Foto: Illustrasjonsfoto: Dagen arkiv

Forsamlingar og forkynning, synd og gudsbilete

søndag 4. september 2016

Kristenliv

Ser ein historisk på spørsmålet, kan det ikkje vera tvil om at det vart forkynt meir om synd før enn no, og at syndserkjenninga var sterkare tidlegare.

Andreas Masvie har skrive eit par viktige kronikkar i Dagen, ikkje minst om spørsmålet om synd og gudsforståing. Fleire har kommentert synspunkta hans. Det er alltid problematisk å uttala seg generelt om korleis tilstanden er rundt om i forsamlingar og kyrkjelydar, og kva som vert forkynt der. Eg trur likevel ikkje det kan vera tvil om at Masvie peikar på ein trend når det gjeld manglar i forsamlingsliv og forkynning. Han har utvilsamt rett i at der talen om synd veiknar eller tagnar, veks det fram ei nytt gudsbilete –eit bilete som ikkje svarar til slik han har openberra seg i Bibelen.

LES: Mener synd er blitt tabu

Ser ein historisk på spørsmålet, kan det ikkje vera tvil om at det vart forkynt meir om synd før enn no, og at syndserkjenninga var sterkare tidlegare. Også ikkje-kristne hadde ei nokså klar oppfatning av at dei var syndarar, medan folk flest no knapt veit kva som ligg i dette omgrepet. Det kan sjølvsagt vera at det var for sterkt fokus på synda tidlegare, og at det til tider var ei gal forståing av kva som er synd. No har ein i så fall hamna i motsett grøft. I Den norske kyrkja vert jamvel det som Guds ord definerer som skammeleg synd, no velsigna som eit gode. Om det ikkje er tilfellet i frikyrkjer og på bedehus, synes det å vera lite kraftfull tale om synd. Haldningar, livsstil og meiningar vitnar om dette.

LES: Når snakket du om synd sist?

Det kan vera fleire grunnar til at forkynninga av synd er nedtona, ikkje minst presset frå eit sekularisert samfunn, men også frå ei marknadsorientert forsamlingstenking. Få om ingen vil likevel seia at dei ikkje forkynner om synd, eller at syndserkjenning og syndsvedkjenning ikkje har noko plass i forsamlinga. Spørsmålet vert kva posisjon det har, og korleis ein oppfattar synda. Syndsvedkjenninga har ikkje den plassen i gudstenesta som før, og den klassiske forkynninga av lov og evangelium er sjeldan å høyra. Forkynningsidealet har dreia i retning av det livsnære og praktisk orienterte med tanke på liv og teneste.

Det aller største problemet med forståinga av synd og forkynninga av synd, er at synda i stor grad vert forstått einsidig som noko ytre, som handling. Sjølve syndefordervet og vår syndige natur vert lite forkynt, og med dette nedtont og underkjent. Mennesket, heller ikkje den kristne, får med det ei realistisk oppfatning av seg sjølv. Mennesket vil då oppvurdera seg sjølv, og med det nedskriva Gud. Dette heng på si side saman med at Gud som heilag ikkje er får sin rette posisjon og vert orienteringspunktet for alt i kristentrua, forkynninga og forsamlingslivet.

Når det no er stort fokus på planting av kyrkjelydar og bygging av forsamlingar på bedehuset, er det avgjerande viktig korleis forkynninga er. Det er viktigare enn organiseringa. Då må det reisast eit rett bilete av Gud og med det av synda, slik at mennesket kan koma i eit rett forhold til den sanne Gud.