MEDITASJON: I vår tid kjem det stadig tilbod om ulike meditasjons-teknikkar, gjerne med hinduistisk eller buddhistisk opphav. Slike tilbod dreier seg om å søkja inn i sitt eige indre, finna ein gnist av noko guddomleg som kan utviklast osv. Slik tenkjer ikkje reformatorane, skriv Jens Olav Mæland.  Foto: Fotolia

Kva er luthersk spiritualitet?

onsdag 9. august 2017

Kristenliv

Ekte spiritualitet er ikkje eit ferniss til pynt, 
men prosessar som gir eit prøvt sinn som er 
forankra i Han, vår Herre og Frelsar.

Dei siste tiåra har artiklar og bøker om spiritualitet sett dagsens lys på mange språk. Ein talar og skriv også om «kristen spiritualitet».

Men kva meiner ein med ein slik ordbruk? Dreier det seg om esoteriske erfaringar? Om kontakt med noko «over alle skyer»?

Svaret er at spiritualitet har med prosessar og menneskeleg erfaring å gjera som går ut over det reint materielle, at ein blir prega av åndelege faktorar, av noko som set varige spor i livet.

Men det er vanskeleg å gje ein presis definisjon.

Men kva er «luthersk spiritualitet»? Dei fleste lutherske teologane peikar på at dåpen er ein nøkkel til å forstå kva det dreier seg om. Dåpen er ein seremoni, eit ritual. Men det er også ei handling der Gud senker «det naturlege, syndige menneske» ned i vatnet til druknings. Så reiser han det opp til nytt liv, slik Kristus blei reist opp frå grava! Det som skjer i det ytre svarar til ein indre realitet.

Dåpen er altså eit mønster for truslivet! Den skal følgja oss kvar dag like til dødsdagen. Då døyr det gamle menneske fullt og heilt, og det nye står opp igjen på den store dagen, lærer Luther. Å vera kristen, betyr «å øva sin dåp», seier han. Kvar dag bør me øva dåpen!

I denne prosessen er det tre faktorar som gjeld: Oratio, Meditatio og Tentatio, seier Luther: Bønn, Ettertanke og «Anfektelse».

Å be er å tala einfaldig med Gud i sitt hjarte. Ein sann kristen er ein tiggar hos Gud! Bønn er ikkje berre noko ein skal ty til i spesielle kritiske situasjonar, men ein stadig samtale med vår Gud og Frelsar, i våre frustrasjonar, vår smerte og strid, vår sorg og vår glede.

Me bør starta dagen med bønn, seier han i Vesle Katekisme. Me kan slå krossteiknet og seia fram Herrens bønn, eller be slik: «Eg takkar deg, min himmelske Far, ved Jesus Kristus, din kjære Son, fordi du har vara meg mot all skade og fare i denne natta. Eg ber deg at du denne dagen vil vara meg frå all synd og alt vondt, så all mi gjerning og heile mitt liv må vera deg til glede. For eg legg meg, lekamen min og sjela mi og alt i dine hender...! Amen.»

I vår tid kjem det stadig tilbod om ulike meditasjons-teknikkar, gjerne med hinduistisk eller buddhistisk opphav. Slike tilbod dreier seg om å søkja inn i sitt eige indre, finna ein gnist av noko guddomleg som kan utviklast osv.

Slik tenkjer ikkje reformatorane! Å meditere er å gøyma Guds ord i hjarta, slik at ein tenkjer over det fleire gonger, prøver å finna samanhengen for det og korleis det kan bety noko i kvardagen.

Luther seier at orda i Bibelen «skal du stadig samanlikna med kvarandre, lesa dei om og om igjen med ettertanke, for å bli klar over kva Den Heilage Ande meiner med det. Og vakt deg så du ikkje blir trøytt når du har lest, høyrt og sagt det ein eller to gonger, og at du då forstår det til bunns. Dei som tenkjer slik, er som umoden frukt som fell av treet før den er halvmoden.»

Kamp og anfekting er ikkje noko som tilfeldigvis kan ramma ein kristen, men noko ein må rekna med kvar dag: «For det kjøtet vil, står Anden imot, og det Anden vil står kjøtet imot. Dei to ligg i strid med kvarandre, så de ikkje kan gjera det de vil.»

Denne striden er kjenneteiknet på ei levande tru, for sant gudsliv vil alltid bli angripe, hevdar apostelen. Nett slik talar også Luther. Han kjempar mot djevelens listige knep og anklage, mot denne verda sine freistingar – og mot eigen syndig natur.

Når Gud fører sine truande inn i harde passasjer, er det ikkje for å spenna krokfot på oss eller straffa oss. Nei, han gjer det for å prøva, lutra og reinsa oss. Når me møter prøvingar, skal me vita at me har ein bror hos vår Far i himmelen som er prøvd i alle ting i likning med oss.

Ekte spiritualitet er altså ikkje eit ferniss til pynt, men prosessar som gir eit prøvt sinn som er forankra i Han, vår Herre og Frelsar. Det dreier seg om den djupaste kommunikasjon, den reflekterande meditasjon – og ein kamp på liv og død!