Bedehusets situasjon og fusjon av organisasjonar

fredag 28. oktober 2016

Kristenliv

Det har vore ei dramatisk utvikling for Bedehus-Noreg sidan eg byrja i misjonssamanheng tidleg på 1970-talet og fram til no. ­Arbeidet er radikalt redusert både når det gjeld substans, aktivitet og frammøte. Parallelt har det skjedd ei læremessig oppløysing i Den norske kyrkja og ved Menighetsfakultetet.

Denne situasjonen må vi sjå i kvitauga, og vi må vera villige til å orientera oss på nytt i bedehusland for å ivareta misjonsoppdraget. Då må vi særleg ha fokus på forkynninga og opplæringa, men vi må også sjå på ytre forhold som forsamlingsbygging og fusjonar.

Under Indremisjonsforbundets (ImF) generalforsamling i sommar reiste Torgeir Skrunes på nytt tanken om at ImF og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) burde slå seg saman. Dette har vorte teke opp både i Utsyn og i Sambåndet, men haldninga til fusjon i leiarskapet er anten lunka eller negativ. Det er den lettaste saka av verda å peika på historiske og organisatorisk grunnar for at fusjon er uaktuelt, men åndssituasjonen og realitetane på bede­huset talar for.

LES: Sier nei til misjonfusjon

For snart 100 år sidan hevda Ludvig Hope at lekmannsarbeidet gjekk mot ei stor krise, og som den første av seks grunnar var denne: «Me maktar ikkje å halda i hop, me som høyrer saman. Me dett ifrå kvarandre i mange organisasjonar». Var det eit problem då, er det enda større no, samstundes som vi er færre som skal dela oss. Eg kan tenkja meg ein firedelt struktur i det kristne organisasjonslivet.

For det første har vi Det norske misjonsselskap, Sjømannskirken og Norges KFUK-KFUM som dei mest kyrkjelege, og med sterkast tilknytting til Dnk, og som kan fusjonera.

For det andre har vi Normisjon som er ein fusjonert organisasjon, som er midt på treet kyrkjemessig, og som har gått bort frå tenestedelinga mellom mann og kvinne. Ei vidare endring av kyrkjebilete kan gje fusjon eller samarbeid med Frikyrkja.

For det tredje har vi den mest radikale delen av bedehusland, der ein praktiserer tenestedeling mellom mann og kvinne, med NLM og ImF som hovudaktørar, men der også Den Indre Sjømannsmisjon, Samemisjonen og Muslimmisjonen høyrer heime. Alle desse kan slå seg saman, og med eit nært forhold til DELK.

KOMMENTAR: Ingen fusjon med det første

For det fjerde må det vera eit aktivt rom for fellesorganisasjonar som Israelsmisjonen, Laget, Åpne Dører og Stefanusalliansen, og det må vera rom for mindre og spesialisert misjonstiltak. Samarbeid kan ein ha som før.

Dei ulikskapane som er i bedehusland, vert korkje større eller mindre ved fusjon, men ved at vi rakar glørne saman, vert vi i større grad tvungne til å takla desse på ein boderleg måte i fellesskap, og forsamlingsbygginga på bedehuset vert enklare.

Skrunes kommenterte fusjon mellom NLM og ImF frigjerande slik: «ImF kommer til å bli slukt, men er det så farlig?» Dersom alle i alle organisasjonane tenkjer slik, kan fusjon frigjera arbeidskraft og åndsmakt.

Les reaksjoner på denne artikkelen