ITALIA: Marcello Pera, tidlegare president i det italienske senatet, seier om kristendommen at den er «det einaste som held Europa saman», skriv Ingolv Gjedrem.

Kristendom: skapande, samfunnsbyggjande kraft

Filosof, ateist og president i det italienske senatet 2001-06, Marcello Pera, seier om kristendommen at den er «det einaste som held Europa saman».

I boka si «Perché Dobbiamo Dirci Cristiani» held han fram at: «Me bør alle kalla oss kristne!» I boka: «Senza Radici», utgjeve i 2004 talar han om eit Europa utan røter, som treng å byggja på si kristne verdiforankring.

Men korleis skal ateistar kunna byggja på si kristne verdiforankring? Han seier at «Kristendommen sitt syn på mennesket, skapt i Guds bilete, er noko som ikkje finnes i andre kulturar. Forlet vi dette prinsippet, vil vi ha øydelagt vår konstitusjonelle arv».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kristne verdiar har, med skjebnetunge intermezzoar, sidan Peter og Paulus kom til Roma og difor til Europa, vore byggjesteinar for våre samfunn.

Sekulære, ateistiske ideologiar har drive massemord i nyare tid, til ulukke, død, fattigdom og skjendsel, ikkje minst på vårt eige kontinent. Vi kan nemna namn som Hitler, Stalin, Mao, Pol Pot, Enver Hoxha og andre ateistar, som tenkte det var rett å bruka vald i samfunnsbygginga.

I etterhand tenkjer vi: Sekulære redslestatar, skrekk og gru! Desse leia brutalt og slakta ned millionvis av menneske gjennom reine sekulære, ateistiske ideologiar. Ateisten Marcello Pera ber kristendommen «gje Europa ein grunn til von».

Det er ikkje vanskeleg å skjøna at han tenkjer slik, når vi ser kva skandaløs ateisme fører til, men hans oppmoding er kontraproduktiv.

«Kristendommen» i Europa er snarare i det store og heile ute som samfunnsbyggjande kraft, avdi halvparten av medlemmene av kristne kyrkjer i praksis er ateistar og resten er ute av spel, avdi dei er livredde for kritikk og bundne til masta på ei kapra kyrkjeskute som driv for vær og vind! Det er heldigvis mange heiderlege unntak!

Det er ikkje tysk okkupasjon 1940–45 som har skapt dei store problema for Noreg dei siste 150 åra, men Vondskapens inkarnasjon frå helvete, på det seksuelle området:

Første bølgje: «Frå Christiania bohemen» ved Hans Jæger. Den danske litteraturvitaren Georg Brandes (1842–1927) og Johan Jæger var begge antiautoritære individualistar, typiske for avantgarden i Europa på slutten av 1800-talet. Brandes var eit lyn på førehand, som slo ut «snille» norske forfattarar før første bølgje kom som ei naturkraft over landet vårt i tre bølgjer.

Kai Skagen skriv i si nett utkomne bok: Norge vårt Norge, side 193: «Hans Jæger er prototypen på den kulturradikale avviker som siden 1970-talet er blitt masseprodusert og nå er standard overalt, bare vasket og frisert, tilpasset og justert etter forholdene, vår tids lurvete skytshelgen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forfatteren av Kristiania bohemen, er det moderne individ in persona – slik det framstår idet alle forbindelser til sosiale realiteter, andre mennesker, åndelige tradisjoner og oversanselige dimensjoner blir kuttet. Vi viker tilbake for bohemens skremmende Brandes’ monstrum!»

Dinest, nær ein million born, drepne i mors liv frå 1975 fram til i dag er andre bølgja i Vondskapens inkarnasjon frå Helvete. Abort på sosiale indikasjonar og seinare sjølvvald abort har i åra 1975 fram til i dag ført til at vi manglar meir enn 800.000 etniske nordmenn.

Tett på ein million menneske drepen ved abortus provocatus, er årsak til at vi har ein langt mindre livskraftig folkesetnad enn vi ville ha hatt, om denne millionen aborterte born hadde fått leva.

Om norske kvinner, utan å ta abort, hadde fødd eit ekstra barn kvar, ville integrering av nye innvandrarar ha vore langt enklare, på grunn av ein meir vital etnisk norsk folkesetnad. Folkeauke gir vitalitet og nye løysingar.

