Illustrasjonsfoto: Fotolia

Eit tiltrekkande fellesskap?

tirsdag 17. juli 2018

Kristenliv

I ei sunn forsamling vågar folk å le av seg sjølv. Dei veit dei blir tilgitt. Dei veit at dei er aksepterte. Dei vert berørt av frelsa. Dei veit kor dei kan gå og snakka med nokon om dei får problem.

Kva faktorar er med og avgjer om du er med i eit kristent fellesskap eller ikkje? Grunnane kan nok vera fleire. Det er i alle fall vist at ekte kjærleik gir forsamlinga større magnetisk tiltrekkingskraft enn alle slags marknadsføringstiltak.

Då eg tidlegare var mykje på leir, snakka me ofte på leiarrommet om kor viktig det var å sjå leirdeltakarane; læra namnet, vera oppmerksam osv. Me kunne snakka så mykje me berre ville om Jesus, men dersom dei unge ikkje opplevde kjærleik og blei sett, var det liten sjans for at dei ville koma igjen.

Slik trur eg det er med det kristne fellesskapet generelt. Det skal kjennteikna oss som disiplar; at me har kjærleik til kvarandre. Så er det sjølvsagt lettare sagt enn gjort, når me blir irriterte, er ueinige, kjenner oss tråkka på osv. Korleis reagerer me då?

Eg har nett lese boka «Kunsten å gi og ta imot rettferdighet, sannhet og nåde». Boka handlar om korleis me kan voksa i kjærleik, både i eige liv og i forsamlinga. Det er lett å tenkja at me vil forandra andre, men me er gjerne ikkje like klar for å forandra oss sjølv?

Ei forsamling består av enkeltindivid. Det er vanskeleg å forandra kulturen i ei heil forsamling. Men meg sjølv kan eg gjera noko med. Boka viser to (motsatte) innfallsvinklar til korleis kjærlege handlingar oppstår.

Den mest vanlege er at kjærlege følelsar fører til kjærlege tankar som igjen fører til kjærlege handlingar. Ved Guds agape derimot er ein ikkje avhengig av følelsar for å koma i gong.

Du kan starta med å tenka kjærlege tankar. Alle som har fått oppleva Guds kjærleik kan gjera eit slikt val.

Kjærlege tankar fører til kjærlege handlingar som seinare i prosessen kan føra til kjærlege følelsar. Agape-kjærleiken gjer oss i stand til å elska sjølv i situasjonar der du til å begynna med har sterke negative følelsar.

Om du vil dela Guds kjærleik med andre, må du sjølv bli fylt av Guds kjærleik. Ofte kan me blanda denne kjærleiken med «gode gjerningar» som me gjer i eiga kraft. Me elskar fordi han elska oss først (1. Joh. 4, 19).

Den første individuelle øvinga i boka går nettopp ut på å la deg bli fylt av Guds kjærleik. Det går til dømes an å starta og avslutta dagen med å seia til deg sjølv: «Eg er elska av Gud».

Dette er ord me alle treng å bli minna om, spesielt dei dagane me fordømer oss sjølv, føler me har mislukkast, er blitt tråkka på osv. Eg er elska uansett!

«I forsamlingar som veks, ler ein merkbart meir enn i forsamlingar som ikkje veks». Denne påstanden satte forfattaren av boka Christian A. Schwarz fram då han skulle presentera dei første resultata av forsking på menighetsutvikling.

I ei sunn forsamling vågar folk å le av seg sjølv. Dei veit dei blir tilgitt. Dei veit at dei er aksepterte. Dei vert berørt av frelsa. Dei veit kor dei kan gå og snakka med nokon om dei får problem. Slike forsamlingar er tiltrekkande. Slike forsamlingar vil me ha!