Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

Lovsong på jobben

Tilbedinga er ikkje noko som skjer i byrjinga og slutten av eit møte i kyrkja, men er noko som skulle fylle kvar tanke, ord og gjerning same kvar me er.

Samfunnet vårt er i konstant utvikling, og ein sentral del av dette er knytt til spesialiseringa. På mest alle område i liv og kvardag spør me no etter spesialistar for rettleiing og hjelp, og utan desse føler me oss hjelpelause.

Ein konsekvens av denne oppdelinga er at den som manglar spesialisttittelen i ermet, lett vert umyndiggjort og tilsidesett. Ja, endåtil latterleggjord om ein skulle trø frampå med noko frå sidelinja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne samfunnsutviklinga har smitta over på kyrkja. Det er spesialistane sin tidsalder også mellom dei som går i snekkarsonen frå Nasaret sine fotspor. Kristenfolk med velfylte lommebøker vil gjerne tilsette fleire flinke til å gjere innsatsen i leiing, forkynning og song. Forsamlingane ynskjer å stå fram som profesjonelle og i eitt med tida for å vere tiltrekkjande på samtidsmennesket.

Eit område i kyrkja som særleg har vorte spesialisert meir enn mykje anna, er det som vert kalla «lovsong», eller «tilbeding» – «worship». Ofte høyrer me lovsongsleiarar som seier at me no skal starte møtet med «tilbeding-» eller «lovsong-del». Andre seier; «Det er så herleg tilbeding der», når dei tenkjer på songen og musikken.

Slike utsegn fortel oss at segmenteringa i samfunnet har funne sin veg inn i kyrkjerommet, og gjer at me lett mister den bibelske samanhengen i kristenliv og fellesskap.

Er ikkje heile møtet eller gudstenesta ei tid for tilbeding? Er ikkje talen ein del av denne tilbedinga? Ja, slik spør Jared C. Wilson i boka si «The Prodigal Church». Og me kunne fortsett vidare. Er ikkje heile det kristne livet tilbeding av Gud? Er ikkje arbeidet, i fabrikken, på kontoret eller skulebenken, også tilbeding av den oppstadne Jesus?

Når lovsong- og tilbedingsterminologien vert spesialisert, og knytt til musikken åleine, mister me heilskapen bak tilbedinga. Dette er ikkje bibelsk, men eit resultat av tidsånda i samfunnet me lever i.

Tilbedinga høyrer ikkje lovsongspesialistane til, men er noko som involverer kvar einaste kristen, og kvar del av livet. Tilbedinga er ikkje noko som skjer i byrjinga og slutten av eit møte i kyrkja, men er noko som skulle fylle kvar tanke, ord og gjerning same kvar me er. I heim og arbeidsplass. På skulen og i fritid.

I sentrum for all den kristne tilbedinga står den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus åleine, og ikkje oss sjølve.

For av han og ved han og til han er alle ting. Hans er æra i all æve. Amen… …byd fram lekamane dykkar som eit levande og heilagt offer til Guds hugnad. Dette er dykkar åndelege gudsteneste. Rom 11:36 – 12:1

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Salmer basert på Salmene
Les også
Musikk til Guds ære?
Les også
Samler tusen for å lære om lovsang
Les også
Lovsang uten tydelig mottaker
Les også
Musikk til Guds ære