Rosenius og moderne karismatikk

Dei svara som Oase-leiinga har gitt på den kritikken som er reist, er overflatiske og går ikkje til problemet.

Denne sommar har det skjedd to litt underleg ting i høve til moderne karismatikk. Det eine er at det har oppstått ein nokså fundamental debatt omOase. Det andre er at nokre karismatikarar har fått augo opp forCarl Olof Rosenius og forkynninga hans.

Rosenius var ein svensk forkynnar og vekkingsleiar som verka på midten av 1800-talet. Han fekk stor innverknad i heile Norden. Det er knapt nokon som har forma lekmannsarbeidet og vekkingslivet knytt til bedehuset i landet vårt, særleg og Sør- og Vestlandet, som han.Hans Nielsen Hauge har nok hatt meir å seia som pioner og nybrotsmann.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei største vekkingane i landet vårt kom frå 1870-åra og ut over på 1900-talet, og desse var sterkt preg av ei roseniansk forkynning. Det var ei forkynning som tydeleg orienterte seg ut frå lov og evangelium, og som bar i seg ei sterkt frigjerande åndsmakt til frimodig kristenliv og teneste.

Dagen hadde nett ein svært interessant reportasje om at nokre i karismatiske samanheng hadde oppdaga Rosenius og den frigjerande teologien og forkynninga vi finn i bøkene hans. Det ville vera ein stor fordel om Rosenius fekk inngang i moderne karismatikk – men han bør også gjennoppdagast i Bedehus-Noreg.

Det er mykje bunde kristen­liv rundt omkring, og det er mange som går på ein åndeleg vegg. Det har i det siste vore mykje fokus på nyare forsamlingar der unge kristne har brent seg ut, og der leiarskapet har utøvd åndeleg makt på ein usunn og skadeleg måte. Det er ikkje tvil om at Rosenius har kan vera til hjelp både med tanke på kristenlivet og leiarskapet.

Eg vonar den debatten som har vore i det siste, ikkje berre vert ein debatt om personar og deira leiarskap, men at ein går eit hakk djupare og spør kva teologi og forkynning som ligg til grunn, og kva ein kan gjer med det.

Då bør ein ikkje på nytt gå til Amerika og henta nye ­implusar frå nye åndsretningar der, men ein bør gå til vår eiga vekkingshistorie – og då vil ein møte Carl Olof Rosenius som ei god vegleiar!

Også Oase burde henta lærdom frå Rosenius. Det voldsomme ­fokuset på teikn, under og manifestasjonar er usunt, og det ­kviler ofte på ein teologi som ikkje har evangelisk frigjerande kraft i seg. Det er det siste som er hovudproblem, og då får ikkje dei ulike teologiske ­momenta sitt rette perspektiv, og kristenlivet kjem ikkje i sin ­rette skikk.

Dei svara som Oase-leiinga har gitt på den kritikken som er reist, er overflatiske og går ikkje til problemet. Det nyttar ikkje å visa til at ein ønskjer å verka til kvardagskristendom, at nådegåvene skal vera i funksjon og at den bibelske åndsdimensjonen skal få rom i vår rasjonalistiske tid.

Det er det stor semje om. Det store spørsmålet er korleis dette skal skje på bibelsk vis, altså kva teologi og forkynning som verkar til sunn tru. Her gjer Oase klokt i å sjå til rosenianismen og ­vekkings­historia.