BIBELEN: Difor lanserte Luther tanken om sentrum og periferi i Bibelen. Ikkje alt som står der, er like sentralt for kyrkja, for trua, for dei kristne, skriv Magnar Kartveit.

Kva kan Bibelen brukast til, og kva skal han ikkje brukast til?

Me drikk ikkje Bibeltekstar for å få betre helse eller høgare formue. Luthers idear om sentrum og periferi og om ei utvikling i innhaldet i Bibelen har prega dei fleste brukarane av Den heilage skrifta i vår tid.

Kan ein få ein betre eksamen med Bibelen? Kanskje ha hellet med seg med det andre kjønn? Eller sikra gode inntekter? Alt dette har Bibelen blitt brukt til i somme kulturar. Ein må ta ein bibeltekst, riva arket opp og bløyta det i ei viss blanding, og drikka det heile. Så vil effekten bli slik ein ynskjer.

Personar som overtar eit embete, må ofte sverja ein truskapseid. Med venstre handa på Bibelen og høgre handa lyfta lovar dei å halda seg til reglane som embetet krev. Bibelen sikrar at eiden er alvorleg og lovnaden påliteleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I kulturar der heilage bøker er heilage i seg sjølve og blir respekterte for det, kan ein ikkje behandla Bibelboka lettferdig. Ho kan ikkje leggjast på golvet, ikkje plasserast uverdig, ikkje bli gjenstand for forakt. Med begge hender kan ein lyfta boka, leggja henne frå seg, opna henne.

Bibelen blir i slike samanhengar oppfatta som Guds nærver, som Guds hand og munn og vilje mellom menneske. Bibelen inneheld Guds Ord, og det kan tolkast konkret. Sjølv om den Bibelboka ein brukar, er ei omsett bok, kan ein tenkja at Guds ord er konkret til stades i omsetjinga også, og dermed er Gud sjølv til stades. Då må ein behandla boka med respekt, og ein kan bruka Bibelen til å sikra alvor og forplikting ved innsetjing i eit embete, eller til hell og framgang ved å drikka tekstane.

I den jødiske festen Simkhat Torah blir rullane med Mosebøkene lyfta høgt og borne rundt i synagoga sju gonger. Simkhat Torah tyder «Glede over Lova», det vil seia Moselova, det vil seia Mosebøkene. Når Torah-rullane blir lyfta fram slik, er det av respekt for teksten, men også fordi det markerer at alle dei fem Mosebøkene er lesne i det året som har gått. Festen er siste del av Lauvhyttefesten, som oftast i september-oktober.

Turistar som besøkjer samaritanane, kan oppleva å få sjå ein spesiell rull av Mosebøkene, den sokalla Abisja-rullen. Samaritanane seier han vart skriven av Abisjua, son av Pinhas, son av Elasar, son av Aron, bror av Moses. Etter tradisjonell rekning skulle då denne rullen med Mosebøkene koma frå 1100-talet før Kristus. I realiteten er rullen truleg skriven av øvstepresten Abisja på 1400-talet etter Kristus, og det gjeld berre deler av han. Totalt har det tatt mange hundre år å skriva alle delene av rullen. Men respekten for Moses og for Mosebøkene har gitt skriftrullen ein langt høgare alder for samaritanane, som ikkje er så opptekne av kva forskarane måtte ha å seia.

Kva med innhaldet i Guds ord? I ein norsk samanheng er ein slik respekt for sjølve Bibelboka ikkje så vanleg lenger. Nordmenn hadde ærefrykt for Bibelen den gongen han berre eksisterte på latin, og den enklaste tilgangen til innhaldet for vanlege folk var maleria på kyrkjeveggene av bibelske hendingar. Med Martin Luther kom Bibelen på tysk, dansk, og i det tjuande hundreåret også på norsk. Dermed kunne alle lesa sjølve kva som stod der, og for mange kunne det vera overraskande.

