SMIL: Folk frå Den dominikanske republikk toppa eit år verdsstatistikken som «dei mest smilande».  Foto: Rebecca Blackwell, AP Photo / NTB scanpix

Historia og nåtida

søndag 19. mars 2017

Kristenliv

Historia har forma oss, og fylgjer oss som 
ein skygge i alt 
vi føretek oss.

Historia har forma oss, og fylgjer oss som ein skygge i alt vi føretek oss. Denne «sanninga» sit i mitt hovud i det vi oppheld oss på Den Dominikanske Republikk!

Dette vesle landet i Karibien, ein del av øya Hispaniola, har vel djupast sett eit ynskje om å gløyme historia. Vi tek turen til Isabella-ruinane, oppkalla etter dronninga som finansierte Cristóbal Columbus sine reiser i 1492.

Columbus bygde opp ein liten by her, nydelig plassert på Atlanterhavskysten. Her heldt dei den fyrste kristne messa på heile det nord- og sør amerikanske kontinentet og i dette landet vart både den fyrste katedralen og universitet UASD bygd!

Med midlar frå UNESCO er staden gjort tiltrekkjande for turistar, men dagsbesøka overstig sjeldan 10 stykk.

Feiringa av Columbus-dagen 14. oktober er obligatorisk. Men få dveler med den grufulle sanninga om at spanjolane tok seg rett til å erobre, voldta og drepe også utanfor eige europeisk territorium.

Urfolket, Taino, er nå totalt utrydda. «Vi kunne ikkje hindre Columbus i å koma, men kvifor måtte dei drepa oss?» Kjem det stille frå ein nasjonal kunstnar.

To århundre seinare, då blandingsrasen (mestiser), med røter i voldtekt, hadde vakse fram og den spanske overklassen hadde bygd opp lønsame plantasjar, trong dei meir arbeidskraft.

Under dekke av samhandel mellom USA, Europa og Afrika, fanga dei afrikanarar i kyststrøka og frakta dei som slavar til dei karibiske øyane på skuter med norske og danske kapteinar.

Ecuatorialhavna i Puerto Plata er framleis intakt, her landa skutene med lasta frå Afrikakysten. Som «maskindeler» vart dei overlevande henta fram frå lasterommet, seld, sortert og sendt vidare. Ein god del vart verande, ei tid var det 15 slavar for kvar kvit. Kvar var tanken om framtidsutvikling? Truleg totalt fråverande.

Noko turistmonument over denne grufulle handlinga er ikkje reist. Men dei er godt synlige i samfunnet, som mørke høgreiste, hardt arbeidande «haitianare», dei er afrikanarar med eige språk.

Ein historielærar stiler spørsmålet til kunstnaren: «Kvifor dreiv de slavehandel?» Svaret kjem ærleg. «Vi dreiv ingen slavehandel.» «Vi» er den gruppa som i dag utgjer folket, der så godt som alle har slektstavler som vitnar om voldtekt og slaveblod.

Pregar historia dette folket i alt dei føretek seg? Ein internettsurfar kunne opplyse at nettopp desse folka eit år toppa verdsstatistikken som «dei mest smilande».

Og det er ikkje eit kort-varande påtatt smil. Turistar i millionar strøymer til Republikken årleg. Sol, sandstrender og varme. For ein 10-dollar kan alle koma inn, og opphalda seg i årevis utan meir dokumentasjon.

I dag tek dei imot store folkemengder frå Venezuela, som har skusla bort oljerikdommen i korrupsjon.Dei har ikkje offentlige hjelpetiltak for innvandrarar, men dei har ein rivande vokster av nye kyrkjer, som tek ansvar der dei kan.

Korleis vert dominikanarane mottekne om dei vil utanlands? Dei treng Visum overalt. Nokre ressurssterke jenter, leiarar i det internasjonale studentarbeidet, IFES, hadde invitasjon til å delta på utdanningskurs for Mellom-Amerika, både Cuba og Panama avslo søknaden. Grunngjeving, ingen skriftleg, men mistanke om at dei var prostituerte.

Den nye nasjonale leiaren for IFES, farmasøyten Devora, skulle representere landet for «Unge Leiare» i Indonesia i august. For å koma dit, måtte ho ha mellomlanding og søke om Visum for å reise via Madrid. Ho venta i spenning i veker, dagen før konferansen kom svaret: Avslag.

«Skal eg koma vidare, må eg gløyma dette!» kom det stille frå henne, utan smilet.

Ser vi spor etter «overklasseherskaren» i dag? Så langt eg kjenner til, veldig lite, med eitt unntak: Universitetsprofessorane ved dei statlige universiteta. UASD stifta i 1538.

Det er grovt rekna 50.000 studentar med små økonomiske ressursar. Universitetslærarane er av dei høgaste lønna. Det forhindrar ikkje at dei streikar nesten kvart år. I vår var det seks veker.

I samtale med dei som nå har fått avgangsvitnemål, hadde alle brukt over 10 år på eit seks års studie, hardt arbeid, lange reiser. Topp resultat ved avlagte eksamenar. Ein matematikkar hadde brukt 14 år, og fyrst nå i august skal han få arbeidsplass.

Eg ber dei kommentere dette «professor-overgrepet».

Med eit smil kjem svaret: «Vi prøver å gløyme, gler oss over at vi nådde målet, og trur på framtida!»