Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

Liv og lære

lørdag 25. august 2018

Kristenliv

Eg ønskjer meg fleire heilstøypte kristne som tek Guds ord på alvor på alle område av livet.

Eg er opplærd til at lære og liv må samsvara med kvarandre. Eg har vorte innprenta frå eg var ein liten gutt at eg må gjera det eg seier og stå for det eg meiner. Idealet har vore å vera eit heilt menneske. Å seia at nokon var heilstøypt, var noko av det beste ein kunne seia om dei.

Ein heilstøypt person står det framleis respekt av, vågar eg å seia. Skal vi driva misjon, eller gjera folk til læresveinar, må me praktisera det me lærer for å vera truverdige og sjå varig frukt av arbeidet. Folk som seier dei står for noko, men lever noko anna, vart i min ungdom kalla for hyklarar. Det var ikkje eit fint ord.

I dag er det visst ikkje slik. I dag tek me på oss rollar. Me kan faktisk spela mange ulike rollar. Me kan seia og gjera ting som strir mot kvarandre, om me berre passar på å skifta hattar. Dessverre hender det at me gløymer kven me er og går inn i feil rollar og bruker feil hattar. Då blir det bråk.

Det er mykje enklare å vera heil, for då har du ikkje så mange val. Eit menneske med integritet forstår kva som er rett og galt, og vel alltid det rette. Jamvel om det kan kosta dyrt. Sjølvsagt møter me alle innfløkte stoder og vanskelege problemstillingar, der ikkje alt er svart eller kvitt. Då er det dei indre verdiane som styrer det me gjer. Folk kan sjå kva me trur på og set høgt gjennom gjerningane våre.

Liv og lære er eitt og det same. Dei kan ikkje skiljast frå kvarandre. Læra er slik livet levast og ikkje slik munnen taler. Det me gjer ropar høgare enn dei fine orda våre. Det er ikkje eit vakkert syn når lære og liv motseier kvarandre. Det er flott og ærefullt når liv og lære samsvarar.

Det er ikkje eit vakkert syn når prestar og forkynnarar bruker si stilling til tilfredstilla seg sjølve. Det er ikkje eit vakkert syn når politifolk sviktar og gjer kriminelle ting. Det er ikkje eit vakkert syn når politikarar ikkje står for det programmet dei er valt inn på.

Det er ikkje eit vakkert syn når statsrådar ikkje følgjer reglane. Det er ikkje eit vakkert syn når politiske talsmenn ikkje praktiserer det dei er talsmenn for. Det er aldri eit vakkert syn når liv og lære ikkje samsvarar.

Kan eg skilja kva eg gjer som kristen og kva eg gjer som privatperson? Om det eg gjer som privatperson ikkje samsvarer med det Bibelen seier, er det då ikkje meir ærleg å ikkje gjera krav på kristennamnet?

Kan du til dømes vera høgremann når du stiller som representant i kommunestyret, medan du som privatperson agiterer for og praktiserer kommunistisk politikk? Vekkjer det tillit når du er høgremann i kommunestyret, men kommunist som privatperson?

Eg ønskjer meg fleire heilstøypte kristne som tek Guds ord på alvor på alle område av livet. Eg ønskjer meg prinsippfaste kristne som byggjer på dei bibelske prinsippa. Eg ønskjer meg fleire heilstøypte menneske, som uansett kva politikk dei står, lever i samsvar med det dei lærer!