Difor lanserte Luther tanken om sentrum og periferi i Bibelen. Ikkje alt som står der, er like sentralt for kyrkja, for trua, for dei kristne. Han karakteriserte Moselova som jødane sin Sachsenspiegel, som ville tilsvara Gulatingslova i Norge. Ho var gyldig ein gong, og for jødane, men ikkje lenger og ikkje for dei kristne.

Dermed kom også ein annan tanke inn: det er ei historie i Bibelen. Ikkje berre ei historie som er fortalt frå Adam til Kristus og til den nye himmel og den nye jord, men ei utvikling i innhaldet i Bibelen. Luther presenterte dermed den tanken som dominerer i Hebrearbrevet, at det finst eldre og yngre typar forståing av Gud og hans gjerning.

LES: Jeg har meldt meg ut av Den norske kirke

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På Hebrearbrevet si tid var den vanlege tanken at det eldre var meir påliteleg enn det yngre. Dermed skulle Det gamle testamentet ha meir vekt enn dei nye skriftene, nemleg evangelia og breva i Nytestamentet. Hebrearbrevet snur opp-ned på denne tankegangen, for å få fram at Guds handling i Jesus er viktigare enn hans handling gjennom Moses. Dei kristne såg det slik at Jesus var Guds nye nærver, og det var annleis enn det som var tilfellet tidlegare. Jesus var den nye pakt, Moses den gamle. I strid med gjeldande tankegang vart dermed det nye tillagt større vekt enn det gamle.

Men dei kristne kasta ikkje over bord Det gamle testamentet likevel. Tvert om fekk det ein ny verdi: det inneheld profetiar om Jesus. Desse peika framover mot han som kom. Det gamle testamentet vart på den måten hovudkjelda for å forstå og forklara Jesus. Som kjent avviste dei fleste på hans tid at han skulle vera Messias og Guds son. Dei som trudde på han, måtte difor grunngi si tru på ein tilforlateleg måte, og då var det berre eitt bevismateriale som alle jødar var enige om: Det gamle testamentet. Den som tok stilling til Jesus, måtte bruka argument frå Det gamle testamentet.

I vår kultur er interessa for Bibelen bygt på innhaldet i han, ikkje på den ytre effekt som boka eller tekstane kan ha. Me drikk ikkje Bibeltekstar for å få betre helse eller høgare formue. Luthers idear om sentrum og periferi og om ei utvikling i innhaldet i Bibelen har prega dei fleste brukarane av Den heilage skrifta i vår tid. Når ein les ein setning eller to til oppbygging, tar ein tekstar som blir oppfatta som sentrale, ikkje dei som ein reknar som perifere. Også den offisielle bruken i gudstenesta er bygt på same tanken: noko er viktigare enn anna. Det som dreier seg om Kristus, har prioritet.

LES: Like trygg som Luther

Fordi Bibelens innhald har gjennomgått ei utvikling, lærer Hebrearbrevet oss, er det også ei oppgåve å spora denne utviklinga. Forskarar har dei siste par hundre åra arbeidt med dette spørsmålet, og teikna ei line frå dei eldste tekstane til dei yngste. Her har mange tekstfunn hjelpt godt. Spesielt har tekstane frå Qumran ved Dødehavet vore viktige; i 1947-55 kom det for dagen over 800 tekstar, og mellom dei over 200 Bibeltekstar. Mange andre tekstfunn har bidratt: tekstar innhogne på stein eller brent inn i leirtavler. Dei gamle kulturane frå Egypt, Jordan, Libanon, Tyrkia, Syria, Irak og Iran har blitt levande gjennom arkeologi og tekstar, og desse har kasta mykje nytt lys over Bibelen.

Ein luthersk bruk av Bibelen er basert på desse to tankane: det er eit sentrum og ein periferi der, og innhaldet har utvikla seg gjennom mange hundre år.

Les også
Like trygg som Luther
Les også
DnK: Fra Kristi kirke til kultur- og samfunnshus
Les også
Jeg har meldt meg ut av Den norske kirke
Les også
Kan ikke leve med, kan ikke leve uten
Les også
Vil ha ung jord inn i klasserommet
Les også
Frøet som landet i hjertet