Ikkje god nok?

Lat oss sleppe dei alminnelege fram i Guds forsamling.

Ved slutten av samtalen samanfatta ho det heile slik: «Eg kjenner meg ikkje god nok, ja føler meg ofte nokså ubrukelig i det eg prøver å gjere i møte med alle dei flinke og frimodige.»

Ho hadde nett snakka om kristenlivet sitt og dei oppgåvene ho prøvde å gjere i Guds rike. Frå min ståstad såg eg ei med gode ressursar og evne til å hjelpe og leie andre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ei med ei trygg tru, og eit personleg og inderleg kjennskap til Herren Jesus og hans gode ord. Men ho såg det ikkje slik sjølv.

Dette spørsmålet høyrer ikkje berre heime i sjelesorga sitt rom. Det handlar og om ein trend i tida for samfunnet og kyrkjelivet i landet vårt. Skal det skildrast med eit «fin-ord», kan me kalle det forprofesjonalisering.

Når krava til alt det ein skal vere og kunne, vert svært tydelege og viktige. Og når kvalifikasjonane kjem i framgrunnen for det å vere og gjere noko. Då dett mange av lasset.

Fleire meiner i dag at løysinga er tydlegare strukturar i det kyrkjelege arbeidet. Med sterke og tydelege leiarar, og ansvarsliner lik eit veldrive forretningsføretak.

Vil heie fram dyktige og sterke pastorar og prestar som skal drive arbeidet vidare, og gjev stort rom og armslag til dei som stig fram og vil fylle desse plassane. Det er ikkje første gong den kristne kyrkja har prøvd på det same.

Overlate det åndelege ansvaret til nokre få utvalde. Til munkar og prestar. Til dei med ei særskild utrusting og kall. Til dei profesjonelle i kyrkjeleg kall og teneste.

Nokre har hevda at dette var ein av grunnane til kristendomen sitt fall i Nord-Afrika og Tyrkia då islam pressa på. Dei profesjonelle fall i striden, og då stod dei alminnelege kvinner og menn att åleine og forsvarslause.

Dei var ikkje utrusta til å stå fast i trua og i kallet til å vere Kristi vitne og ambassadørar. Det var berre dei vigsla og utvalde som skulle bere og leie kyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Profesjonalitet eller alminneligheit? Når me går til Bibelen ser det ut til at Gud elskar dei som ikkje er gode nok på ein særleg måte. Det hjå dei med det knuste hjarte han vil bu.

Det er hjå dei med ei nedbøygd ånd han kjenner seg heime. Og det er dei hjelpelause han vil bruke i sitt store oppdrag. Det er dei alminnelege - menn og kvinner, barn, unge og gamle.

Gud vart i Kristus sjølv alminneleg. Ein av oss, med all si fornedring, liding og død. For gjennom det å vinna oss fred og evig liv. Lat oss sleppe dei alminnelege fram i Guds forsamling.

For det er slik Gud bygger sitt rike. «Men det dåraktige i verda, det valde Gud seg ut... Og det som er veikt i verda, det valde Gud seg ut... For det er hans verk at de er i Kristus Jesus, han som for oss har vorte visdom frå Gud, rettferd, helging og utløysing» (1 Kor 1).