Utviklinga i Den norske kyrkja

Det einaste som kan berge situasjonen er vi får oppleve ein gjennomgripande landsvekking der folket vårt får møte ein heilag Gud. Og der synd blir synd, og nåde blir nåde.

Harald Myklebust harbåde den 29. november og tidligare hatt artiklar i Dagen der han til dels kjem med sterk kritikk av kristne som ut frå sitt samvit går ut avDen norske kyrkja og finn andre fellesskap for å ta vare på sitt gudsliv og framleis stå i ei teneste for Jesus Kristus. Siste artikkel gjeld husfellesskap, som bådeNLM ogImF har lufta kan vere eit alternativ der kristenflokken er liten og avstanden til større forsamlinger er stor.

Eg trur at det kan vere grunn til å resonnere litt over korleis forholda i Dnk har utvikla seg. I 1953 hadde vi den såkalla «Schjelderup-striden», der ein biskop forkasta læra om at den som seier nei til Guds nådetilbud i Kristus går fortapt. Han vart sjølvsagt «frikjent» av departementet, men så skulle biskopane kome med si fråsegn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så viste det seg at det var berre ein, biskop Rangvald Indrebø i Bjørgvin, som tydleg vitna bibelsk klart i saka. Hans Sandvoll, mangeårig formann iDVI, sa då: «Biskopane hadde no eit høve til å markere seg som hyrdar for kristenfolket i Noreg, men dei svikta. Dei vil etter dette aldri kunne innta ein slik posisjon.» (formuleringa etter minne) Tala Hans Sandvoll «profetisk» her? La det spørsmålet få stå.

Det har no gått 63 år. Så kan vi stille spørsmålet: Ville biskop Indrebø og hans kollega i det heile kunne tenkje seg å vere med på det som dagens biskopar no tilrår? Eg trur vi alle veit at svaret er nei.

Eg ser for meg at kyrkjeleiarane står opp i ei trapp. Tidlegare stod dei der og heldt fast på Skrift og vedkjenning. Men så har bibeloppløysande teologi og tidsånda pressa leiarskapet trinn for trinn nedover. Kan du sjå for deg utviklinga? Jesus ord: «Kvart rike som ligg i strid med seg sjølv, vert lagt i øyde...» (Matt 12,25) Eg trur at dersom utviklinga forsette slik, så vil nok Dnk kunne halde fram som ein «religiøs institusjon», men den kan ikkje pårope seg å representer Jesu Kristi sanne kyrkje.

Er det då rart at ein del kristne finn at «begeret er fullt»? Det einaste som kan berge situasjonen er vi får oppleve ein gjennomgripande landsvekking der folket vårt får møte ein heilag Gud. Og der synd blir synd, og nåde blir nåde.

Carl Fr. Wisløffsa til meg ein gong. «Jeg tror at til lenger vi kommer ut til avslutningen av nådens tid vil de som tror på en hel bibel mer og mer bli presset sammen på tvers av tidligere skillelinjer.» Også «profetisk» tale spør du meg.