Mismot er eit val

Det er heilt greitt at vi deler det vi ser av utfordringar omkring oss, og det er sjølvsagt viktig å vere ærleg om det vi ser, men er det alt vi deler? Har vi gløymd Herrens lovnader til sitt folk?

Ein skal ikkje leite lenge etter mismodige kristne. På ei side sett er det ikkje så rart. Her ein dag leste eg gjennom ein del aviser som hadde samla seg opp, og då eg var ferdig var eg heller nedstemt og deppa. Det er ikkje vanskeleg å finne negative trekk i samfunnsliv, kyrkjeliv, organisasjonsliv, etc.

Men dagen før hadde eg lese i 4. Mosebok kapittel 13 og 14, og då oppdaga eg at vi har eit reelt val om vi vil la mismot og negativitet vere styrande for våre liv. Israelsfolket skulle innta det landet som Herren hadde lova dei, og Moses sende inn i landet ein speidar frå kvar av dei tolv stammene.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då dei kjem tilbake, er alle tolv samde om landets fakta: Det var verkeleg eit godt land, og dei hadde med seg bevis på det. Likevel var det ti speidarar som kom med eit stort «men»: «Men folket som bur i landet, er sterkt. Byane er som borger, og svært store».

Alle dei tolv speidarane såg det same, men berre to valde å sette sin lit til Herrens løfte. Dei ti andre fekk med seg heile folkemassen i eit deprimerande klagerop. Desse ti mennene vart faktisk straffa fordi dei hadde tala ille om landet. Dei talte ikkje som dei gjorde fordi dei var melankolske av natur, men fordi dei let seg styre av vantru.

Vi har eit val om vi let oss styre inn i passivitet og negativitet ut frå det vi ser omkring oss. Vi har alle eit ansvar for kva haldningar vi spreier i våre familiar og forsamlingar. Det er heilt greitt at deler det vi ser av utfordringar omkring oss, og det er sjølvsagt viktig å vere ærleg om det vi ser, men er det alt vi deler? Har vi gløymd Herrens lovnader til sitt folk?

Sist helg var over 300 barne- og ungdomsleiarar samla i Sandnes for å få del i nye ressursar som skal hjelpe oss til å nå fleire barn og unge i Norge med dei gode nyheitene om Jesus Kristus og Guds frelse. Vi vil byggje bibeltillit, og vil at borna og dei unge skal lære å frykte og elske Gud. Vi vil gjere disiplar som kjenner, elskar og tener Jesus Kristus.

Det er enormt kjekt å melde tilbake frå konferansen om optimisme og tru på framtida for det kristne arbeidet i landet vårt. Vi er fullt klar over kva motkrefter som vi har å kjempe med, men det er mitt håp at mange nok set sin lit til kva som skjer når Guds ord vert planta i dei nye generasjonane.

Vi kan ikkje vite om Herren vil sende oss rike vekkingstider. «Dersom Herren har behag i oss, fører han oss inn i dette landet og gjev det til oss – eit land som fløymer med mjølk og honning» (14:8) .

Det vi veit er kva Herren ser til: «Men Kaleb, tenaren min, var det ei anna ånd i. Han har fylgt meg trufast, difor vil eg føra han inn i det landet han har vore i, og ætta hans skal eiga det» (14:24).