Kjærleikssorg

Der skjer to stormønstringar på kristenfronten denne helga. Ei i Trondheim og ei i Stavanger. Kyrkjemøtet og Impuls. To mønstringar som er svært ulike når det gjeld makt, innverknad og kyrkjeleg pondus, men som begge er viktige.

Nett-TV: Følg Kirkemøtet direkte

Les flere saker fra Kirkemøtet

Artikkelen fortsetter under annonsen.

---

Den eine fyller mange trufaste kyrkjegjengarar med sorg. Den andre gir håp.

Måndag vedtekKyrkjemøtet ny vigselsliturgi. Bibelens ord om ekteskapet som ei ordning for éin mann og éi kvinne blir erstatta med kjønnsnøytral liturgi. I kyrkjemøtesalen sit eit fleirtal som feirar og eit mindretal som må erkjenne at kampen er tapt i denne omgang. Ute i kyrkjelydane er kjenslene like blanda. Nokre er nøgde. Andre kjenner på tap, samvitskonflikt og uro for framtida.

LES:Advarte mot selvopptatt kirke

Når mange denne helga rett og slett sørgjer, er det fordi ein opplever at kyrkjemøtevedtaket bryt med Guds heilage ord og skadar ei kyrkje som ein elskar. Kjærleikssorg. Det er dét det er.

For det er ikkje tvil om at mange elskar kyrkja si. Dei vakre kyrkjene står som landemerke rundt i bygder og byar. Her samlast menneske i glede og sorg. Her er folk blitt døypte og konfirmerte, dei har feira bryllaup og følgt sine kjære til grava. Den lokale kyrkja er både ei ramme for fellesskap og identitet og eit gudshus ein søkjer til for å be, høyre Guds ord og feire nattverd. Det er stort å få vere del av ein slik fellesskap.

Like fullt er det ein del som no tel på knappane. Skal ein bli verande i denne kyrkja som ein er så glad i, eller er tida moden for å bryte opp? Respekt blir eit nøkkelord i tida som kjem. Respekt for dei som har eit klassisk bibelsyn og som av samvitsgrunnar vel å melde seg ut. Respekt for dei som har det same bibelsynet og vel å bli verande, fordi det er så mykje som er verd å kjempe for i denne kyrkja. Så skal ein også prøve å leve respektfullt saman med to syn på ekteskapet. Spørsmålet blir om denne respekten går begge vegar. OmDen norske kyrkja klarer å praktisere trus- og samvitsfridom. Eller om dei som står for eit klassisk bibelsyn i praksis blir pressa til å teie. Eller dersom ein ikkje teier – blir gjenstand for hets og hissige medieoppslag.

I krevjande tider er det klokt å løfte blikket for å få eit breiare perspektiv på situasjonen. Éin ting er at det er sunt å minne kvarandre på at Bibelen sier vi skal vere budde på å møte motstand. At motstand og forfølging har vore ein normaltilstand i kyrkjehistoria, har vore lett å gløyme i hittil homogene Noreg. I dagens forfølgde kyrkje ute i verda er det mykje visdom å hente om korleis ein kan hente styrke hos Gud og den kristne fellesskapen til å stå fast når det stormar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES:Her møtes de konservative

Så må vi også hugse at Gud ikkje gav ei ånd som gjer motlaus. For løfter vi blikket, ser vi at det er mykje å glede seg over i Kristen-Noreg. Dei siste vekene har Dagen skrive om talet på misjonærar som faktisk aukar etter år med nedgang, og om muslimar som kjem til tru på Jesus. Vi har skrive om kyrkjer og bedehusforsamlingar som satsar friskt og byggjer nytt. Vi har rapportert om stor oppslutnad om felles bøneveke i Oslo – og i går skreiv vi om Impuls i Stavanger, der 2500 ungdommar skal samlast denne helga til lovsong og forkynning. Dei siste ti-femten åra har tusenvis av ungdommar fått eit nært og solid møte med evangeliet på denne konferansen. Mange av dei er konfirmantar. Dei som arrangerer Impuls, fortener stor takk.

Lovsangsleiar iIMI Kirken,Thomas Wilhelmsen, fortalde iintervjuet med Dagen om korleis evangeliet forvandla hans eige liv for 18 år sidan: «Min ungdomstid gikk med til å løpe fra noe, frykte og å være alene. Så møter jeg Jesus og får et nettverk, en ny identitet og finner en kjærlighet til meg selv. Jeg har fryktelig lyst til å gi videre det jeg selv har fått oppleve», sa han.

Det er det dei gjer denne helga iStavanger: Dei gir vidare det dei har fått. Dei forkynner eit klart evangelium. Og dei innbyr til frelse.

Når alt som kan mobiliserast av kyrkjeleg pondus er samla iTrondheim, er det lett å tru at det er her det meste av betydning skjer. Konsekvensane av måndagens vedtak blir då også store og alvorlege. Ein kollega hadde likevel følgjande kommentar då han las gårsdagens artikkel om Impuls: «Kanskje er det rett og slett i Stavanger det viktigaste skjer denne helga.» For der menneskeliv blir forvandla i møte med Jesus, der kan alt skje.