JESUS: «I intervju med kristne frå Syria og Irak spør eg ofte kva som held dei oppe. Kva er det som gir styrke til å halde ut minna om gårsdagen og til å møte morgondagen? Utan unntak har dei svart «Jesus», skriver redaktør i Dagen, Kari Fure, på lederplass. Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

Lyset som skin i mørkret

lørdag 16. desember 2017

Lederartikkel

Lydias blikk var så mildt, så fullt av kjærleik. Ho hadde hatt all muleg grunn til å klage bittert. I staden sat ho ved sjukesenga til mannen og var takksam for Guds omsorg gjennom eit langt liv.

Snart snur sola. Det er ei stor trøyst å vite at det snart går mot lysare tider, desse desemberdagane då det er mørkt både når vi går på jobb og når vi kjem heim.

Lengten etter solsnu og lysare dagar har eg frå mor mi. Heime i Olden der eg vaks opp, er fjella så høge at sola forsvinn frå grenda vår midt på vinteren. Til lengre ut i november vi kom, til mindre ser vi av sola.

Til slutt sender ho berre nokre hastige strålar inn i stova vår, frå eit skar inst i dalen. Så blir ho heilt borte. Det vil seie, ikkje absolutt borte, for ho skin framleis på fjelltoppane. Og når dagen går mot kveld, farga ho snøen rosa høgt der oppe.

Når sola blir borte, byrjar mor mi å telje ned, heilt til ho 21. desember begeistra kan slå fast: I dag snur sola! Eit par veker seinare, alt etter kva tid véret og skodda gjer gjensynet muleg, kan ho med endå større glede fortelje at sola har kome tilbake.

Mor mi er flink til å legge merke til skiftingane i naturen. Utover etterjulsvinteren gler ho seg over at sola klatrar litt høgare for kvar dag. For den som bur i ein dal under høge fjell, veit å setje pris på lyset.

«Det folket som vandrar i mørket, skal sjå eit stort lys», les vi i Jesaja 9. Det er dette lyset vi ventar på no i adventstida. Vel er det ei trøyst midtvinters å vite at det ikkje skal vere like bekmørkt for alltid. At det snart går mot vår og lysare dagar. Men den verkeleg store gleda er å vente på han som er verdas lys.

Forfattaren Jostein Ørum skriv det slik i ei vakker lita bok med adventsmeditasjonar:

«Jeg kan se et lys. Det skal ikke alltid være mørkt. En dag kommer lyset tilbake. En dag skal skyggelandet vi bor i, bli ugjenkjennelig av lys».

Og han held fram: «Helt ned i dødsskyggens dalbunn skal dette lyset nå. Helt inn til det mørkeste hjerte skal det finne veien. I den tetteste natten skal strålene lyse vei».

Det finst så mange slags mørke dalbotnar. Nokre ber vi inni oss. Andre er eit resultat av krise og krig. Eg har møtt mange som har flykta frå krigens dalbotnar.

I intervju med kristne frå Syria og Irak spør eg ofte kva som held dei oppe. Kva er det som gir styrke til å halde ut minna om gårsdagen og til å møte morgondagen? Utan unntak har dei svart «Jesus».

Det sterkaste møtet med noko medmenneske dette året hadde eg i Beirut no i haust. Lydia og Pedros var frå Irak, men hadde ønskt å emigrere sidan dei var nygifte på 70-talet.

Dei kom seg ikkje unna, og Pedros måtte gjere militærteneste for Saddam i årevis. Til slutt kom dei seg til Syria i 2010, berre for å oppleve at opprøret mot Assad braut ut året etter og tvang dei på flukt igjen.

No budde ekteparet på eit lite rom, der sengane tok det meste av plassen. Dei fire vaksne barna budde spreidde i tre andre land, slik det ofte er for irakiske flyktningfamiliar. Men Pedros kom ikkje til å flykte fleire gonger. For han ville dette rommet bli siste stoppestad. Han låg for døden med kreft.

Auga hans var store og mørke i det avmagra andletet. Håret og skjegget var blitt drivande kvitt. Kona følgde kvar minste rørsle med blikket. Ho skjøna når han trong vatn, hjelpte han til å snu seg og gav morfin når smertene ikkje var til å halde ut.

Lydias blikk var så mildt, så fullt av kjærleik. Ho hadde hatt all muleg grunn til å klage bittert. I staden sat ho ved sjukesenga til mannen og var takksam for Guds omsorg gjennom eit langt liv.

«Kvar hentar du styrken din frå?» spurde eg.

«Det spør alle om. Eg svarer alltid Jesus. Han er min ven», sa ho og siterte Salme 23: «Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko», sa denne kvinna som hadde brukt opp alle pengane sine på medisin til mannen. Og ho heldt fram: «Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.»

«Det er slik det er», sa ho.

Snart snur sola. Det skal bli godt. Men endå betre: Snart skal vi feire barnet i krybba. «For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste».

Då sonen besøkte Pedros for å ta farvel i sommar, var farens siste ord: «Hald deg nær til Jesus, son min». No har Pedros fått fred. Ei lita veke etter at eg kom heim, fekk eg melding om at han var død.

Sjølv om dei måtte flykte frå krig, var Lydia og Pedros trygge i trua på fredsfyrsten. Når dei opplevde mørke, fann dei håp i han som kan lyse opp i dødsskuggens dal.