjanse og reiser tilbake til heimlandet. Kanskje kjem dei tilbake til Noreg litt lettare til sinns enn då dei drog, for dei har vore til hjelp for far og mor. Og som ein bonus har barna hatt gylne dagar saman med slektningar dei før berre hadde høyrt om.

Det var mange som fekk seg ein støkk då innvandrings- og inkluderingsministerSylvi Listhaug (Frp) oppmoda norske lærarar om å melde frå om barn av asylsøkjarar som har vore på ferie i heimlandet.

Listhaug sjølv forsvarar utspelet sitt med at det handlar om rettferd og tillit i asylsystemet. Ho har rett i at juks undergrev systemet. Men ved å be lærarar angi barn, gjekk ho over ei grense. Barn skal kunne kjenne seg trygge på skulen. Læraren skal vere på barnet sitt parti.

Difor var det bra atErna Solberg nyanserte saka, atJonas Gahr Støre tok avstand frå utspelet, og ikkje minst at Utdanningsforbundet kontant avviste det heile.

Vi kan ikkje ha ein flyktningpolitikk basert på frykt og mistenkeleggjering, slik oppmodinga om å angi kunne lesast som eit eksempel på. Vi må ha rom for nyansar i debatten. Rom for både reglar og nåde. Nokre kan ha hatt gode grunnar for å reise heim. Og ikkje minst: mange har hattlov til å reise heim.

Når ein person har fått innvilga flyktningstatus i Noreg, fordi det er fare for forfølging i heimlandet, kan han ikkje reise heim utan at det kan få konsekvensar for opphaldsløyvet. Dette går fram av utlendingslova § 28.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men ektefellen og barna kan likevel ha lov å reise heim, dersom dei fekk opphald på grunn av familiegjenforeining. Vidare kan dei som har fått opphaldsløyve på humanitært grunnlag, oftast reise heim. Likeeins dei som har vore her så lenge at dei har fått norsk statsborgarskap. Fleire eksempel kunne vore nemnde.

Nokre har altså lov å reise heim, andre ikkje. Dette er komplisert. Korleis tenkte Listhaug at lærarar eller andre varslarar skulle klare å skilje mellom lovlydige og lovbrytarar?

Å oppmode til generell klappjakt på flyktningar som reiser heim på ferie, er lite klokt. Det blir sådd mistillit til ei heil gruppe. Vi får inntrykk av at dei lurer til seg noko dei ikkje har krav på. At dei ikkje er reelle flyktningar som treng vern.

Vi skal ikkje vere naive i innvandringspolitikken, for visst finst det folk som vil utnytte systemet. Og vi skal tale sant om utfordringane som følgjer med radikal islam når det gjeld kvinnesyn og ytringsfridom.

Det tener Listhaug til ære når ho uredd utfordrar den muslimske teologenTahrir ul-Qadri for å tale med to tunger – mot terror på ein norsk leir mot ekstremisme, og for dødsstraff for blasfemi i Pakistan.

Men i valkampens hete, og i iveren etter å avsløre juksemakarane og avkle islamistane, skal vi vakte oss vel for å mistenkjeleggjere ærlege menneske.

I ein valkamp der det fantastiske har skjedd, at norske, kristne verdiar er blitt eit brennheitt tema, er det freistande å minne om kva desse kristne verdiane er, kort oppsummert.

Det er å elske Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit – og nesten din som deg sjølv. Det er dette som er kjernen. Nestekjærleik har alltid vore eit kjenneteikn ved den kristne kyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det norske kristenfolket har vore eit misjonsfolk. Eit folk som har strekt seg langt og gitt tid og pengar for at menneske lokalt og globalt skulle få eit betre liv – gjennom samfunnsbygging og evangeliet om Jesus.

Det er dette som er det norske kristenfolket sin identitet. Det er dette som er dei norske, kristne verdiane. Ikkje framandfrykt. Det er ikkje innvandrarane som først og fremst trugar dei norske, kristne verdiane.

Den største trusselen utgjer vi sjølve, når nordmenn blir så sekulære at vi ikkje lenger veit kva kristen tru handlar om. Vi må ikkje bli så redde for dei framande, at vi blir framande for våre eigne verdiar.