NØKTERNT: Det er grunn til å sjå nøkternt på reformasjonen. Avhengig av perspektiv, vil vi framheva ulike sider. For - som alle ting menneskelege - har også denne gode gåva hatt følger ein ikkje bare kan gleda over, skriv Kjetil Aano. På biletet ser vi pave Frans under eit besøk i den lutherske kyrkja i Roma i november i fjor. Paven kjem til Sverige i oktober.  Foto: Tony Gentile, Reuters/NTB Scanpix

Reformasjonens frukter

torsdag 9. juni 2016

Kristenliv

Luthers reformasjon – saman med andre impulsar – førte til endringar også i den katolske kyrkja. Og desse endringane har halde fram.

Neste år, i 2017, skal den globale kyrkja markera at det er 500 år sidan reformasjonen. I 1517 spikra Luther sine teser på slottsporten og inviterte til ei teologisk drøfting av avlat. Det førte til sterkare reaksjonar enn nok han hadde venta, og så rulla ballen.

Fram til då var den katolske kyrkja einerådande i det vestlege Europa. Mange reformrørsler hadde oppstått før. Noen var blitt trykt ned. Andre blei integrert i kyrkjas mangslungne struktur. Men på 1500-talet blei spenningane så store at før eller seinare ville kyrkja blitt delt.

Nå var det Martin Luther det skjedde ved. Og saman med han kom ei rekke reformrørsler som splitta kyrkja opp i ulike konfesjonar. Som luthersk kristen er eg takksam for reformasjonen. Evangeliet kom fram, og det blei tatt nødvendige oppgjer med både økonomisk, administrativ og teologisk misbruk.

LES: Ofret sveisen for Martin Luther

Det er ikkje lenger god latin å gi refomasjonen heile æra for framveksten av den moderne verda, med demokratiutvikling, menneskeverd og økonomisk vekst. Samanhengar er ofte meir komplekse enn vi tenker.

Men det er eit samanfall i tid: Det var med reformasjonen at svært mange prosessar som vi i dag haustar fruktene av, starta. Kjeldene var truleg mange. Også katolsk humanisme (til forskjell frå dagens sekulære humanisme) ga viktige bidrag. Og samtidig har vi lært at middelalderen slett ikkje bare var mørk og uvitande.

Reformasjonen innleia også i vanskeleg tid, der tilhøvet mellom politiske einingar i Europa og verda måtte teiknast på ny, og der tilhøvet mellom religion og politisk makt blei endra. Resultatet var både uro og krig. Men samtidig har vi grunn til å takka reformasjonen for svært mange ting. I dag vil eg framheva tre:

Gudstenestefornying: Ola Tjørhom har i Luthersk Kirketidende peikt på at reformasjonene ga oss ei ny forståing av kva gudsteneste er: Det er Gudsfolkets møte med sin skapar og frelsar, der vi alle er aktørar.

Deltakinga kjem til uttrykk på mange måtar, også gjennom at felles salmesang fekk ein heilt ny plass. Fellessangen har tilført gudstenestefeiringa ein ny dimensjon. Luthers frimodige bruk av samtidas musikk opnar for stadig nye uttrykksformer og utfordringar.

Globaliseringa av kristen tru: Katolsk misjon har tenkt og handla globalt også før reformasjonen. Men den sterke misjonsbølga som oppsto rundt 1800 og til dels held fram til i dag, er også ei frukt av reformasjonen. Reformasjonen gjorde kyrkja meir global og samtidig meir oppsplitta.

KRONIKK: Ei strategisk tid for luthersk handling

Katolsk reform: I luthersk kyrkjehistorie blir det kalla motreformasjonen. I vår økumeniske tid vil vi truleg kalla det noe anna. Men poenget er at Luthers reformasjon – saman med andre impulsar – førte til endringar også i den katolske kyrkja. Og desse endringane har halde fram.

Det har veksla mellom periodar med meir brubygging mellom kykjene – og periodar med meir grensesetting. Kor vi er akkurat nå, er ikkje lett å sjå. Etter ei lang periode med godt tøvær fram til eit stykke før tusenårskiftet, har vi nå i noen i tiår opplevd at bremsene er sett på igjen frå katolsk hald. Men det er teikn som tyder på ei ei ny opning. Pave Frans kjem til Uppsala på sjølvaste reformasjonsdagen, den 31. oktober i år...

Det er grunn til å sjå nøkternt på reformasjonen. Avhengig av perspektiv, vil vi framheva ulike sider. For - som alle ting menneskelege - har også denne gode gåva hatt følger ein ikkje bare kan gleda over.

Likevel er det det grunn til å feira. Reformasjonen var ei grunnleggande endring med viktige konsekvenser for den globale kyrkje. Det inviterer også til å reflektera vidare over kva reformasjonen betyr for oss i dag.