Luther gav Berggrav hjelp

Heile tida henta dei argument frå Luthers skrifter og frå Den augsburgske vedkjenninga som sa at når styresmakta krenker retten, er det kyrkja si plikt å ta til motmæle og nekta lydnad.

Då okkupasjonsmakta overtok styringa i Norge i 1940, blei Kyrkja utfordra til å tenkja igjennom si rolle i høve til styresmaktene. Skulle ein bøya seg og lyda dei direktiv som kom frå nazi-styret, eller skulle ein stå oppreist, øva kritikk – og yta motstand?

Situasjonen var vanskeleg, for dei nye maktherrane gav forsikringar om at dei kristne verdiane framleis skulle gjelda, samstundes som dei kom med tvangslover og reguleringar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Også kyrkja skulle styrast med tvang! Prestane si forkynning skulle konsentrere seg om «det rent oppbyggelige og evighetsmessige i evangeliet», heitte det. Katekisma si forklaring til det fjerde bodet skulle no lyda slik: «Frem for alt skylder vi Føreren og statstyret lydighet.»

Men kyrkja ville ikkje vera servil, men stå opp mot det nye som i røynda var ein menneskefiendtleg ideologi. Biskop Berggrav var den modige leiaren som førte an, støtta av mest heile presteskapet og dei kristne organisasjonane og frikyrkjene.

Han henta sine tankar frå Luther. Og det var «Regimentslæra» som no fekk aktualitet. Den gav klare føringar på kva som var «øvrigheten» si oppgåve og når ho gjekk utover sitt mandat, – og kva som var kyrkja si oppgåve.

I januar 1941 sende biskopane ut Hyrdebrevet der det heitte: «Når samfunnets øvrighet tillater vold og urett og øver press på sjelene, da er kirken samvittighetens vokter.» Dette var sprengstoff, og politiet fekk ordre om straks å beslagleggja brevet.

Ei rekke hendingar viste etter kvart at dei nye styresmaktene ville nazifisere ungdommen, og kneble kyrkja sitt kall til å stå opp mot urett og valdsbruk. Det enda med at alle biskopane i februar 1942 la ned sine embete, og prestane fylgde opp og las opp «Kirkens Grunn» påskedag same året.

Det innebar at dei la ned sin statlege del av embetet. Dei kunne ikkje vera lydige mot styresmakter som krenka «retten» og nytta vald for å fremja si sak.

Heile tida henta dei argument frå Luthers skrifter og frå Den augsburgske vedkjenninga som sa at når styresmakta krenker retten, er det kyrkja si plikt å ta til motmæle og nekta lydnad.

Quisling var rasande og planla å skyta biskop Berggrav ved standrett, men frå hovudkvarteret i Berlin kom det ordre om å gå fram med varsemd, slik at dei som no leia motstandskampen, blei arrestert.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det gjaldt Berggrav, som blei internert på hytta si, men også Hallesby og Hope som saman med fleire andre blei fangar på Grini.

Det var Luther si lære om regimenta som hadde gitt inspirasjon og hjelp til å reagere slik dei gjorde. Det er grundig påvist mellom anna av professor Torleiv Austad i hans doktor-avhandling om «Kirkens Grunn».

Denne læra viser kva som er styresmakta si oppgåve – og grensene for denne, at ein skal fremja rett og sanning, og ikkje bruka tvang i samvits-saker. Og at Gud har gjeve kyrkja kall til ikkje berre å nøra truslivet, men også å verna om menneska sin samvit og livskvalitet. Den gir grunnleggjande hjelp til fylgjande:

1: Å plassera gjerningane våre rett. Dei fortener ikkje Guds nåde, men skal utfaldast i verda, i familie yrke og samfunn. Dei verdslege styresmaktene er nemleg Guds regimente, også når det blir utøvd gjennom ikkje-kristne. Samfunnet høyrer Gud til, og den truande er medarbeidar der.

2: Å øva kritikk mot samfunnet sin tendens til «egenlovmessighet», det vil si, at staten vil opptre med sjølvbastalte lover og reglar som devaluerer mennesket.

Sidan det verdslege regimente er Guds regimente, må det stadig korrigerast på Guds vilje både i forvaltning, institusjonar og ordningar. Stundom må kritikken ta form av refs og anklage – ja, sivil ulydnad.

«Noen må våke i verdens natt… noen må være den svakes bror… Noen må bære en annens nød…», som det heiter i ein ny salme me ofte syng i kyrkja.

3: Å hindra at kyrkja opptrer som betrevitande i politikken. Sjølv om kyrkja er sett til å tolka og anvenda Guds vilje for menneska, kan ho likevel ikkje føreskriva staten detaljerte løysingar på politiske saksforhold.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kyrkja kan ta grundig feil når ho skal gje råd, og må difor heile tida vera sjølvkritisk ovafor sitt eige mandat. Kyrkja må unngå «å leke politikk», har ein vis teolog sagt.

Samfunnet er inne i eit endringstempo som aldri før. Vitskap og teknologi pressar fram valmoglegheiter. Samfunnet er blitt fleirkulturelt og uoversiktleg, og mange ropar på ekspertar og byråkratar som skal gje løysingane. I eit slikt perspektiv reiser spørsmålet om ankerfeste og dømmekraft seg med tyngde.

Her stikk Luthers regimentslære seg ut som ein reiskap til å avklare skilnaden på rett og galt, fridom og tvang. Sidan 1948 har denne læra fått god oppbakking av Menneskerettserklæringa. Begge har det til felles at dei er «samvittighetens vokter».