MELODI: Dagens lovsong har også ein klar tendens til å minimalisere teksten, med få ord, og med eit eggande element av ord-gjentaking til eggande rytmer og kjenslevare klangar, der ofte det melodiske vert underordna klang og rytme, skriv Harald Myklebust.

Lov, lovnad og lovsong

Vår moderne lovsong i dag har fokuset ikkje i det guddommelege, men i vår menneskeleg evne og vilje til å uttrykke vår tilslutning til det guddommelege.

Preludium: Omlag midt i Bibelen, - ikkje mellom Salmane eller den såkalla Visdomslitteraturen, som utgjer 1/3-del av alt poetisk stoff i Guds-Ordet, finn vi ein av dei sterkaste salmane og lovsongane vi har fått frå Herren, der Guds nådestråler fram, ikkje minst i setninga: «Gud er mi frelse, eg er trygg og fryktar ikkje».

Kven har skrive dette, og jublar det ut ? Ikkje songens og salmens meister, David, - men «evangelisten» i GT: Profeten Jesaja! (Kap. 12). Denne lovsongen, skriven av den kanskje største av profetane, som kunne slå over til den vakreste poesi, den er praktisk tala plassert midt i Bibelen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kor vidt det er eit rett uttrykk i følgjande: «Aldri før har lovsong vore så i vinden som no» har noko føre seg, kan diskuterast. For etter Luthers reformasjon, tok «frigjeringa» til frå eit tungt katolsk åk i dei grensesprengande uttrykka: Skriftaåleine, Kristusåleine, Nådenåleine, Truaåleine, - og det heile i topp-punktet:

Einast til Gud: Soli Deo Gloria! Dette utløyste ei enorm skaparkraft i song og salmedikning og i det kyrkjemusikalske landskapet, med storverk frå den eine til den andre av komponistane, - og etter kvart heilt ned til den einskilde lekmann og -kvinne.

Ortodoksien og pietismen gav oss trusstyrkande tekster, for ikkje å snakke om det vi fekk gjennom dei åndelege vekkingane som kom til landet vårt frå både aust og vest. Metodismens songglede smitta, og i dette reformerte draget vart den evangeliske songen og salmen «vitalisert» og gav eit folkelege musisk og rytmisk uttrykk.

Lekfolket kom på banen både som poetar og som tonsetjarar. Men igjen: Soli Deo Gloria!Viktig er det her å understreke følgjande: Songen sameina! Fellesskapa i kyrkje og ulike store og små forsamlinger vart knytt saman - konstituerte - einskapen i dei fellesuttrykka som songen representerte.

Sentralt her var tekstsubstansen,og den berande melodien!Klang, rytme, spel og dans var underordna. Kun Ordet åleine gav/gir frelse og liv!

Før vi går litt meir inn i problemstillinga: Kva er ein ektelovsangfor noko?Så vil eg synleggjere Jesus Kristus si klare rettleiing og tilvising der han gir sine siste råd til læresveinane før han velsignar dei, løfter sine hender og fèr bort frå dei, slik vi leser det i Luk. 24, v. 44 … «alt det som står skrive om meg i Moselova, hos Profetane og i Salmane». Så åpna han forstanden deira.»

Dette er som eit ekko frå GT, slik det kjem til uttrykk hjå ein av dei andre profetane (som også hadde sansen for det poetiske): Jeremia 18, 18: «For det vantar ikkje rettleiing hjå presten(forvaltar og læraren av Guds lov), - råd hjå den vise (levittenesta med sine poetar), eller ord hjå profeten»(GTs store og små folkelege «evangelistar»).

Min uærbødige påstand er: Vår moderne lovsang i dag har fokuset ikkje i det guddommelege, men i vår menneskeleg evne og vilje til å uttrykke vår tilslutning til det guddommelege. For: Salme 40, 4: Han la ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jfr. teksten til ein song vi fekk på 70-talet: «Jeg vil gjøre mitt liv til en lovsang til deg», som burde ha denne formuleringa: «Du må gjøre mitt liv til en lovsang for deg.» Dagens lovsong har også ein klar tendens til å minimalisere teksten, med få ord, og med eit eggande element av ord-gjentaking til eggande rytmer og kjenslevare klangar, der ofte det melodiske vert underordna klang og rytme. (I og for seg ikkje noko gale).

