ARBEID: I overført betydning har vi land å innta i denne verda. Vi står i eit åndeleg arbeide, og skal vinne menneske for den himmelske stad. Ved sidan av å nå andre nasjonar og folkeslag med evangeliet, har indremisjonsfolket eit særleg kall til å nå vårt eige folk, skriv Erik Furnes. Biletet er frå eit tidlegare arbeidarmøte.  Foto: Johanna Hundvin Almelid

Vi har mykje land å innta

tirsdag 26. juli 2016

Kristenliv

Så kva visjon har du og eg? Vert vi lamma av alle hinder? Vert vi styrte av menneskefrykt? Er vi redde muslimar som kjem til landet? Vert vi lamma av åndssituasjonen, kyrkjesituasjonen og negative samfunnstrekk? Eller har vi framleis tru til Guds ord og lovnader?

Indremisjonsforbundets 
styre har kalla inn til generalforsamling denne veka. Inspirasjonen til mottoet «Innta landet!» er henta frå første kapittelet i 5. Mosebok, der Moses i sin tale til Israelsfolket fleire gonger minner om Herrens ord om at dei skulle ta landet i eige.

«Sjå, Herren din Gud har gjeve dykk landet. Far opp og tak det i eige, slik Herren, Gud åt fedrane dykkar, har sagt deg! Ver ikkje mismodig, og reddast ikkje!» (5.Mos. 1:21).

LEDER: Foran ImFs generalforsamling

Etter at dette folket hadde vandra gjennom øydemarka, sende dei ut 12 speidarar som skulle kome med rapport tilbake om landet dei skulle innta. Alle 12 såg det grøderike landet, og alle 12 såg også kjempene, borgene, murane og dei sterke byane.

To av dei hadde tru til Guds lovnader, og sa: «Vi vil dra opp og ta landet i eige! Vi skal nok få det i vår makt». Men dei ti andre sa «Vi maktar ikkje å dra opp mot dette folket, for det er sterkare enn vi» (4.Mos.13;30).

Dei to speidarane hadde ein visjon som gjorde at dei heva blikket over dei menneskelege hinder. Dei rekna med Gud og Guds løfte i den situasjonen som låg framfor dei. Dei var i stand til å sjå det Gud skulle gjere førti år seinare, den dag då basunen lydde for sjuande gong og dei gjekk sju gonger rundt Jeriko og murane fall. Med trua sitt blikk såg dei det Gud hadde lova dei.

Dei ti andre såg berre problem og vart lamma av frykt, og det var desse som fekk folket med seg. Dermed vart Israels barn ført ut i ørkenen att. Etter 40 år var det berre dei to ­visjonære speidarane som fekk sjå opp­fyllinga av Herrens ord. ­Resten døydde i ørkenen.

LES: Ønsker å samle til ett bedehus-trossamfunn

I overført betydning har vi land å innta i denne verda. Vi står i eit åndeleg arbeide, og skal vinne menneske for den himmelske stad. Ved sidan av å nå andre nasjonar og folkeslag med evangeliet, har indremisjonsfolket eit særleg kall til å nå vårt eige folk.

Så kva visjon har du og eg? Vert vi lamma av alle hinder? Vert vi styrte av menneskefrykt? Er vi redde muslimar som kjem til landet? Vert vi lamma av åndssituasjonen, kyrkjesituasjonen og negative samfunnstrekk? Eller har vi framleis tru til Guds ord og lovnader?

Under denne generalforsamlinga vil vi lansere nye ressursar innan barne- og ungdomsarbeidet som skal hjelpe oss til å leve opp til vårt motto: «Med Guds ord til folket». Vi skal sette fokus på å byggje livskraftige forsamlingar i bedehusland. Vi skal forbetre lovene våre slik at dei er tenlege for organisasjonen vår. Framfor alt samlast vi likevel til forkynning og undervisning som skal motivere og gje oss fokus på vårt kallsoppdrag.

LES OGSÅ: Nå kan menn bli i mindretall

Dei som døydde i ørkenen var Guds folk. Dei levde under den gamle pakts lov og rettferdiggjering. Dei bar fram soning for sine synder, slik Herren hadde forordna. Dei var ikkje blitt eit heidningfolk, og var framleis Guds eigedomsfolk med lovnadane, gudstenesta og alt det der.

Alle som levde med Herren og bar fram offer av eit ærleg hjarte skal ein dag samlast i Lammets bryllaup i Himmelen. Men alvoret er: Dei døydde i ørkenen utan å innta landet! Det er fleire grunnar til at kristne forsamlingar og fellesskap døyr ut i landet vårt, men ein av dei er at visjonen om å innta landet har slokna. Det er her vekkinga må starte.