Erfaringa og fortapinga

Debatten som går om fortapinga, har mange aspekt med seg. Eg vil her fokusera på argumentasjonsmåten hjå ein del av dei som seier det ikkje er grunnlag for å læra alles frelse. Er denne bibelforplikta, og utfaldar han innhaldet i dei tekstane som talar om dommen og fortapinga?

Det er sjølvsagt bra at professorar, biskopar, prestar og lekfolk held fast på «fortapelsens mulighet», og seier det ikkje er bibelsk grunnlag for å læra at alle vert frelste til slutt. Samstundes minner ein del av argumentasjonen om den vi har sett i homofilispørsmålet. Det førte inn på ein glidebane som enda i aksept for homofilt samliv først, og så likekjønna «ekteskap».

Ein del av argumentasjonen no fører inn på den same argumentmessige glidebanen og endar med at ein sluttar å forkynninga fortapinga, og etter ei tid fornektar henne. Argumentasjonen er for passiv og defensiv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

ProfessoraneHarald HegstadogJan-Olav Henriksen har skrive ein lengre artikkel der dei argumenterer for at det ikkje er grunnlag for å seia at alle vert frelste til slutt, men at dommen må overlatast til Herren. Det er rett så langt det rekk. Problemet er at argumentasjonen i stor grad er fornuftsmessig og filosofisk, og i liten grad eksegetisk og bibelteologisk.

Ein vert med det ikkje forplikta på Guds ord, og ein vert ikkje ført inn i det Skrifta seier om fortapinga. Denne typen argumentasjon har vi hjå Henriksen sett førte til aksept av likekjønna «ekteskap», og hjå Hegstad til ei nedtoning av alvoret i saka.

Noko av det same ser vi i det biskopane svarar på spørsmålet. Dei held fast på at menneske kan gå fortapt, men fokuserer så sterkt på Guds nåde, Guds kjærleik og Guds frelsesvilje, at alvoret i saka vert nedtont, og realiteten i fortapinga vert uklar. Det lyder i liten grad eit kall til omvending for å unngå fortapinga.

Henriksen har vore banebrytar for å definera den allmenne livserfaringa som openberringskjelde. Vi må ut frå det ta utgangspunkt i folks erfaring, ikkje berre i Bibelen, for å finna ut kva som er rett og gale. Denne tankegangen har vore sjølve brekkstanga for å endra syn i homofili- og ekteskapsspørsmålet.

I møte med fortapinga er ikkje erfaringa relevant, seier Hegstad og Henriksen. Jo, svarar andre, det er ho –og det har dei sjølvsagt rett i, ut frå den tankegangen som Henriksen har forfekta i homofilisaka. Ingen likar tanken på helvete, og mange fryktar fortapinga. Det er ei negativ og vond erfaring, som vi må ta på alvor.

Dette kan gå på den psykiske helsa laus, og det er i strid med Guds kjærleik og omsorg. Dessutan er det millionar som har erfaring med helvete her på jorda, gjennom krig, undertrykking, terror og hungersnaud. Det er denne fortapinga dei skal frelsast frå, fordi dette høyrer synda til og er i strid med Guds gode vilje, er tankegangen.

Erfaringa vert snart ei brekkstang også i spørsmålet om fortapinga.