Den berande melodien til ei berande tekst har liten aktualitet ! Og lat det vere sagt: Det er ikkje dei ulike uttrykksformene i ulike kulturar som kan vere problemet. Kvar tid må alltid vere på leit etter å finne det beste. Men obs: uttrykket må ikkje undertrykke (les: Utelate) det sentrale i Evangeliet, og gjennom menneskelege emosjonar overkøyre det gudommelege!

Det gode kan bli det bestes fiende... Så lat oss sjå litt nærare på korleis ein bør nærme seg den begeistrandelovsongen (geist = åndeleg).

1. Lov. Det er ikkje berre eit ordspel eg vil her nytte meg av (eller dvele ved), når eg kjem med mi 3-deling av lovsyngen: Lov, Lovnad og Lovsong, men hevde tydeleg: Ein ekte lovsong må ha med seg aspektet av Guds heilage lov og vilje,som er god, og som David i Salme 143, 10 syng: «Lær meg å gjere din vilje!»

Og som Jesaja syng det i sin lovsong (kap. 12.): «Kunngjer hans gjerningar mellom folka, forkynn at hans namn er opphøgd ! Syng for Herren». Lovsongen må ha eit utgangspunkt, ein bærebjelke, ei forankring i Guds heilage lov og vilje.

2: Lovnad. Omgrepet lovnad på nynorsk, eller løfte på bokmål, er slike eg ser det, er det vi får i Evangeliet: Jesu Kristi oppgjer med våre ufullkomne liv i møte med Guds heilage lov og vilje. «Mitt liv det er i Kristus, den levande Guds Son».

Utan å gå noko djupare inn i det guddommelge mysterium, at han som skapte oss alle i sitt bilete og gav oss vår frie vilje i møte med livslovene og hans normer (lova)han hadde også ein frelsesplan for oss der han såg at vi aldri ville makte å halde hans gode og heilage lov, han gir oss lovnad om ei evig frelse alt ifrå første Adams tid:

Det siste Gud gjer då Adam og Eva må ut av Paradiset, han slakter eit lam og ikler dei fåreklær: «Sjå der, Guds lam som tek bort verda si synd».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her i Jesajas salme (kap. 12) kjem understraumen eller forskotteringa av Kristi stedfortredande gjerning tydeleg: «Sjå Gud er mi frelse, eg er trygg og ottast ikkje. For Herren er mi kraft og min styrke, og han vart mi berging.»

Lovnaden om Messias, Jesus Kristus, er den raude tråden i GT, og meir eller mindre stig han fram både i dei historiske bøkene, profetane og i visdomslitteraturen, Ikkje minst i Salmane. Av dei har vi mykje å lære av i vår tilbedande lovsong:

3: Lov song. Kva var det noko av det siste Jesus gjorde då han var saman med sine nære og kjære læresveinar skjærtorsdag: Dei song lovsongar. I tråd med jødisk tradisjon var Salmane frå 113 til 118 faste innslag i påskehøgtida, også her når Jesus bryt med den jødiske offerkultus:

Han sjølv er offerlammet som skal sone for folket sine synder: «Herrens namn reiser opp, Herrens hand gjer storverk... Lat rettferdsporten opp for meg, eg vil gå inn og prisa Herren» (Salme 118, 19).

NB: Eit ord som er svært lite brukt i Bibelen er ordet «halleluja»!(14 gongar i GT, og berre i Salmene, og legg merke til: Berre 4 gongar i NT, og då heilt til slutt, i Johannes openberring i kap. 19.) Ordet skulle kun nyttast når ei sak er heilt og fullt fullført !

