GRUNNLOVEN: Grunnloven på besøk på Eidsvolli 2014. Det originale grunnlovsdokumentet ligger til vanlig forvart i stortingsarkivet. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix

Grunnlovas ekteskapsforståing, norsk lov, Kyrkje-og Bispemøte

mandag 26. mars 2018

Kristenliv

Når Venstre trugar med bortfall av statsstøtte til den kristne skolen på Gjennestad i Vestfold, er det eit skremmande signal. Og det er ikkje mindre skremmande og ein trussel mot demokratiet at både stortingsfolk og ministrar skaper tvil om soleklare menneskerettar.

Kristendomen saman med humanisme er nedteikna i Grunnlova. Meininga er at kristendomen framleis har ei særstilling i landet vårt. Den norske kyrkje som ikkje lenger er ei Statskyrkje, blir no understøtte som folket sitt religiøse fleirtalssamfunn med folket sine skattepengar.

Det er ingen tvil om at Skrifta og kristendomen som Grunnlova viser til, lærer at ekteskap er mellom ulikt kjønn. Dette er også i samsvar med naturrett og skaparordning. Slik sett gjeld dette alle menneske til alle tider overalt i verda.

Venskap og samordningar mellom same kjønn er éin ting. Vi hadde partnerskapslova her i landet nokre år. Men «ekteskap» er noko heilt anna; det er verna av grunnleggande ordningar for alt som heiter menneskeliv på jorda.

På denne bakgrunn må det kunne seiast at norske myndigheiter har laga ei lov som er på kollisjon med Grunnlova, kristendommen, Skrifta og skaparordninga.

Det er ingen tvil om at ekteskapet mellom ulike kjønn også er ein menneskerett som er nedteikna og stadfesta av internasjonale domstolar. Her har filosofen Nina Karin Monsen heilt rett, sjølv om domarar kan vegre seg for igjen å stadfeste ekteskapet mellom mann og kvinne som ein menneskerett. Kanskje redsle for surrogat-ekteskap-lobbyen i ulike utgåver er grunn til det.

Også Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja har avsett seg sjølv som ei samling i samsvar med kyrkja sin basis, Skrift og vedkjenning. Biskopane har diverre gjort vedtak i same lei; dei snakkar om einskap i kyrkja når dei no har vedteke at det er heilt greitt å gi kyrkjeleg aksept til surrogat-ekteskap for to av same kjønn.

Alle oppegåande aktive kyrkjemedlemer vil jo skjøne at eit bispevedtak skaper ingen einskap når bispane sjølve likevel har teke avstand frå eit grunnleggande lærepunkt i kyrkja si lære. Det er å skape frustrasjon og gjere seg sjølv til narr.

Det er djupt alvorleg at kristne leiarar ikkje ser dei riv kjølen bort både frå samfunn og kyrkje med deira svekking av ekteskapet. Når no nyleg ein biskop sa ifrå at han vil gå av etter fire år hadde eg vona at han ville beklage det han hadde vore med på.

Men nei. Det var bare godord om det ubibelske- og imot naturen-vedtaket bispemøtet hadde gjort om ekteskap. Åpen Folkekyrkje kjempar også ein kamp for å få Bibelen til å godta surrogat-ekteskap mellom same kjønn, ein kamp dei trygt kan avslutte. Det er som å prøve å få bort solskinet frå sola. Åpen Folkekyrkje kunne med stor fordel bli lagt ned. Dei skaper bare liberal forvirring i samlivsspørsmål.

Dei som tenkjer prinsipielt ut frå skaparordninga må verne om demokrati og åndsfridom. No gjeld det også frie kristne skolar som held fast på dei menneskerettane Grunnlova gjev og som er knyta til demokratiet og friskolelova her i landet; nemleg å følgje opp ekteskapet mellom mann og kvinne som grunnleggande ordning, dette sjølv om storsamfunnet tillet andre ordningar for samliv.

Når Venstre trugar med bortfall av statsstøtte til den kristne skolen på Gjennestad i Vestfold, er det eit skremmande signal. Og det er ikkje mindre skremmande og ein trussel mot demokratiet at både stortingsfolk og ministrar skaper tvil om soleklare menneskerettar. Også rettar som er nedfelte i Grunnlova med kristendomen og kristen etikk som grunnleggande i landet vårt. Kristendomen tolka på klassisk vis gjennom tusenvis av år.

Venstre-representantane og skolestatsråden bør nå heller sjå nærmare på statsstøtta til religionar som brukar vold og drap. Religionar frå land som krev full fridom her hos oss, men der landet er stengt for etablering av kristne kyrkjer.

Det kan heller ikkje skade om regjeringa ser nærmare på millionane som går til skolar i Midtausten som lærer opp barn til drap på jødefolket. Norske skattebetalarar er i aukande grad opptekne av slik «bistand».