Nytt år og ny lære

Innan teologien og forkynninga opplever vi for tida at stadig fleire sentrale kristne ord, uttrykk og lærepunkt anten vert fornekta, nedtonte eller omtolka.

Vi har sett dette aller tydelegast i spørsmålet om homofilt samliv og «vigsel» av likekjønna par. På dette området skjer det som er svært uvanleg i kyrkjehistoria, at vi går inn i eit nytt år der vi får ny lære om ekteskapet.

Det skjer utruleg nok i det året vi skal feira 500-årsjubileum forreformasjonen. Her i landet har det ikkje skjedd noko tilsvarande sidan reformasjonen vart innført på 1530-talet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein av dei som har gått i bresjen for den nye forståinga av homofilt samliv og likekjønna «ekteskap» og eit nytt bibelsyn,MF-professorJan-Olav Henriksen, går no også i bresjen for ei ny forståing av kva kristen lære er.

I ein artikkel Teologisk tidsskrift nr. 4/2016 tek han opp spørsmålet «Hva er lære?». Han vurderer dette i lys av at religion er «en del av den menneskelige kultur». Då kan sjølvsagt ikkje lære vera noko objektivt og absolutt.

Henriksen ser religion ut frå eit «brukssynspunkt», der religion ført og fremst får «mening i kraft av hvordan den blir brukt». Med det legg han eit «pragmatisk perspektiv» på all religion, og med det også på kristen lære.

Det er den religiøse «praksisen» som vert avgjerande, og alle lære må då alltid «sees i relasjon til og forstås som en funksjon av ulike praksiser». Med det har MF-professoren lagt eit reint religionsvitskapleg grunnlag for all lære, og han har sett bort frå kristen tru og lære som openberring.

I denne læreforståinga er den allmenne livserfaringa bestemmande for læreutforminga – der ein då faktisk ikkje vil tala om endring av læra, fordi denne er per definisjon pragmatisk.

Denne «pragmatiske dimensjonen» i læra, der læra berre kan erkjennast i «en bestemt kontekst», betyr «at lære aldri kan forstås som et lukket system, men snarere må forstås som et åpent system som stadig på nytt må utlegges i relasjon til ulike praksiser og forstås som uttrykt gjennom disse.»

Vi veit like fullt at kristen lære har vorte slått fast i vedkjenningskrift heilt frå oldkyrkja av. Poenget var at desse læresetningane var evige og uavhengige av praksisar, kontekstar og kulturar.

Med si omformulering av kva kristen lære er, endar Jan-Olav Henriksen ved inngangen til reformasjonsjubileet opp med å snu det heile på hovudet, ved å hevda at det vil «være uttrykk for et dramatisk brudd med luthersk teologi dersom man bruker en konkret utforming av ekteskapsforståelsen, som er en verdslig sak, som grunnlag for å etablere nye kirkesamfunn og skape splittelse.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

MF-professoren får seg også til å hevda at då «løper man en risiko for å skusle vekk grunnanliggender i arven fra reformasjonen».

Meir dramatisk omtolking og forkludring av reformasjonen ved innføringa av den nye lære om ekteskapet, skal det vera vanskeleg å levera.