Jerusalem – igjen og igjen

Ein kan undra seg over at namnet Jerusalem er bygt opp om ordet shalom – fred. I det siste har det – som så ofte opp gjennom historia – vore uro i samband med «fredens by».

Medan eg arbeidde med denne artikkelen, hadde Dagen ein svært lesverdig israelkommentar om Jerusalem, av Dag Øyvind Juliussen. Eg vel likevel å ha dette temaet, for det er mykje å seia om denne byen.

Kjell Furnes, tidlegare formann i Ordet og Israel, gav for nokre år sidan ut ei heil bok om Jerusalem, og likevel hadde han som undertittel: Ein kortversjon av Jerusalems historie.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Historisk kan det ikkje vera tvil om at jødane har hatt eit heilt spesielt forhold til Jerusalem. Til ein viss grad gjeld dette også arabarane, men dei kjem jo inn på eit langt seinare tidspunkt og byane Mekka og Medina står høgare på deira liste.

Kva Bibelen seier om Jerusalem skulle i alle fall for oss kristne vera av minst så stor interesse og betydning som kva ulike menneske, stormakter og FN måtte meina.

For nærare fire tusen år sidan vert denne byen omtalt i Abrahams historie. Først under namnet Salem i samband med den forunderlege kongen og presten Melkisedek, som Salmane og Hebrearbrevet seier er eit førebilete på Jesus. Vidare då Gud leier Abram den lange vegen til Moriaberget for å ofra den einborne sonen, Isak. Herren ser – eller utser seg – er namnet Abraham gir denne staden.

Både offerlammet og offerstaden er utpeika av Gud. Derfor blir òg David og Salomo leia til å byggja templet med brennofferaltaret nettopp i Jerusalem, på Moriaberget. 2Krøn 3. Ytterlegare tusen år går og «timen er komen» og Jesus døyr – i Jerusalem. Luk 18,31

Men dette er ikkje det siste vedrørande «den store kongens by» – som Jesus uttrykkjer det i bergpreika. For kong Jesus skal i sin gjenkomst setja sine føter på Oljeberget ved Jerusalem (Sak 14) og før det skal Jerusalem liggja nedtrødd av heidningar (ikkje-jødar) til tidene åt heidningfolka er ute Luk 21,24. Og denne byen skal verta ei tumleskål for alle folka rundt omkring (dei arabiske nabolanda) og ein lyftestein for alle folka (heile verda). Sak 12.

Dette er dristige profetiar som menneska no kunne ledd av om Jerusalem ikkje eksisterte lenger eller hadde noko fokus i vår tid. Slik er det definitivt ikkje! Heile verda har meiningar om denne byen. Ingen som kjenner Bibelen burde vera uvitande om at åndskrefter er inne i biletet enten vi menneske er medvitne om det eller ikkje.

Det er ikkje tilfeldig at islam har fatta interesse for Guds by, Sion. Der Gud har sine planar, har motstandaren heilt andre. Ja, djevelen skal faktisk etter den antikristelege trengsla og sitt fengselsopphald under Tusenårsriket, endå ein gong dra opp mot denne byen. Joh Op 20.

Eg gløymer aldri ein tale ut frå Salme 83 av Tass Saada, tidlegare Israel-hatar og snikskyttar for Arafat. Idet han las opp frå teksten namna på Israels motstandarar, viste han på Powerpoint land etter land på eit kart over Midtausten. «Vi vil ta Guds bustader i eige for oss sjølve», seier dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bibelen seier: «For Herren har valt ut Sion, han ville ha det til bustad: Dette er min kvilestad for all tid. Her vil eg bu, fordi eg har lyst til det.» (Sal 132).

Joel 3 profeterer om pinsedag og endetida. Det kjem ein dag då nasjonane skal stå til rette for kva dei gjorde mot Israel – «dei spreidde dei mellom heidningfolka og delte landet mitt».

Visst er det vanskeleg med Bibelen i hand å seia kva som bør skje dag for dag i Midt-Austen. Eg tenkjer likevel at deling av landet og Jerusalem ikkje i det lange løp vert til glede for nokon.