Rekruttera nye leiarar

Den siste tida har eg fått vore med på fleire leiarsamlingar. Samlingar der eg har møtt lokale leiarar med deira styremedlemmer. Eg gler meg over denne kontakten, der eg i presentasjonsrunden også får høyra litt om gleder og utfordringar i arbeidet. Fleire har nemnt det både som ei glede og utfordring å oppfostra nye unge leiarar. «Me må starta arbeidet alt i 5.–7. klasse.

Ventar me for lenge, har me kanskje mista dei», vart det sagt. Av eigen erfaring veit eg kor viktig det er å bli oppmuntra og utfordra på oppgåver. Eg har mykje å takka min vaksenleiar for i det kristne ungdomslaget i nabobygda der eg vaks opp. Eg stotra meg gjennom opningar, var 17 år første gong eg våga å be høgt, og hadde ein lang veg å gå i å skjøna Guds ord. Vaksenleiaren heia meg fram og trudde på meg likevel.

Me har mykje å læra av Jesus som leiar. Fleire har sett spørsmålsteikn ved Jesu val av disiplar. Det var ein samansett gjeng av fattige fiskarar, berykta, impulsive og hissige medarbeidarar. Men Jesus hadde tru på dei. Han hadde eigen evne til å omforma, utfordra og engasjera, og han kunne mobilisera mengden så vel som enkeltpersonar. Jesus gav menneske nye sjansar, han involverte seg i sine medarbeidarar og utøvde tenande leiarskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skal arbeidet veksa og utvikla seg, er det viktig å utvikla nye leiarar. Det treng ikkje berre vera unge leiarar. Alle skal ha sin plass i forsamlinga; tena med si nådegåve. Men skal arbeidet vera berekraftig, må me også tenkja at neste generasjon må med. Difor er det ekstra viktig å sjå den unge potensielle leiaren. Kven som er den potensielle er eit stort spørsmål. Ser me på Jesu utveljing er den nesten grenselaus.

Felles for dei alle var gjerne at dei var villige til å utvikla seg og følgja etter Jesus. Det er sagt at du aldri kan bli ein betre leiar enn den du etterfølgjer. «Me skal sjå ut som sauer foran, og hyrdar bak.» Det vil seia at me som kristne/leiarar har Jesus som vår hyrde. Han går føre og leier.

Når han snur seg og ser på oss ser han sauene som følgjer etter. Når me snur oss, har me «sauer» som igjen følgjer etter oss. Hovudpoenget er å leia dei fram til Jesus, til eit liv i etterfølging. Så også med våre unge leiarar.

Å utvikla seg som leiar er ein prosess. Den unge treng oppfølging; ikkje berre få nøkkelen i handa saman med eit «lukke til». Kanskje skal me bruka meir av tida vår til å utrusta andre, enn å sjølv organisera og springa rundt på mange aktivitetar. Dette trengs sjølvsagt, men ein leiar si viktigaste oppgåve er trass alt å utrusta og oppfostra nye leiarar.