Alvoret i dagens kyrkjesituasjon

Er kyrkjesituasjonen meir alvorleg i dag enn i tidlegare tider? Er situasjonen slik at vi bør tenkja annleis om kyrkje og bedehus no enn generasjonane før oss har gjort? Krev dagens åndssituasjon andre handlingsalternativ for bedehusfolket enn praksis har vore til no?

Etter mi vurdering er svaret på alle desse tre spørsmåla ja. Eg vil kort skissera nokre grunnar til at eg konkluderer slik. Mange viser til at det har vore vanskelege tider i norsk kyrkjeliv før også, og dei brukar gjerne dette som argument for å verta iDen norske kyrkja (Dnk), og for å driva bedehusarbeidet på same viset som før. Det er etter mi meining ei overflatisk historisk vurdering.

Det er rett at det har vore vranglære og problematiske tider i kyrkja også før. Når vi tenkjer på dette i den 150-årsperioden der vi har hatt organisert lekmannsarbeid og bedehus, er det særleg tida rundt år 1900 og eit par tiår framover, som peikar seg ut negativt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den gongen var den klassiske liberalteologien på sitt høgdepunkt. Det skjedde like fullt inga endring i Dnks læregrunnlag ved endringa av vedkjenningsskrift eller liturgi. No skjer det ei fundamental læremessig endring ved at det vert innført ny lære om ekteskapet. Noko slikt har aldri skjedd før. Rett nok skjedde det ei endring ved opning for kvinnelege prestar, men ikkje gjennom læremessig vedtak eller liturgisk endring.

Det som er minst like viktig, er at den liberale teologien i stor grad var ei sak for fagteologar, og han prega delar av kultureliten, men han slo aldri gjennom i Dnk som eit heile eller vart dominerande i presteskapet, slik det no har skjedd gjennom eit kyrkjemøtevedtak som store delar har presteskapet deler, og som alle biskopane aktivt fylgjer opp. For vel hundre år sidan vart det reist ein kraftig motreaksjon til den liberale teologien på eit fagleg plan og gjennom presteutdanninga ved opprettinga avMenighetsfakultetet. Noko slikt skjer på ingen måte i dag – tvert imot.

Bibelkritikken på byrjinga av 1900-talet kom i ei tid der landet vårt opplevde dei mest omfattande vekkingane norsk historie kjenner, og dette var eit bolverk mot at den liberale teologien skulle få makt i kristenfolket.

Det er på ingen måte situasjonen i dag. Vi lever i ei svært åndsfattig tid. Dette er truleg det mest utfordrande med tanke på vår tid sett i lys av tidlegare tider. Vekkingane skapte mykje åndeleg oppdrift, medan vi no er i ei åndeleg bakeve.

Presse frå bibelkritikken og liberalteologien vert med det sterkare i vår tid enn for hundre år sidan, og motkreftene er tilsvarande veikare. Osmoseeffekten frå kyrkje til bedehus vert med det tydelegare, og på det personlege planet er ein mindre motstandsdyktig og meir påverkbar.

Kva konsekvensar ein skal ta av dette, kan nok vurderast ulikt, men det er uhistorisk å lata som situasjonen no er omtrent som i vanskelege tider før.