Ein million abortar fører oss mot undergangen. Utan å snakka om det, ventar vi at islam fyller tomrommet.

Den norske kyrkja har, i strid med Guds ord, men i tråd med sekulærhumanistisk og ateistisk tankegang, opna for einkjønna «ekteskap» og kyrkjeleg vigsle av einkjønna samliv.

Framfor å lytta til sekulærhumanistisk, ateistisk ideologi, burde vi ha lytta til Bibelens tale om skaparordningar og menneskeverd. Då ville vi ha stengt for fri abort og satsa på ekteskap mellom ein mann og ei kvinne, i livsvarig ekteskap, signa av Gud, med vital auke i folketal og born som vaks opp med ei mor og ein far i ekteskap.

Dette er tredje bølgja i Vondskapens inkarnasjon frå avgrunnen, som har opna for perversjonen samkjønna «ekteskap» og fått kyrkja til å utarbeida ritualet for dette elendet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vondskapens inkarnasjon frå avgrunnen er i ferd med å gjera det «kristne» Europa ulukkeleg midt i rikdom og overflod. Det norske folket vert eit vankelmodig folk, ute av stand til å løysa eigne problem og medlemstalet i Dnk er på rask veg nedover.

Både Dnk og det «moderne» norske samfunnet vil sikkert koma til å dela elendets kår med Hans Jæger, frå første historiske bølgje i Vondskapens inkarnasjon frå avgrunnen.

Han var svært opptatt av og skreiv om sjølvmord, vart fengsla for si bokskriving, mista sin jobb som stenograf i Stortinget, fekk ikkje leiga husrom nokon stad i Kristiania, men hans kristne bror gav han rom å sova og mat på bordet den siste tida i livet, som ikkje tok slutt ved sjølvmord, slik han varsla i sine skriverier, men ved at han døydde av kreft.

Kristendommen er ikkje ute i Kina, der det, etter alt å døma er dobbelt så mange personleg truande kristne, som det er medlemmer i det kinesiske kommunistpartiet, ei ateistisk, sekulær rørsle som i aukande grad forfølgjer dei kristne med uhøyrde midlar, for andre gongen på omlag 80 år. Gud vil straffa Kina for deira grusomme og aukande forfølging av kristne.

La oss og samanlikna Nord- med Sør-Korea, som var eit fattig buddhistisk land, øydelagt av krig, men har i mi levetid – 72 år – vorte eit kristent land, med enorm vekst og positiv politisk utvikling, der kristendommen har vore krafta i skapinga av ein vellukka demokratisk stat, eit vitalt folk med demokratiske ordningar og private bedrifter som overgår japanske, europeiske og amerikanske.

Eg hugsar nytt frå min barndom, som fortalde at Billy Graham samla omlag ein million på ein stadion i Seoul, på 60-talet, ved ein av sine mange kampanjar der.

Kommuniststaten Nord-Korea er større enn Sør-Korea og i utgangspunktet geografisk betre eigna for jordbruk enn Sør-Korea. Nord-Korea overtok etter Koreakrigen størstedelen av fungerande industriell infrastruktur. Men om du tek deg frå Pyongyang, ut på landet, vil du støyta på fattigdom, underernæring og stor naud.

Her finn du den for tida hardaste forfølginga av kristne i verda. I Sør-Korea er kristendommen den etiske impulsen, krafta og kunnskapen som har løfta landet, ikkje i liberal, kulturkristen vanart, som Dnk, men i konservativ og ofte karismatisk utgåve og med eit fleirtal levande kristne kyrkjemedlemmer og dedikerte pastorar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter det eg har opplevd ved sjølvsyn og oppleving av enorme stor-kyrkjelydar i Sør-Korea, meiner ein dei vil ha romsleg å dela med sin fattige storebror i Nord-Korea. Må Gud signa Sør-Korea slik at dei får bruka si kristne urkraft og visdom til å gje arme, kommunistiske, ateistiske Nord-Korea, demokrati og den utvikling Sør-Korea sjølv har utvikla desse omlag 70 åra, eit velutvikla demokrati!

Les også
Måtte Nord-Koreas jernteppe rakne
Les også
Moralsk bistand
Les også
Evangeliet har hast, men ikkje hastverk
Les også
Vi kan bli så kristne at vi trenger omvendelse
Les også
Å leke med pinseilden