TRUMP: Dei siste åra har store delar av amerikansk evangelikalisme knyta seg sterkt opp mot Donald Trumps politikk og hans politikk, mens rasisme og nasjonalisme og makt knyta til usunt leirskap er underkommunisert, skriv Kjetil Aano.

Dagens evangelikale krise

Den evangelikale rørsla har sitt tyngdepunkt i USA, og den er prega av det. Slik blir ho ofte offer for einsidige synsmåtar, og blir styrt av amerikanske perspektiv på verda utanfor USA.

Evangelikale kyrkjer og rørsler utgjer ein viktig den av den kristne kyrkja. Dei evangelikale er meir eit konglomerat enn ei organisert rørsle. Likevel har fenomenet vore med på å forma den verdsvide kyrkja, til dømes gjennom Billy Graham og John Stott sine bidrag.

Etableringa av Lausanne-rørsla og av Global Christian Forum har bygd ned unødvendige motsetningar mellom ulike greiner på kyrkje-treet. I dag samarbeider deler av evangelikalismen nært med den økumeniske rørsla. Dette kom m a klart til uttrykk på Lausanne-konferansen i Cape Town i 2010.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Samtidig har den evangelikale rørsla sitt tyngdepunkt i USA, og den er prega av det. Slik blir ho ofte offer for einsidige synsmåtar, og blir styrt av amerikanske perspektiv på verda utanfor USA. Likeeins har ein del tradisjonar som har sitt teologiske og kulturelle grunnlag i USA forma rørsla.

La meg bare nemna ein tendens til å dyrka den sterke leiaren (som nesten utan unnatak er ein mann); eit teologisk uavklart tilhøve til politisk makt, som ein på den eine sida åtvarar mot, men på den andre sida dyrkar.

I tillegg har rørsla lett for å få eit einsdig fokuspunkt: Det blir gjerne enkeltsaker som blir definerande for om ein er med eller ikkje. Abort og homofili har nok spelt ei slik rolle – og gjer det ennå.

Ofte får ein også ei teologisk grunngiving for nasjonalisme, som kan føra til forenkla svar på komliserte spørsmål knytta til flyktningar, innvandring, etnisitet og nasjon. Med dette seier eg på ingen måte at slike spørsmål er uviktige, men dei har til dels fortrengt andre viktige vedkjenningsspørsmål og etiske perspektiv frå arenaen.

Dei siste åra har store delar av amerikansk evangelikalisme knyta seg sterkt opp mot Donald Trumps politikk og hans politikk, mens rasisme og nasjonalisme og makt knyta til usunt leirskap er underkommunisert.

Dette er å vidareføra det mange meiner er ein blindveg for ei rørsle som har som rettmessig ambisjon å gjennomsyra den verdsvide kyrkja. Det er bakgrunnen for at fleire talar om at den evangelikale rørsla er i djup krise.

Det gjer mellom andre Mark Labberton, president (rektor og øvste leiar) ved Fuller Seminary. Han har i eit foredrag for evangelikale kollegaer som han heldt den 16. april i år, tatt opp desse temaene på ein truverdig og integrert måte.

Labberton tar ikkje eit uanfrå-perspektiv, som ville vera lett å avvisa. Men han tar eit oppgjer innanfrå. Han peiker på fire sentrale punkt: makt, rase, nasjonalisme og økonomi/forvalting.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Manglande evne til å handtera desse sakene på ein reflektert måte, hevdar Labberton, har fulgt den evangelikale rørsla i lang tid. Han manar til oppgjer. Og det gjer han ved å skal bruka ressursar frå eigne kjelder. Bibelsk refleksjon og eignevekkingstradisjonar viser veg i møte med utfordringane han peiker på.

Labbertons analyser er tankevekkande, og stadfester den krisa han talar om. Men samtidig peikar han ut ein veg gjennom det han kallar krisa, ein veg som gjer at evangelikalismen igjen kan blir fri frå nord-amerikanske kulturelle, politiske – og til dels teologiske - fangenskap, og framstå som ei utfordring til alle kyrkjer som her nøgde med seg sjølv! Dette gir håp.

Labbertons tale kan lesast her.

Eg skuldar å gjera merksam på at det var Knud Jørgensen, del aldri kvilande kloke evangelikale kyrkjerleiaren, som gjorde meg merksam på denne linken.

Les også
Hvite evangelikale kristne mobiliserer for sex-rammet Trump
Les også
Populistenes revolt og politikkens fremtid
Les også
Nekta å betale skatt grunna abort, vann i retten
Les også
Triumfalisme – eit risikabelt spor!
Les også
– Glad jeg ikke var der med en søkende venn