Kan du høyre songen frå nattverdstunda der Jesus som forsongar bryt ut: «Halleluja ! Syng lovsong, Herrens trenarar»(Salme 113,1) «Dette er dagen som Herren har gjort ! Lat oss juble og glede oss no»(Salme 118,24) . Og han held fra, «men vi skal lova herren, frå no og til evig tid. Halleluja !»(Salme 115,18).

Det er ikkje for ingenting at Georg Fr. Händel i sitt «Messias-oratorium» nettopp etter korsatsen: «Sjå der er det Guds Lam», ikkje greier å vente til påskemorgonen, men i eit av dei mest storslåtte uttrykk stråler ut i ord, tonar, rytmer, driv og kraft: «Halleluja!!! = Det er fullført!

Utan å gå noko meir inn på dei musiske uttrykka i NT, enn å vise til Kol. 3,16 m.a. «Lat Kristi ord få rikeleg rom hjå dykk, å de med visdom kan lære og rettleie kvarandre, med salmar, hymner og åndelige songar; Syng for Gud med takk i hjarta», og til dei mange Kristushymnenesom Paulus krydrer breva sine med, så vil eg ta med det aller mest sitert verset i vår kyrkje (som regel ved dåp og ved gravkanten !):

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Peters lovsang i 1. Pet. 1,3: «Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødd oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstod frå dei døde.».

Postludium. Korleis songen har lydd med kva for effekt, i kva for former og kulturelle former, for ikkje å snakke om musiske uttrykk som har vore nytta, - veit vil svært lite om. Gud gav oss ikkje notar og musikkuttrykk i Bibelen. (Noteteikna vi nyttar oss av er berre 800-900 år gamle).

Likevel så har vi mange stader i Bibelen, især GT utregner som viser til kraftige uttrykk, der både spel og dans og kraftfulle song-salvar vart brukte, både i religiøse og folkelege samanhengar.

Levittane si song og musikkteneste ved tempelet hadde til dømes Kenanjaansvar for: «For han skjøna seg på det». (1. Krøn. 15, 22). (Etter råd frå den vise kong David, harpespelar og poeten over alle poetar.)

Asaf og (hans etterkomarar) stod for den folkelege songen, som til dømes då israelsfolket kjem attende frå Babylon, og dei via presten Esra på nytt for høyre om Guds storverk med forfedrane sine i fordum, vart så begeistra at dei song «kor mot kor»(Neh. 12, 24).

«Å love gud» er eit ofte og mykje brukt uttrykk. Smak på ordet love. Har det berre med vår evne til i tydelege og lydelege uttrykksformer, store som små, vokale og instrumentale?

Kva seier den mest spirituelle poetane i Bibelen, ja, nettopp David: «Mi sjel, lov Herren ! Ja, alt som i meg er skal love hans heilage namn. (...)Han tilgjev all di skuld» (Salme 103) Her kan alle fylke seg inn under, om ein aldri så umusikalsk eller stum « Mi sjel»… Og, nettopp. «Det hjartet er fullt av flyter munne over med» som det heiter i ordtaket.

Å love Gud er ikkje berre å hylle og prise Han for alt han har gjort og gjer for oss, - på ulike måtar, der kvaliteten kan avspeglast i eit for seg gjort uttrykk (det eksklusive), eller kvaliteten kan også målast i kven og kor mange som sluttar seg til (det folkelege).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men det er også eit gjensvar: Eg gir Jesus mitt ja og vil love å fylgje Han: «Jeg vil gi deg, O Herre, min lovsang»

Då er ringen slutta; Frå Guds lov og lovnader, - og lovsangen han la i vår munn, til min uttrykte lovnad tilbake til Han, - i den kjærleiken - love som det heiter på fint - berre han kan skape og gi for oss, til oss, i oss, og gjennom oss, - ut til menneska vi lever saman med i heim, kyrkje, bedehus og samfunn.

Les også
Vi kan bli så kristne at vi trenger omvendelse
Les også
Å leke med pinseilden
Les også
Evangelium, erfaring og engasjement
Les også
Kristus er menighetens eneste leder
Les også
Åndsfylte må holde Guds bud