Taust

Det er ikkje teikn på eit godt forhold i eit ekteskap om det vert taust mellom ektefellene. Då dei møttest og forelskelsen blomstra, ja, då hadde dei så mykje å tala saman om. Der var ein trong etter å få vera saman, trong etter å sjå kvarandre. Kjærleiken vaks, ja, vart fornya gjennom samvær.

Målet til den andre sette hjarta i sving. Med han/henne avsløra ein ymse som det ikkje vart snakka om med andre. Dei tala saman, og var saman, og slett ikkje av plikt, men av trong. Denne personen dreia alt seg om. Tosidig var det, taling og lytting.

Gifte vart dei, levde livet saman, delte sorger og gleder. Ord vart veksla, det gjekk begge vegar. Kjennskapen til kvarandre vaks.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når det vert taust, når trongen etter å vera saman døyr, då har det hendt noko. Noko er kome inn i forholdet, eller noko har blitt borte.

I kristenlivet er der ei dobbelhet. Eg har merka det. Når Gud Herren får meg i tala gjennom sitt Ord, gjennom lesing og høyring. Då veks der fram ein trong etter å tala med Han som har tala til meg. Vert Bibelen forsømt, så fylgjer det og at bønetrongen svinn henn.

Til meir Guds ord får meg i tale når eg lyttar, til meir veks trongen etter å høyra og å lesa. Då stig sukket opp til Herren om å få sjå meir inn i Guds ord. Sukket etter at Han kan få meir kontroll over livet mitt.

Nei, det vert ikkje taust mellom Herren og meg. Han vil ha meg i tale. Sitt Ord har Han gjeve, og der møter Han meg. Her syner Han meg både kven Han er, og kven eg er. Der får eg sjå «hva Jesus meg har givet, gjør meg for Gud så kjær». Då stig takken.

Ikkje fordi eg skal eller må, men av trong. Då kjem og trongen etter å få vera saman med andre himmelvandrara. Få lytta til Livets ord saman med dei, høyra vitnemåla, erfaringane deira.

På kyrkjegardane, der er det stille og taust. I ekteskap der kjærleiken held på å døy, er det taust. I ei forsamling kor den åndelege død held på å drepa, er det taust. Her er ikkje trong etter Guds ord, og bøna vert meir form enn hjartetrong. Vitnemåla har tagna og inn kjem «minipreiker».

Eit godt teikn er det når ein i ekteskap kan snakka saman, men og teia saman, men trongen til å vera saman er der. Ja, avhengighet.

Djevelen, som er ein realitet, søkjer på alle måtar å få det slik at me ikkje skal vera avhengige av Guds ord. Pest og plage er det for han at me er avhengige av Guds ord. Veit gjere han at får Gud oss i tale, då vil og me ha Gud i tale, me bed.