BARN: «Dersom vi som samfunn verkeleg meiner at fødselstala må opp, må det gjerast noko med denne urettferda», skriver Kari Fure på Lederplass. Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

Studentmødre og fødselstal

lørdag 16. juni 2018

Lederartikkel

Det var flott å vere studentforeldre. Vi var unge, energiske og fleksible.

Eg var student då eg fekk den eldste sonen min, i desember 1990. Termindatoen var sett til dagen etter siste eksamen på sosialøkonomi grunnfag, og guten var grei og kom ikkje før ei veke seinare.

Vi rakk akkurat heim til jul. Ikkje til det vesle husværet eg og mannen min leigde i Sandviken i Bergen, men til foreldra mine. Far henta oss på hurtigbåten i Måløy og køyrde oss heim til Olden. Eg hugsar synet av den vakre, nye vogga som sto og venta i stova. Far hadde laga ho sjølv, til det første barnebarnet. Og eg hugsar orda til mor mi då juleferien var slutt:

«Eg har følgt med på dykk. Dette går bra», sa ho då ho vinka oss ferske foreldre avgarde til Bergen.

Det gjekk bra. Rett nok byrja eg på mellomfag rett etter jul, då sonen berre var ein månad gammel. Dels på grunn av ungdommeleg overmot og dels fordi Lånekassen meinte eg var forseinka med studieprogresjonen, så eg ville kome tilbake på rett spor. Det vart altfor travelt.

Dessutan følgde vi råda til helsesøstera altfor slavisk. Så då datoen for babyens første tallerken med fast føde, altså graut, fall saman med dagen før eksamen, ja, då fekk han graut den dagen. Guten var glupsk. Han åt ein heil tallerken og hylte heile natta. «Dette kan eg, men eg vil berre sove», var den første tanken då eg såg eksamensoppgåvene.

Men elles gjekk det bra. Mor mi hadde rett. Det var flott å vere studentforeldre. Vi var unge, energiske og fleksible. Å ha barn tvang oss å strukturere tida godt.

Barneminister Linda Hofstad Helleland (H) gjekk nyleg ut og sa at ho er uroleg for låge norske fødselstal. Norske kvinner ventar for lenge med å få barn. Nokre ventar så lenge at det blir seint, og eldre førstegangsfødande får gjerne færre barn enn dei som blir mødre tidlegare i livet.

Snittalderen for førstegangsfødande i Oslo er no 31,1 år. Fødselsoverskotet i Noreg er det lågaste på 33 år. Ifølge Statistisk Sentralbyrå vart det i fjor født 2.300 færre barn enn året før. Vi er nede på 1,62 barn per kvinne. Det er det lågaste som nokon gong er målt her i landet. Tala frå SSB viser at særleg kvinner i 20-åra er blitt mindre fruktbare.

Også i Sverige og Danmark blir det ropt varsko. For få barn kjem til verda. På sikt er utviklinga ein trussel mot berekrafta i velferdssamfunnet. Det blir for få skattebetalarar og for få hender til å gjere dei nødvendige oppgåvene i framtida.

Ønsket om å bli ferdig med studiane først, er ein av grunnane til at kvinner ventar med å få barn. No vil barneministeren legge betre til rette for par som ønskjer å få barn medan dei framleis studerer. Det same sa nesleiar i Ap, Hadia ­Tajik, i VG-redaktør Hanne Skartveits podkast nyleg. Dette er ­viktige og gledelege signal.

Mi eiga erfaring var at det var uproblematisk å få ein son, og etterkvart tre, for sjølve studiane sin del. Etter kvart fekk vi familiebustad gjennom studentsamskipnaden. I tre år budde­ vi tett i tett med andre studentfamiliar på eit tun der det ­myldra av barn. Det var gode år. Men økonomien og tilgang på barnehageplass vart ei utfordring. Det året mannen min hadde tent litt meir enn Lånekassen tillet, slik at vi fekk mindre lån utbetalt, vart tøft. Og då vi fekk avslag på søknad­en om barnehageplass til tredjemann, medan eg var midt i hovedfaget, vart det full stopp i ein periode.

I dag er det full barnehagedekning, i alle fall i teorien. Student­økonomien er likevel framleis ei utfordring for mange par som vurderer å få barn. Medan ei mor som har jobba seks måneder av svangerskapet kan få utbetalt heilt opp til 580.000 kroner, vil ei som ikkje har opptent rett til foreldrepengar kun få 63.000 i eingangsstøtte. Differansen er enorm. For meg var det eit stort privilegium å kunne vere heime eit heilt år med 80 prosent løn då den fjerde sonen kom. Det er ikkje rart at mange ventar med å få barn når det blir eit val mellom smalhans og velstand.

Dersom vi som samfunn verkeleg meiner at fødselstala må opp, må det gjerast noko med denne urettferda. I tillegg til fleire familiebustader for studentar og fleksible reglar når det gjeld Lånekassen og utsetjing av eksamen, må økonomien for unge foreldre bli vesentleg betre. Truleg vil endå fleire unge kvinner då våge å bli gravide. Men saka har også ei anna side: Truleg vil fleire gravide unge kvinner då våge å behalde ­barnet. Aborttala er nemleg høgast i alderen 20-29 år, akkurat i dei åra leiande politikarar no seier at dei vil satse på.