Ei forsamling for alle

Kvifor kjem ikkje dei unge på møta våre? sukkar fleire. Spørsmålet er viktig. Men er det mest ein anklage eller eit inderleg ynskje om å ha dei der som ligg bak? Og med det siste også viljen til å la dei få forma møta og kulturen?

Eit sterkt barne- og ungdomsarbeid er flott, men det kan også vera ein fare. Kva blir det til etterpå? Dersom dei unge kun identifiserer seg med barne- og ungdomsarbeidet, kan det vera mindre sannsyn for at dei vil bli verande i forsamlinga når dei blir eldre. Dei har all sin identitet i laget dei har gått i, ikkje i forsamlinga elles.

Med det fell dessverre mange også vekk frå Jesus. Mange stader er barne- og ungdomsarbeidet separert frå resten av arbeidet i forsamlinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Sann suksess er først når kvar generasjon tar ansvar for å utvikla den neste», seier John Maxwell. Det er dei vaksne sitt ansvar å innlemma dei unge, og sjølvsagt har dei unge også eit ansvar i å gripa den utstrekte handa. Me treng bevisste overgongar mellom barne- og ungdomsarbeidet, ungdomsarbeidet- og forsamlingsarbeidet. Mange unge blir gjerne med og tar ansvar i leiarskapet i forsamlinga.

Ein av T2-elevane våre nytta i haust høvet til å snakka til vaksenforsamlinga i eit av våre bedehus. Han utfordra spesielt på å sjå dei unge. Det handlar om relasjonar. Veit du kva unge som går på bedehuset, spurte han. Kjenner du navnet på dei? Stikk gjerne innom barne- eller ungdomslaget også, og vis di interesse. Og vidare: gi ungdommane ansvar, slik at dei får eigarforhold til det som skjer på bedehuset.

Dei unge treng trygge relasjonar til modne kristne, hevda vår T2-elev. Og eg trur det er heilt sant. Dei unge dukkar ikkje berre opp av seg sjølv. Det meste handlar om relasjonar – også i denne samanhengen.

«Det er jo som regel me unge som tar hensyn til dei eldre i forsamlinga», sa ein ungdom til meg. «Spesielt når det gjeld songval. Elles veit me ofte det blir reaksjon etterpå.» No er det nok slik at dess yngre me er, dess lettare er det å tilpassa seg. Men eg ser med uro på korleis det skal gå med små forsamlingar der det per i dag ikkje er nokon yngre som går.

Dei unge kan vera radikale, ja. Og ofte kan det vera eit spørsmål om me tør å sleppa dei laus. Men dei unge i dag er ikkje først og fremst i opposisjon. Dei treng menneske som er villige til å engasjera seg i livet deira gjennom gode og utfordrande tider, med usvikeleg tru på potensialet i dei.

Me treng kvarandre i forsamlinga; som bror og søster, son og dotter, far og mor. Kanskje er det ein du spesielt skal vera noko for?