Ei strategisk tid for luthersk handling

Vi må ta økonomisk ansvar for dei modige prestane som nå melder seg ut av Dnk. Misjonsleiarar som peikar ut ein veg i denne vanskelige tida, må sjølv gå i spissen, våga spranget.

Vedtaket på Kyrkjemøtet har skapt mykje sorg og motløyse både her i landet og i samarbeidskyrkjene på alle kontinent, men også refleksjonar.

Frå min eigen ståstad føretok eg utmeldinga for fleire år sidan, etter ha stått i leiinga både lokalt, i bispedømme og seks år i Kyrkjerådet

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kvifor eg gjekk? I kortversjon mista eg trua på den sentrale kyrkjestrukturen. I tillegg var det presset frå samfunnet og ikkje minst media, der spørsmål om likekjønna sin plass i dei ordinerte stillingane tok all tid og tanke. Å få evangeliet ut til nye folkeslag var knapt nok nemnd i festtalar.

Slik eg ser situasjonen, bør vi gjera som Martin Luther gjorde, då han innsåg at tradisjonen i Den romersk-katolske kyrkja ikkje hadde bibelsk grunnlag, han starta reformasjonen. Stavanger sin fyrste kvinnelege prest Marit Rannestad melder seg ut med orda: « ... jeg kan ikke være med på å innføre en ordning som med vitende og vilje skaper farløse og morløse barn.»

Hovudspørsmålet må vera: Korleis presentera Kristus for nye generasjonar og folkeslag? Skal vi nå ut i dag må vi byggje på naturlige plattformer. Dei «heilage husa» har ikkje tiltrekningskraft. Dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferder, utfører også andre med stor respekt.

Den norske kyrkja har i vår tid så godt som aldri tatt utfordringa med å møta folket der dei tilbringer mest tid, nemleg på arbeidsplassen. Arbeidsfellesskapet er ein naturleg setting, kollegane kjenner oss ut og inn. Dei kan få svar på dei store spørsmåla i ein naturleg samtale.

Å utruste lekfolket på dette området er knapt tema i nokon norsk teologisk utdanning, ei heller på bibelskulane. I England makta opplegget «This time tomorrow?» å auka kyrkjeinteressa. Presten inviterte vanlige arbeidara til å dele måndagen sine utfordringar under gudstenesta, og be for dei og gi plass til vitnesbyrd om det som skjedde.

I april var det ein europeisk konferanse i regi av mellom andre Lausanne-bevegelsen i Budapest. Vi hadde ein draum om at cirka halvparten av deltakarane skulle vera teologar, resultatet vart cirka tre prosent. Korleis utruste lekfolket når deira kvardagsutfordring ikkje vert forkynt?

Sidan størsteparten av dei som nå har meldt seg ut av Dnk, i alle fall i Rogaland, er unge som står midt i arbeidslivet, er kollegafellesskapet eit unikt material å byggja på. Kva med å ha ein bonde og teologen slik som Sølve Salte, til leiande hyrde? Han har fronta kampen for «mor-far-familien», og kjenner godt til kva det er å ta teologien ned på grasrota i ein krevjande kvardag.

Dei kyrkjene som har pastor som på grunn av økonomien må ha sekulært arbeid, er dei som på alle kontinent har størst vekst! I vår kristne setting, kyrkje så vel som bedehus, innser vi nå at det vært eit fråvær av fokus på at vi som foreldre er modellar for våre barn, det er våre liv som talar sterkast. Vi har sett vår lit til kristen opplæring på skule og i dei heilage hus, og trekt oss stille tilbake for ikkje å øydeleggja. Her må vi gjera bot.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dr. Sigmund Harboe offentliggjorde for ei tid tilbake eit studie, der han fann at dei born som tok med seg foreldra si kristne tru, var dei som hadde sett heime at dette betydde noko for dei.

Ved at kristne medvitne foreldre nå melder seg ut av Dnk og går i bresjen for nye levande fellesskap, er dei modellar for neste generasjon på at ei religiøs tru er ein grunnleggjande verdi. Kanskje det viktigaste signalet vi kan senda til det nye Kyrkjerådet, er nettopp å syna at vi har mot til å ta eit oppgjer og gå eigne vegar.

Sjølv trur eg vi kan finna felles arenaer regionalt, der dei ulike evangeliske kyrkjelydar kan møtast eit par gonger i året for å feire fellesskapet i Kristus. Så kan ein i varsemd finna ei felles plattform når det gjeld strukturar.

Skal vi lukkast i å skape noko nytt, nå når «vatnet er opprørt», er det minst to handlingar som må krevjast: Vi må ta økonomisk ansvar for dei modige prestane som nå melder seg ut av Dnk. Misjonsleiarar som peikar ut ein veg i denne vanskelige tida, må sjølv gå i spissen, våga spranget. Vi treng dei som modellar.