Sal av bedehus og sikring av bedehushistorie

Over nokre tiår har aktiviteten på mange bedehus minka radikalt. Opp gjennom tidene har nokre bedehus vorte rivne, og nokre få har vorte selde, men dei fleste har vorte ståande utan nemnande aktivitet. No synest det som at historia har gått ei steg vidare ved at stadig fleire bedehus vert selde.

Det er tragisk at det i mange bygder og område med mykje folk ikkje lenger er grunnlag for bedehusarbeid. Sjølv om ein bør halda på bedehuset så lenge som råd er, i von om at det kan koma nytt liv på huset, er realiteten likevel slik at hus må seljast.

Mange har vore opptekne med kva huset vert brukt til etter det er seld, men ikkje alle har tenkt på å sikra historia til huset. Det er difor svært bra at førsteamanuensis Kristin Norseth og stipendiat Harald Torgersen vedMF påpeikar den utfordringa det er å ta vare på det historiske materialet som er knytt til bedehusa, og gjev nokre tips om korleis dette kan gjerast (Dagen 5/8). Eg sluttar meg i hovudsak til det dei skriv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg har skrive ein god del indremisjonshistorie og om bedehusa, og det er mykje kjeldemateriale i den samanhengen. Det varierer korleis det historiske materialet er teke vare på og organisert. For Indremisjonsforbundet sin del er det nokså mykje sentralt, og ved krinskontora, særleg det som gjeld protokollar og årsmeldingar.

Sentralleddet og krinsledda er med det stort sett godt dekka, sjølv om det manglar ein god del når det gjeld korrespondanse. Eg vil tru det same i stor grad gjeld ved skular og institusjonar. Andre organisasjonar, særlegNMS ogNLM, har svære og godt ordna arkiv.

Det svake punktet er lokalplanet og bedehusa. Her er det nok svært tilfeldig kva som er teke vare på, men det er heilt klart at det finst mykje av protokollar og anna historisk materiale. Dette er det generelt viktig å ta vara på og sikra på ein god måte.

Det gjeld i særleg grad når bedehus vert selde, som Norseth og Torgersen påpeikar. Dette er eit ansvar for dei som sel, men også krinsledda og sentralledda må ta ansvar her. For nokre bedehus som er selde, har protokollar med meir vorte levert inn til krinsen, men dette er litt tilfeldig og uoversiktleg.

Nokon bør ta tak i dette for å sikra ei forsvarleg ordning for å samla og sikra stoffet, og at det vert gjort ein ekstra innsats ved fotografering av huset innvending og utvendig og sikring av symbolske gjenstandar.

Statsarkivet står for ei god og sikker oppbevaring av alle typar historisk materiale, og her kan alt leverast inn. Ulempa med dette er at ­stoffet vert noko avgøymt, og stort sett berre vert oppsøkt av fag­historikarar.

Dersom materialet kan systematiserast og sikrast ved sentralledda i organisasjonane, trur eg det ville gjera at ein hadde eit meir medvite forholdet til stoffet og lettare brukte det. Hovudsaka er at det vert sikra – både som misjonshistorie og kulturhistorie.