«Det er lett å skjøne kva som dreg protestantar til å konvertere til Rom i desse tider», skriver Arve Brunvoll.  Foto: Hendrik Schmidt, AP/NTB scanpix

Om sikring av læra

Author picture

fredag 22. desember 2017

Dette innlegget er en respons på "Katolsk lære er ikke i konflikt med Bibelen"

Kristenliv

Det er lett å skjøne kva som dreg protestantar til å konvertere til Rom i desse tider.

Prestane Odd Bjarne Brun og Dag Øivind Østereng skal ha ros for at dei så klårt, sakleg og omsvipslaust framstiller det dei ser som det avgjerande skiljet mellom den romersk-katolske og den protestantiske trua. Det er at protestantismen «mangler et forpliktende læreembete som holder kirken sammen som ett legeme i troen».

Det som er underleg, er at dei to, som tidlegare lutherske prestar, kan tenkje seg at protestantane ved ein ny eigendiagnose skulle kunne kome fram til at det er ein «mangel», ein defekt, å ikkje ha eit slikt læreembete.

Dei veit godt at dette for protestantismen ikkje er ein mangel, men eit prinsipp. Det har med heile forståinga av kristentrua å gjere. Gud har ikkje gjeve oss noka sikring i denne verda, ikkje nokon institusjon med ein personal autoritet på toppen, dit vi kan gå for å få vite sikkert kva sanninga er. Vi har fått

Guds ord som vi må lese og grunde på i lag, og einskapen kjem til uttrykk når vi finn den same Kristus og det same evangeliet der. Det er slik den lutherske vedkjenninga forstår seg sjølv. Det inneber at det ikkje er nokon instans her i verda som kan fri oss frå nye anfektingar og prøvingar av einskapen i trua.

Ulikt syn på dei ymse lærepunkta vi elles har stridast om mellom kyrkjene, kan vi kanskje gjere noko meir eller mindre med. Vi kan formulere noko sams om rettferdiggjeringa, vi kan semjast om noko i synet på helgenar, skjærselden kan vi kanskje også tolke slik at han får ei meining, vi kan også diskutere korleis vi ærer Maria, jamvel om bøna til Maria og dei mest radikale Maria-dogma nok vil vere ein for stor bøyg. Men på det vesentlege punktet er det annleis: Ein lutheranar kan aldri søkje sikring (securitas) i pave­embetet.

Det er lett å skjøne kva som dreg protestantar til å konvertere til Rom i desse tider. Kor godt om vi kunne sleppe diskusjonen, usemja og striden om sanninga i Bibelen! Men det er ikkje noko nytt i denne striden og i denne lengten.

Frå kampen mot modernismen i den engelske kyrkja på 1800-talet har vi vitnesbyrdet frå John Henry Cardinal Newman. Han kan stå som prototypen på den moderne konvertitten og vart i 2010 saligkåra av Benedikt XVI.

Saman med den høgkyrkjelege, anglikanske Oxfordrørsla søkte Newman først ein trygg basis for kyrkja si lære i ein sams teologi frå dei første hundreåra. Men då han fann ut at dette ikkje lét seg gjere, laut han gå til den romersk-katolske kyrkja, altså frå det gamle (antiquitas) til autoriteten (auctoritas).

Hans store forsvar for sin teologiske veg, Apologia pro Vita Sua (på engelsk), er framleis det beste grunnlaget for å tolke ein konversjon til den romerske katolisismen i dag. Når Newman kan seie at «… to believe in a Church, is to believe in the Pope» («å tru på ei kyrkje er å tru på paven»), er nettopp det grunnen til at andre ikkje ser nokon veg til Rom.

Og, berre så det er sagt: Dette innlegget er ikkje skrive av ein anti-katolikk. Eg har fleire gonger budd i kloster hjå benediktinarane og bede med dei, og eg har i mange år hatt trøyst av at ein bror der sa han ville be for meg. Men eg har alltid måtta vende attende til eit liv på vilkåra i mi evangeliske tru.